Viser innlegg med etiketten kunst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunst. Vis alle innlegg
søndag 15. april 2012
Kunst til kamp mot kjønnsleppekirurgi
Dette kunstprosjektet må vera eit av dei flottaste på lenge. Eg skulle i alle fall gjerna ha sett det. Ein skulptur med 400 gipsavtrykk av ulike vulvaer med mål om å visa kvinner og menn korleis ein vulva verkeleg ser ut og med det gå til åtak på kjønnsleppekirurgien.
Som gynekolog møtet eg av og til kvinner som meiner dei har for store kjønnslepper. Dei er alle sjølvsagt heilt normale å sjå til. Eg har skrive om dette tidlegare Plagsame kjønnslepper der eg mellom anna kritiserer NRK for å visa programmet "Pinlege sjukdomar" som opererer på friske kjønnslepper og understøtter vrangforestillinga om at kjønnslepper skal vera under ein viss storleik. I tillegg har eg vist til kvinde kjenn din kropp og kussomaten som har hatt same agenda som denne utstillinga ved å ta bilete av vanlege underliv.
Bladet Alt for damene har skrive ein artikkel om intimkirurgi med bakgrunn i denne utstillinga. Eg finn det i grunnen litt sjokkerande at ein skal behandla folks dårlege sjølvbilete ved å kutta i underlivet deira. I staden er dette kulturprosjektet som tar opp kampen mot pornonormifiseringa av underlivet som utgangspunkt for kunnskap om kva som er normalt.
Etiketter:
feminisme,
helse,
kropp,
kunst,
reproductive health,
reproduktiv helse
torsdag 6. januar 2011
Lost kingdoms of Africa
Med ei lita jente fødd i Addis Abeba i huset så vert ein jo litt meir enn gjennomsnittleg interessert i Etiopia og tar i mot tips om gode bøker og filmar derifrå. Gjennom ei adopsjonsnettside fekk eg tips om denne serien laga av BBC.
Lost kingdoms of Africa der ein av episodane er frå Etiopia. Det er verkeleg imponerande arkitektonisk historie som vert vist i tillegg til flotte naturbilder, og for dei som er interesserte i det eit forsøk på å finna ut om dei etiopiske kongane nedstammer frå dronninga av Saba.
Sidan eg måtte til you tube for å finna programmet så kjem det i 6 delar, og no skal de få dela det med meg.
With a little daughter born in Addis Abeba I am more than generally interested in Ethiopia. Through an adoption network I found this program made by BBC. It shows an impressive architectural history, majestic nature and for those interested tries to find out if the story that the Ethiopian kings were descendents of the queen of Sheba is true.
Lost kingdoms of Africa der ein av episodane er frå Etiopia. Det er verkeleg imponerande arkitektonisk historie som vert vist i tillegg til flotte naturbilder, og for dei som er interesserte i det eit forsøk på å finna ut om dei etiopiske kongane nedstammer frå dronninga av Saba.
Sidan eg måtte til you tube for å finna programmet så kjem det i 6 delar, og no skal de få dela det med meg.
With a little daughter born in Addis Abeba I am more than generally interested in Ethiopia. Through an adoption network I found this program made by BBC. It shows an impressive architectural history, majestic nature and for those interested tries to find out if the story that the Ethiopian kings were descendents of the queen of Sheba is true.
mandag 27. juli 2009
Addis Abeba
Det har vore stille her på bloggen min i nokre veker. Grunnen er at eg har vore i Addis, Etiopia og henta dotter mi på 14 mnd. Verdas herlegaste skapning sjølvsagt som vekker meg kl 6. Det er ikkje noko problem å vakna kl 6 når ein har godt selskap og har lagt seg i skapeleg tid, men det er merkeleg å ta seg i å ville ringa offentlege kontor kl 07.30 av di ein tykkjer ein har vore oppe lenge og er klår for å gå ut.
Vi var i Addis i 12 dagar og skulle jo få tida til å gå innimellom slaga som nybakt mor. Det var regntid og ikkje så verst kjøleg medan vi var der så det var ikkje alltid så mykje å henga ute etter.
Etter at eg vart matforgifta på 2. dag så har vi vel eigentleg berre ete på 3 ulike restaurantar som alle var gode og ulike. Vi var nok aller mest på Family Restaurant som hadde lokaler både i Debre Zeit og i Addis. Her får ein amerikansk og texmex mat. KJærkome for sarte magar som helst vil ha kjende smakar.
Elles åt vi på Makush som også er eit galleri. Her kjøpte eg eit foto av ei ung jente frå Hadar-stammen. Kraftfull jente som signaliserer "don't mess with me".
Vi åt også på Finefin som er ein ærverdig gamal etiopisk restaurant. Finefin er eit anna namn på Addis og folk frå Oromo-regionen kan visstnok ofta seia at dei skal til Finefin når dei meiner dei skal til Addis.
All transport innad i Addis vart skjøtta av vår eminente og koselege sjåfør Zewdu som er frå Amara-regionen. Når vi spurte kor gamal han er så visste han ikkje det sikkert. Han er ein stad mellom 30-35 sannsynlegvis, men det er ikkje så mange i Etiopia som har oversikt over alderen sin. Han losa oss i alle fall trygt gjennom byen på til dels dårlege vegar i ein gamal rusten Lada. Han var også vår store guide som fortalde oss kvar vi burde gå og kva vi burde sjå.
Min favoritt når det gjeld museum er heilt klårt etnografisk museum. Dei hadde ei strålande utstilling bygd opp etter livssyklusen som tema. Elles var vi sjølvsagt og såg Lucy
Vi møtte også våre vener i Inter African Committee (IAC) som de finn oppe til vinstre på bloggen min. Dei arbeider mot "harmfull practices" og er vel mest kjend for jobben mot kjønnslemlesting. Den jobben har dei halde på med i 25 år og har laga eit nettverk som inkluderer 28 land tvers over Afrika der kjønnslemlesting eksisterer. All mogleg honnør til dei.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

