søndag 21. desember 2008

Nesten heia Uruguay


Men diverre har dei ein skuffande president. Parlamentet i Uruguay vedtok ei lov som gjev rett til abort opp til veke 12. Ut frå det eg har sett tidlegare av lovforslaget som skulle fremjast så ville det ha vore ei lov ganske lik den norske. Der ein mellom anna skulle få rett til rimeleg tilgang til abort og betra tilgang til prevensjon og prevensjonsrettleiing. Eg har tidlegare besøk Liliana Abracinskas frå Mysu på Kvinnehuset i Montevideo. Dei har lagt ned mange års arbeid og gjort ein fantastisk jobb.

No har diverre presidenten Tabare Vasquez lagt ned veto mot lova med unnskyldning om at han er lege, til støtte frå den katolske kyrkja. Que cabron de hombre. Sjå VG her Sosialistpartiet som Vasquez tilhøyrer har sagt at dei skal sørga for at den neste presidentkandidaten deira skal arbeida for at lova vert innført. Abortforkjemparane rettar seg no mot det nye presidentvalet og kjem til å kjempa for at alle parti og presidentkanditatar tilkjennegjev kvar dei står. For meir info på spansk sjå her.

fredag 12. desember 2008

Glad for å finna ut kor mange hjelpsame folk eg kjenner og ikkje kjenner

Huhei kor det går og ikkje går. Reiser til NY i morgon og har gledd meg ei stund til det. Fyrste tur så absolutt ei novise på kombinert medisinsk læring og ferie. Alt var vel trudde eg til eg i går kveld oppdaga at eg jo ikkje har rett pass. Ein må nemleg ha elektronisk lesbart pass for å koma inn i junaiten. Helsikke, kva gjer ein med det? Ringte rundt til min sjef og andre tenkjbare flogvit som var veldig klåre på at eg var i deep shit. Med bilete i handa sto eg framfor passkontoret i 20 min før dei opna og kom fyrst i køen. Takk, takk, takk, til utruleg hjelpsame kvinner på passkontoret i Bergen som ringte rundt til politikammeret på Grønland i Oslo som skulle ha passet klårt same dag. Flyet mitt går kl 10.00 i morgon så det var heilt umogleg å få passet til Bergen i tide med post. I staden måtte eg skaffa nokon som kunne henta det mellom kl 14.00 og 14.30 då passkontoret stengte. Gode råd var dyre, kven kjenner eg eigentleg i Oslo. Mi veninne Astrid var jo opptatt nett då. Eg har ikkje tal på kor mange eg har konsultert, ringt svararen til osv. Min kjære bror meinte eg skulle ringa Frode, men der var det svarar, sjekka Facebook, er i Detroit. Tilbake til svigerinna mi som må reisa med fly kl 16, men som har mange forslag og lover bort ein kollega på jobb, men kanskje eg skal forsøka Kristin fyrst for ho bur på Grønland. Kjenner eg eigentleg Kristin godt nok? Er dette krise? Ja, det var krise, men der var det berre svarar. Ringer Astrid frå tida i NMU. Når snakka eg med Astrid sist? Veldig lenge sidan, men kjære vakre, vene Astrid er lutter velvilje og full av nye god forslag for ho er sjølvsagt også på jobb på gitte tidspunkt. Kvifor ikkje forsøka Noregs Mållag? Jo, dei er jo mine vener. Gro!!!!, men dei har kurs og svarer ikkje på tlf. Legg igjen melding. Får til slutt tak i mi veninne Astrid som sender kjærasten avgarde. Då har dei ringt og etterlyst meg til undervisning for sjukepleiaretterutdanninga. Skulle eg ikkje vore der for 15 min sidan? Vel, ikkje i følgje mail, men eg hiv meg rundt og ser at mobilen er nesten daud. Kaster meg inn i foredragssalen og ber tynt om ikkje læraren kan senda ein fax for meg, lettare kaotisk medan eg slenger av meg klede og opner presentasjonen. Pause, ringa Erik og sjekka om han har fått stadfestinga han treng for å henta passet. Ja, han har passet!!!!!!! No må eg berre ordna billett for å reisa til Oslo for å henta pass..... I tillegg rakk eg å få middagsbesøk av ei veninne heimafrå og instruera oppgangens nye trappevasker før medan eg pakka koffert og heiv meg avgarde til flyet. No sit eg i Oslo og skal stå opp tidleg for å reisa til Bergen og så til NY. Eg er ingen tøff bergensar som tør å senda passet mitt med ukjende velgjerarar på nattoget til Bergen. Sorry Liv, men elles mange gode forslag. NY here I come.

Er heilt ør over kor mange velvillige og hjelpsame folk eg har snakka med i dag - og studentane sa det hadde vore interessant så eg flyg med eller utan fly.

onsdag 10. desember 2008

Totalforbod mot abort i Nicaragua - ein dødsdom



Etter at Ortega har kome til makta har han fjerna den siste retten kvinner har hatt til abort. No har dei ikkje ein gong rett til abort når dei har ein graviditet utanfor livmora. Det er ein livstrugande tilstand og kan aldri føra til at fosteret utviklar seg. I tillegg har han i samarbeid med den katolske kyrkja lovfesta fosteret sin rett til liv.

Kvinner har altså vorte mindre verdt enn eit foster og dødsdømte. Ein veit allereie om dødsfall av di legar ikkje tør å trassa regjeringa og difor har latt kvinner dø.

Ni kvinner vert no rettsleg forfulgte av di dei i 2003 hjalp Rosita som budde i Costa Rica å få ein abort i Nicaragua. Ho var berre 9 år og hadde vorte valdtatt av det som seinare viser seg å vera stefar sin. I 2003 var det lovleg med terapeutisk abort i Nicaragua. Då Rosita var 11 år vart ho gravid på nytt og har født eit barn. Trass i at stefaren fyrst hevda at det var ein nabo som hadde valdtatt jenta så har han no vorte dømt til 30 års fengse.

Angrepet på dei ni kvinnene reknast som eit åtak på kvinners rett til å organisera seg og visa politisk motstand mot det sitjande styret. Dei ber om politisk støtte frå resten av verda. Her kan de skriva under på ein kampanje starta av Amnesty til støtte for dei nicaraguanske kvinnene.

tirsdag 9. desember 2008

Celebrando



Eg har hoppa og dansa heim frå jobb i dag der eg sat til kl 21:15 for å gjera ferdig min fyrste stooore forskningsartikkel no står det berre at å få godkjenning frå dei andre før den skal postast til British Journal of Obstetrics and Gyneacology (BJOG). Ein stor dag! Temaet er sjølvsagt medikamentell abort og denne gongen for dei som har svangerskapslengde 9-12 veker. Vi er jo litt stolte over å vera dei fyrste som tilbyr dette i Noreg og at det berre er 3 andre klinikkar i verda som har publisert noko på dette. 

Elles har eg fått offentleg takk for å fungera som hittegodskontor på side 3 i Dagbladet. Veldig hyggeleg Stein Aabø. Vi hadde ein veldig hyggeleg prat om eitt og hint på toget så ja, moralen er å snakka med dei du møter på din veg. Linken finn de her.

søndag 7. desember 2008

Mama mia - for eit julebord






Vi er no midt i julebordtida. For oss som arbeider i det offentlege har det i mange år vore ein heller mager affære. Eg elskar julemat - i alle fall i november/desember. Så langt har eg ete ein juletallerken på IKEA og lutefisk eit par gonger før eg kom meg på julebord. O du mektige julemat. 

Kvinneklinikken i Bergen er no inne i sitt tredje år med julebord - alt betalt av deltakarane sjølvsagt. Slik er det når ein har spaaaarekniven hengande over seg. Ein sjukepleiar her og ein sekretær der - snipp, snapp, snute og dei er ute. På ein kvinneklinikk er det magert med menn i rekkene både blant personalet og spesielt blant pasientane. Vi har sjølvsagt ein del menn som er med sine gravide kvinner. Det skal ein ikkje kimse av, og dei treng også omtanke, men vi har ikkje det same direkte ansvaret og dei er ikkje innskrivne som pasientar. Vel, mangelen på menn til tross vi har stooort julebord med ca 100 deltakarar - av dei var 11 menn (7 legar og 4 portørar). Så dei får bokstaveleg talt svingt seg. 

Sidan eg er resultat av eit elektivt keisarsnitt - og dermed pen (arr. komiteens smisking) så var eg "møteleiar". Stig Hill som derimot var ein pannepresentasjon (og alle som driv med fødselshjelp kan no nikka megetsigande) har vore gjennom ein manuell manøver og var så lite pen at han ikkje vart tatt bilete av før det hadde gått 3 veker.  Han var difor sjølvskriven til å halda damenes tale. Monsigneur Ekeli strippa seg fram til herrenes tale. 

Trass i eit fåtal av menn så klarte vi å produsera diverse rykte i løpet av kvelden og i alle fall eit nytt "par" koser seg over å ha vore med på rykteflommen. Dei har nok også søkt informasjon i Magasinets artikkel på laurdag om kvifor kvinner vil ha yngre menn. 

Mama mia - eg tisser på meg, er ikkje sjeldne ord på KKB, men aldri har eg høyrt dei av folk i paljettar og stas. Revygjengen nådde nye høgder.


onsdag 3. desember 2008

Mi vagina es mia





He, he, eg elskar dette enkle og illustrative bildet frå veggen på kontoret til CENDOC-Mujer i Lima. Den er min, og eg bestemmer kven den skal delast med. Heilt på sin plass for ein organisasjon som lagar radioprogram om seksuell vald. Programmet heiter Aguas Turbias Voces Claras her. Der finn du mellom anna nokre av programma. Til no har eg vore på lufta i to av radiokanalane. Siste gong var eg der som lege og forklarte kvifor valdtekne kvinner bør gå til lege og kva som skal sjekkast. Eit kjipt tema, men ikkje mindre viktig. 

mandag 1. desember 2008

Thailand, Tibet, Afghanistan?




Ja, kor har eg vore? Kor kunne eg kanskje vore og kor har eg så absolutt ikkje vore? 
Riktig, har vore i Thailand på ein annan konferanse i FOKUS sin regi. Absolutt noko av det artigaste eg har vore på. Ein utruleg stor breidde av norske organisasjonar som arbeider med kvinnespørsmål og kanskje endå breiare gruppe av partnerar. Her var vi alt frå kristne studenters forbund (eller noko slikt), husmorforbundet (ja, eg veit at de heiter kvinne og familieforbundet, men alle veit kven husmorforbundet er), norsk tibetansk foreining, Afghanistankomiteen og ja, Kvinnefronten. På partnersida kan ein jo nemna dei flotte jordmødrene og gynekologen frå Jalalabad i Afghanistan (det er der eg absolutt ikkje har vore sjølv om eg eigentleg skulle ha vore der, men eg fekk panikk ved tanken på å skulle verta skoten på veg over Kyberpasset i burka). Aller artigast var det nesten å møta dei tibetanske nonnene som kniste heile tida, var veldig opne, harmoniske og gjerne ville diskutera buddisme med oss andre inkjevetene. Og så må eg ikkje gløyme mine partnerar frå Coalition against trafficking in women frå Filipinene. 

onsdag 26. november 2008

Tejedoras de paz - fredsveverskene






Strålande forestilling og boklansering på Nobels fredsinstitutt. Her er linken til FOKUS sin presentasjon. Flott å sjå og snakka med damene frå Guatemala igjen. Ein vert både kald, stum, motlaus, stolt og motivert over å lesa intervjua med kvinnene. For dei av dykk som les spansk så kan de sjekka denne guatemaltekiske bloggen. Eg har lagt ved nokre bilete både frå lanseringa i la Ciudad de Guatemala og no i kveld frå Nobels fredsinstitutt. Rigoberta Menchu Tum har skrive forordet til boka.

mandag 24. november 2008

Au pair for å bøta på at mannen ikkje gjer jobben sin


Då har eg lest Mariya Bikovas masteroppgåve"A family member or a family servant? Why Norwegian families hire au pairs. A qualitative study" Her

Velskriven og spekka med informasjon. Godt jobba Mariya! 

Ho påpeiker også på det sørgelege faktum som vi jo veit at Noreg er eit mykje meir kjønnstradisjonelt samfunn enn vi liker å tru. Kvinnene tok ansvar for å skaffa au pair av di det er dei som orgniserer familen og hushaldet. Det var ikkje likestilling i arbeidet med hus og heim, dei berre set bort husarbeidet og barnepasset til au pairen i staden for å krevja at mannen tar sin del. 

Mariya kjem for å fortelja meir på Sanaa i Marken, måndag 1. desember kl 19. 


Årsmøtet er over


Då var årsmøtet i Kvinnefronten ferdig og vi reiser heim med mange nye idear og motivasjon. 15% medlemsauke det siste året er vel ikkje verst. Kvinnefronten i Bergen satsar på au pair/hushjelpas situasjon og sosial dumping. Det siste er for meg eit fagforeinings og politikarord som eg ikkje kan seia at eg har hatt mykje forhold til, men eg skal nok få sjansen til å bruka det igjen. Når nokre av oss lurer på om ikkje logoen kanskje treng litt "tidsriktig" endring og andre lurer på om namnet er heilt rett så er det i grunnen herleg at det er dei yngste som arbeider i reklamebransjen som tykkjer logoen er grei, stram og at så lenge ein ikkje har skjemt ut merkenamnet så bør ein ikkje skifta det. 

Har høyrt eit strålande Pippi-sitat: "Det har eg ikkje gjort før så det er eg sikker på at eg klarer".

Avslutta kvelden med internasjonal filmfestival og film frå Argentina. "Una semana solos" Dramaturgien var vel nærast ikkje-eksisterande. Det gjekk stort sett i eit tempo og det var ikkje over 50 km/t. Mange gode studier og samspel blant ungane utan at det vart sagt noko. "Alle" var forelska, men ingen gjensidig. Hm, eit litt vanleg problem......?

søndag 23. november 2008

Au pair - husjelpas retur




Å ha au pair er ein stadig aukande trend. Ikkje minst blant mine kollegaer. Det er jo utruleg deilig å ha nokon som kan gjera kvardagen litt enklare og meir fleksibel. Under eit eige forsvar om at ein hjelper kvinner som elles lever vanskelge liv i heimlandet og som treng pengane, har ein såleis skaffa seg billige hushjelper. Men kven er det dei hjelper? Det er trass alt dei sjølve. Ein aupair har ingen rettar som arbeidstakar av di ho (for det er helst ei ho) per definisjon ikkje er ein arbeidstakar, men ei kvinne på kulturutveksling. Ho har difor ingen sosiale rettar som svangerskapspengar etc. Derimot må ho betala skatt av "lommepenger" (det er det løna på minimum 3500 kr for 30 timar i veka heiter) og fordelen av å bu gratis. Dette reknast også til å vera verdt 3500 kr. Kor mykje vert det då att? Dei som har au pair er jo stort sett hyggelege, men at det å betala folk 7000 kr i månaden for 30 timar i veka er spesielt fair kan vel ingen påstå. Ikkje er det spesielt solidarisk mot kvinner frå fattige land heller. Dessutan lever dei på familiens nåde og er totalt prisgitte at dei kjem til greie folk. 

Ein kan trygt seia at eg er opprørt. Det er ingenting galt i å betala folk for å gjera husarbeid og ungepass, men alle fortener ei rettferdig løn og skikkelege arbeidsvilkår. Også om dei kjem frå den 3. verda. 

Det har vore ein strålande feminismekonferanse. 

Heia Nina Skranefjell som står bak.

Heia Guro og kompanjong i New Fashion Rockers for danskeunst/performance.

Heia LYD frå Arna.

Og ja Iffit eg skal lesa "Jasmin and stars - reading more than Lolita in Teheran".

lørdag 22. november 2008

Vinter i Bergen




Vinteren kom til Bergen og har vore der i to dagar. Det skaper kaos. Ingen har vinterdekk så bilane sniglar seg avgarde og skjeglar frå side til side. Det går omlag like raskt å gå så er det vits i å setja liv og karosseri i fare? Flybussen brukte 45 minutt og alle fly hadde fått ny tid. Kvar var det no vi hadde den snøplogen? Det er noko nesten eksotisk over snø i Bergen så det er jo jævt. 

Er i Oslo for å gå på Feminismefestival på Litteraturhuset. Hjerne påfyll.

torsdag 20. november 2008

Jippi, vi vann med 44 mot 28 stemmer


Etter gjentatte krav frå mitt kjære syskenbarn Brita så er eg altså igang. Ho meinte at dette skulle vera min Osterøy/Tysse blogg med nytt frå det landlege livet, men det kan vel kanskje vera meir enn det. Til trass for utallege samtalar på butikken til Tyen på kaien og gleda over å skue ut over sau og blodbøken så skjer det i grunnen ein god del i byen også for ikkje å snakk om den vide verda. 

FEIR, FEIR, FEIR!
I kveld vart den nye sexkjøpslova vedteken med 44 mot 28 stemmer. Det er noko som skal feirast fleire dagar til endes. 

I dag skal eg ikkje lenger irritera meg over akademikarane si tru på at dei ikkje er politiske medspelarar i debatten. I eit intervjuet i Dagbladet snakkar ikkje Skilbreid og Esohe Aghatise frå Nigeria same språk. Skilbreid har også ei anna verkelegheit enn det som visast i filmen "Grace" av Hubert Dubois. 
Men dette skal eg altså ikkje tenkja på i dag. 

I staden skal eg gå vidare med å skriva ei fråsegn til årsmøtet i Kvinnefronten. Det skal vera ein støtte til dei kvinneaktivistane i Nicaragua som no er tatt inn til rettsleg avhøyr av di dei har hjelpt ei tenåringsjente som var valdtatt til å ta ein sokalla terapeutisk abort. Terapeutisk abort har vore tillatt i Nicaragua i mange årtier, men har no etter at Ortega kom til makten vorte gjort om til eit totalforbod. I staden har dei vedtatt eit totalt rettsvern for fosteret slik at foster har større rett til liv enn kvinner. Ikkje ein gong i dei høvene der kvinna har ein graviditet utanfor livmora noko som i dei fleste tilfelle er livstrugande og aldri kan verta til eit levande barn, har ho rett til svangerskapsavbrot. Det tyder at ho er dødsdømt. Kvinneaktivistane hevdar berre sin borgarrett til å uttala seg politisk og aksjonera mot den kvinnefiendtlege politikken til regimet. Rettsforfølginga er soleis eit åtak på organisasjonsfridomen.