fredag 28. mai 2010

Gratis prevensjon halverte aborttal

No har det kome ein studie frå SINTEF på oppdrag frå Helsetilysnet om at gratis prevensjon halverte aborttala i forsøkskommunane. Ein veit frå før at aborttala for dei under 20 år gjekk ned etter at ein innførte subsidiert prevensjon for denne gruppa.

Difor ville ein sjå om det hadde same verknad på gruppa 20-24 år. Det er den gruppa som i dag har høgast aborttal. Tromsø og Hamar har vore forsøkskommuner. De kan lesa om studien hjå NRK.

Ein av dei tinga denne studien viser tykkjer eg er at norske kvinner gjerne vil forbyggja å koma i den situasjonen at dei er uynskt gravide. I tillegg viser det at di meir tilgjengeleg prevensjon er di meir vert det brukt. I dette høvet med tanke på pris.

I Storbritannia har dei hatt gratis prevensjon for ungdom lenge, men det har diverre ikkje hatt den same effekten på aborttala. Det kan koma av at seksualundervisning ikkje er høgt nok prioritert.

No håper eg også det fører til at prevensjon vert gratis for alle. Ikkje minst at ein også sørger for gratis kondomer.

Kvinna som eigedom frå mann til mann

Den amerikanske skikken med at brura vert følg til alters av far sin for å overleverast til ektemannen er ganske ny. Dette er det vi får når vi ser så mange romantiske komedier frå USA.

Paradoksalt nok er det kyrkja som tar til motmæle overfor denne nye "tradisjonen" i etterkant av at dei i Sverige har hatt ein stor debatt sidan Victoria vil overleverast som ein blondepakke frå far til vordande ektemann.

Sjølvsagt er det heilt vanvittig å tenkja på at i eit samfunn har vorte meir likestilg og som nokre meiner er likestilt nok så held ein fast på slike kvinneundertrykkande "tradisjonar" som å ta etternamnet til mannen og hans familie eller å innføra denne gåveoverrekkinga. Snakk om å redusera kvinna til ei vare og eigedom.

At denne grove symbolikken berre vert avfeid med at kvinner veit kva dei vil i dag og dette er berre "tradisjonar" som er koselege og kun symbolske er irriterande. Spesielt når ein på same tid er i harnisk over undertrykkande tradisjonar frå andre kulturar som til dømes hijab.

onsdag 12. mai 2010

Som vanleg a close call når abortlova vart vedtatt

I Noreg vart lova vedteke med dobbeltstemma til presidenten i Odelstinget i 1978. Det var altså berre ei stemmes overvekt. Då abortlova vart vedteke i Spania i februar så var det med 132 av 262 moglege stemmer - altså med to stemmers overvekt.

Så marginale er altså sigrane når det gjeld vedtakstidspunktet, men sigeren for kvinner er absolutt. I tillegg endrar gjerne haldninga til abort seg hjå politikarane med åra. Du ville nok få eit betydeleg høgare fleirtal dersom ein skulle revotera den lova i Noreg i dag, men det skal vi heldigvis ikkje.

tirsdag 11. mai 2010

Heilt uråd å nå nokon på telefon

I stipendsøknadstider må eg seia at eg vert stadig meir forundra over framandgjeringa som nye media kan føra til. Både då eg skulle forsøka å få noko "rask" informasjon på eit par korte spørsmål om stipendsøknaden til helse vest og no til uib. Det finst faktisk ikkje noko telefonnr å ringa som fører til ein person. Helse vest ba rett nok om at folk sende mail og prøvde ikkje å innbilla oss at det finst eit telefonnr. Det førte til at det eg meinte var eit lite uformelt spørsmål endte opp med å verta formelt og tok 3 mnd å få svar på. No har eg til alt overmål forsøkt å ringa medisinsk fakultet i Bergen, men det er berre ein talepostkasse som seier eg kan leggja igjen eit spørsmål og så skal dei senda meg svaret på mail. Kva gir du meg?

Til alt overmål er det ganske vanskeleg å finna utlysinga av stipendiatstillingar. Dumme meg har jo trudd at medisinsk fakultet ville ha ei nyhendesak eller ein eller annan peikar på si nettside, men det er heilt feil. Det er ingen ting på deira sider som seier noko om at dei lyser ut stipendiatstillingar. Utlysinga finn du under uib sine "stilling ledig" der alle typer stillingar står på same side organisert på den måten at dei rykker oppover sida etter kvart som søknadsfristen nærmar seg. Eg måtte difor leita eit godt stykke ned på sida før eg fann utlysinga. Dette hadde kome til å gå meg hus forbi hadde ikkje nokon fanga opp at det sto i BT i helga. Eg har frekventert nettsida til medisinsk fakultet med jamne mellomrom for å sjå om dei snart lyser ut stipendiatstillingar - til inga nytte.

torsdag 6. mai 2010

Til hjelp for abortlova i Spania

Det viser seg at dokumentet til Kvinnefronten "Myten om det vanskelege valet" som eg skreiv i 1999 og som Blanca Chaves seinare omsette til spansk "El mito de la eleccion dificil" er hyppig brukt av feministar i Spania og andre spansktalande land.

Det er uturuleg hyggeleg å vita at det vi gjer her kan vera til nytte for andre. Spania er jo no i ferd med å få ei ny og god lov som innfører sjølvbestemt abort inntil 14 veke. Saka har passert i senatet og er no sendt tilbake til regjeringa som gjer dei siste i hovudsak formelle vedtaka.

Særleg har ei setning vore brukt av feministar i Spania, og Concha Munoz Jimenez som er leiar av eit feministisk paraplyfellesskap. Det er hyggeleg å sjå Kvinnefronten og seg sjølv referert.

Sitatet er: Hasta que se considere que tener un aborto es tan moralmente aceptable como usar la anticoncepción, las mujeres no habrán alcanzado completamente sus derechos reproductivos” 
"Før det vert sett på som like moralsk akseptablet å ta abort som å bruka prevensjon har ikkje kvinner oppnådd fulle reproduktive rettar."

onsdag 5. mai 2010

Modesty Blaise teiknaren er død

Teiknaren Peter O'Donnel som sto bak mi store teikneserieheltinne Modesty Blaise er død. Han vart 90 år så vi før tru han har hatt eit rikt og langt liv.

Eg er ikkje nokon stor samlar, men når det gjeld Modesty Blaise har eg faktisk ein komplett årgang av seriehefte. Til alt overmål betalte eg 600 kr for hefte nr 2 som er i stive permar. Det kjendest som ein stor seier og veldig ekstravagant då eg fann det og brukte 600 kr av mitt studiestipend på det heftet.

Det er sjølvsagt kult med ei sterk heltinne, men noko av det kulaste er hennar beinharde kamp mot prostitusjon - menneskehandel.

Takk for flott arbeid Peter O'Donnel.