Viser innlegg med etiketten reproduktiv helse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reproduktiv helse. Vis alle innlegg
søndag 15. april 2012
Kunst til kamp mot kjønnsleppekirurgi
Dette kunstprosjektet må vera eit av dei flottaste på lenge. Eg skulle i alle fall gjerna ha sett det. Ein skulptur med 400 gipsavtrykk av ulike vulvaer med mål om å visa kvinner og menn korleis ein vulva verkeleg ser ut og med det gå til åtak på kjønnsleppekirurgien.
Som gynekolog møtet eg av og til kvinner som meiner dei har for store kjønnslepper. Dei er alle sjølvsagt heilt normale å sjå til. Eg har skrive om dette tidlegare Plagsame kjønnslepper der eg mellom anna kritiserer NRK for å visa programmet "Pinlege sjukdomar" som opererer på friske kjønnslepper og understøtter vrangforestillinga om at kjønnslepper skal vera under ein viss storleik. I tillegg har eg vist til kvinde kjenn din kropp og kussomaten som har hatt same agenda som denne utstillinga ved å ta bilete av vanlege underliv.
Bladet Alt for damene har skrive ein artikkel om intimkirurgi med bakgrunn i denne utstillinga. Eg finn det i grunnen litt sjokkerande at ein skal behandla folks dårlege sjølvbilete ved å kutta i underlivet deira. I staden er dette kulturprosjektet som tar opp kampen mot pornonormifiseringa av underlivet som utgangspunkt for kunnskap om kva som er normalt.
Etiketter:
feminisme,
helse,
kropp,
kunst,
reproductive health,
reproduktiv helse
søndag 8. april 2012
Tøff australsk gynekolog set jobb på spel for kvinners rettar
Adrienne Freeman er australsk og gynekolog i Brisbane. Ho har vore lege sidan 1972 og gynekolog sidan 1982. I 2010 annonserte ho at ho ville opna ei nettside som ga informasjon om korleis å utføra medikamentell abort heime.
"The website simply makes already published knowledge available in one place - particularly for women in remote and regional areas, where there is nowhere for them to turn to."
Dette var som ein reaksjon på at ei ung kvinne Tegan Leach på 20 år i Cairns vart stevna og måtte for retten under påstanden om at ho hadde forsøkt å framskunda sin eigen spontanabort ved hjelp av misoprostol som ho skulle ha importert frå Ukraina. Dei vart heldigvis frikjende.
Så vidt ein veit er det einaste tilfellet der nokon har vorte tiltalt for brot på abortlova i Queensland som er frå 1899. Ein treng ikkje å vera gravid for å verta tiltalt i følge denne lova. Sjekk Pro Choice QLD for meir info om abortlova i Queensland som er den eldste i Australia og arbeidet for å endra den. Tilgangen til abort er god for dei som har pengar og bur i sentrale strok. Det er stort sett private klinikkar som utfører abort. Berre 1% vert utført innafor det offentlege helsevesenet. Prisane varierer mykje frå 400 AUD (2400 NOK) og oppover.
abortion is understoodDå ho starta nettstaden var ho også under tiltale for i2003 å ha hjelpt ei kvinne i prostitusjon til å utøfra ein medikamentell abort i 19 veke heime.
to be legal if it is performed a) to save
a woman’s life, or b) to prevent serious
harm to her physical or mental health.
It should be noted that rape, incest and
the diagnosis of severe fetal anomaly
are not grounds for a legal abortion
in Queensland, except insofar as the
threat they pose to a woman’s mental or
physical health.2 Neither are exceptions
granted for economic or social reasons,
despite these exceptions existing in other
Australian states.
Det er uvisst for meg om nettsida til Adrienne Freeman i det heile fekk sjansen til å vera oppe over lengre tid. Den er ikkje å finna no. I staden finn ein andre sider med tilnærma same tittel som gir grovt missleiande og usann informasjon om medikamentell abort.
No er ho under åtak frå regionale myndigheiter som trugar med å forby ho å praktisera som lege under påstand om at ho som helsepersonell har kome med informasjon ho ikkje har vitsakpleg dekning for.
The Board alleges Dr Freeman engaged in professional misconduct or unprofessional conduct in posting certain material on the website... "(The Board) alleges Dr Freeman presented the material as expert medical advice, without referring to relevant professional guidelines."Det har enno ikkje fallt dom i saka.
Adrienne Freeman er eit godt døme på helsepersonell som set sin eigen jobb og omdøme på spel for å trygga kvinner sine rettar.
For meir informasjon om abort i Queensland kan de sjekka Children by choice.
Etiketter:
abort,
abortion,
Australia,
Globalt,
kvinnehelse,
lege,
reproductive health,
reproduktiv helse,
svangerskap
mandag 23. mai 2011
Lykke, familie, myter, reproduksjon, sosialt eller genetisk
Ja, kva kjem fyrst og sist? Kva som er mogleg er i alle fall i stor endring. Ny teknologi gir oss høve både til å avgrensa reproduksjonen og strekka den ut over det såkalla "naturlege" der mann og kvinne har samleie og vert gravide. Påstanden til Hrdy om at det er seksualdrifta som er drivkrafta bak reproduksjonen får ikkje lenger same tyding i moderne tid. Ein annan ting er om det eigentleg har vore slik i tidlegare tider. Makt, pengar, status, tradisjon har vel alltid vore viktig for kven som har slått seg saman, gifta seg og så fått barn. Den romantiske kjærleiken er jo ganske ny som drivkraft bak ekteskapet. Rett nok har DNA-testar vist at det er fleire enn ein trur som har ein genetisk anna far enn den dei sosialt sett har.
Ein annan ting er at det er veldig greit for reproduksjonen at det stort sett er så lystbetont å laga barn på naturmåten. For fødselen i andre enden opplevest nok heller som noko ein berre må igjennom, og nokre vert så skremt av den opplevinga at det drøyer lenge før neste svangerskap.
Morsynske heng heller ikkje alltid saman med morskjærleik. Det fyrste ein ofte kjenner på når ein får barn er eit stort ansvar og beskytterinstinkt. Kjærleiken er noko ein ofte veks på seg når sjokket over det nye tilværet har lagt seg, og minnet om det gamle livet vert fjernare. Samtidig som ein kan vera takknemleg og glad for alt det nye som har skjedd. Det er også ein auka risiko for depresjon etter fødsel - Wikipedia og ein studie frå Danmark som viser auka risiko etter fødsel, men ikkje risiko psykisk sjukdom etter abort.
Har nett kost meg med artikkelen i Klassekampen frå 21.05.11 "Drømmen om egne barn". Orginalartikkelen er å finna i danske Informationen. Her heiter den litt meir polemisk "Når celler mødes, og rgitige mennesker opstår".
Både politikk, økonomi og sosiale forventningar virkar inn på tankane våre kring reproduksjon. På 70-talet var den norske trenden å få 2 barn, no ser det ut til at trenden heller mot å få 3 barn.
Det er ikkje alltid lett å velja noko anna enn det majoriteten representerer. Mindre enn to og fleire enn fire barn (i Noreg) treng ei "forklaring". At nokon faktisk vel å ikkje få barn vert møtt med misstru - mange trur at dei eigentleg ikkje kan få og kanskje ikkje er ærlege med seg sjølv. Med ein trend i USA der 1/5 kvinner vel å ikkje få barn vil kanskje denne misstrua forsvinna fordi det vert relativt vanleg. Å velja å få berre eitt barn er også forbunde med misstru og sett på som egoistisk. Får ein derimot fleire enn fire så vil mange sjå på det som uansvarleg. (Vel, dette er altså ikkje mi oppfatting, men litt kjensla ein får i diskusjonar kring reproduksjon).
Som einsleg adoptivmor som har vald det i staden for å reisa til Danmark for å fertiliserast så framstår det som absurd at morskjærleiken eg føler skulle kjennast anleis ut dersom eg hadde født mitt genetiske barn i staden.
Men at det å testa ut fertiliteten sin for så å oppdaga at han ikkje innfrir er nok tøft. Ein ting er at det strir mot kjensla ein har av å vera fullverdig mann eller kvinne, men i tillegg har ein brukt ganske mykje tid, håp og krefter på eit prosjekt som ikkje innfrir. Hugser godt presentasjonsrunden på det adopsjonsførebuande kurset eg var på der folk i tillegg til namn, bustad, yrke sa "vi har tre forsøk", "vi har 5 forsøk" etc. Det tok litt tid før eg skjøna at det sjølvsagt var IVF-forsøk det dreide seg om.
Ein annan ting er kor misslukka eg kjende meg då eg starta adopsjonsprosessen - ikkje av di eg skulle adoptera, men av di eg var åleine. Samfunnsforventningane er jo også at ein skal vera to. Det hjalp ikkje at andre tykte eg var tøff. Fyrst etter at eg hadde fått tildelinga var eg udelt stolt over å skulle verta mor, og dreit i om eg var åleine eller ikkje.
tirsdag 22. februar 2011
Abortion in Zambia vs Norway
"A comparative study of the accessability of induced elective abortion in Zambia and Norway"
I have been sent the link of a student essay from the College of Nursing in Sogn og Fjordane. The student Caren Chizuni is originally from Zambia and compers the access, laws, treatment etc of abortion in Zambia and Norway. It is interesting reading. This is a link to the essay.
torsdag 17. februar 2011
Nytt tidsskrift om abort ute på nettet/New journal on abortion available
Red de Salud Latin America (Latin Amerikanske kvinners helsenettverk) har eit tidsskrift ute om abortsituasjonen i Latin-Amerika. Det er mogleg å få tidsskriftet både på engelsk og spansk. Linken eg har lagt til er den engelske versjonen. Dei har artiklar som feministane sitt syn på abort opp gjennom historia i Chile, terapeutisk abort, abort hotlines etc. Kontoret deira er i Chile, men i styret sit det representantar frå fleire Latin-Amerikanske land.
Latin-Amerika er ein av dei delane av verda der abortsituasjonen er vanskelegast. Den katolske kyrkja står sterkt og det er vanskeleg å utvida den legale tilgangen til abort. Mange av landa her har eit relativt godt helsevesen som gjer at mødredød ikkje på langt nær er så høg som i ein del afrikanske land, men i staden utgjer abort ein større andel av mødredød. Heldigvis har mødredød på bakgrunn av utrygge abortar gått ned i regionen. Det trur ein skuldast tilgangen til misoprostol.
Have a look at this new journal that came out from the Latin American and Caribbean women's health network. This issue is all on abortion.
torsdag 18. november 2010
Den nye abortlova i Spania/ The new law on abortion in Spain
Spania har som eg har skrive tidlegare vedtatt ei ny abortlov som gjer at ein no har sjølvbestemt abort opp til 14 svangerskapsveker i Spania. Lova er frå 3. mars i år og trådte i kraft 4. juli.
Det finst frå 1997 30 offisielt akrediterte abortklinikkar ACAI (asociacion de clinicas acreditadas para la interrupcion del embarazo) i Spania i 23 byar og 12 comunidades. Så og seia alle abortar har vorte utført her og ikkje på dei offentlege sjukehusa opp til no. Det ser også ut til at det framleis vil vera desse klinikkane og ikkje dei offentlege sjukehusa som kjem til å tilby dette inngrepet.
Etter at den nye lova kom får no klinikkane refundert kostnadane sine frå staten slik at kvinner som søker abort ikkje lenger treng å betala for dette. Det er nok her den største praktiske sklinaden ligg for kvinner generelt. Det har ikkje vore vanskeleg å få abort i Spania tidlegare, men ein har vore nødt til å betala for det. Dei ulike autonomia behandlar kvinnene og klinikkane ulikt i forhold til kor raske dei er med å refundera pengane, og klinikkane er framleis usikre på korleis alt vil gå seg til og organiserast. Det er nokre autonomi som er meir interesserte i å stikka kjeppar i hjula enn andre.
Tidlegare hadde ein ikkje noko øvre tak i antal veker på å ta abort. I den nye lova derimot set ein eit tak på 22 veker så lenge det ikkje er snakk om fare for kvinna sitt liv. Spania har fram til no vore eit av dei landa der ein har kunna reist frå andre delar av Europa dersom ein treng ein seinabort. Det er uvisst i kva grad dei no kan tilby dette.
Lova seier også at dei må ha ein tenkepause på 3 dagar frå obligatorisk informasjon om inngrep, tilbod til nybakte mødre etc er gitt. Ein slags pålagt angreperiode og tvangsinformasjon. Dersom kvinna er nødt til å reisa eit lite stykke og forsøker å gjera abort skjult frå dei rundt ho er dette ei ekstra belastning og kan føra til meirkostnader. Det er mellom anna enklare og billigare å ordna seg fri ein dag og reisa enn to.
Uansett er sjølvsagt lova eit framsteg og innehar positive og negative sider i forhold til mellom anna den norske lova. Det viktige er at lova erkjenner og stadfester at det er kvinna sjølv og ingen andre som skal bestemma om ho skal avbryta svangerskapet eller ikkje.
As I have also written earlier Spain has now from March 3. 2010 a new law on abortion that permits abortion on request up to 14 weeks. There are 30 officialy accredited clinics in 23 cities and 12 comunitees that has offered abortion up until now. It seems like abortions will still be a procedure undertaken by these clinicsa and not the governemental hospitals. The big change is that the cost of the abrtion will now be refunded from the government through the authorities in the different autonomies to the clinics rather than the woman having to pay for her treatment. This is of course an important change that will make abortion more accessible to women of all classes. An unfortunate clausule in the law is that the women have are obliged to recieve information on what kind of help they can get as mothers and they have to wait for at least 3 days from this information is given until they can go through with the abortion. For somebody who needs to find time off, travel and don't want anybody to know this is an extra obstacle as it is harder to do it twice than only one day.
The old law didn't have any restrictions as to gestational age for having an abortion but now there has been given an upper limit of 22 weeks except for the cases when the woman's life is at risk. Due to the old law Spain has been one of the few places in Europe where you could go to have a late abortion and one is not sure what will happen now.
Any way this new law is a huge step forward securing women's rights to control their own bodies and to make their own decisions without the control of others.

prevensjon,
reproductive health,
reproduktiv helse,
Spania,
svangerskap
mandag 25. oktober 2010
Abortkonferanse/Abortion conference
Her møtest representantar frå alle dei organisasjonane som de finn nettsidene til i spalta ved sida av; BPAS, IPAS, ICMA, Guttmacher, Women on waves etc.
Det er ikkje berre abort som er temaet, men reproduktiv helse som til dømes prevensjon og seksualundervisning er også inkludert. Desse emna har alltid gått hand i hand med spørsmålet om svangerskapsavbrot.
Grunna dei røffe daglege arbeidsforholda til ein del av deltakarane vert det ei spesiell samhaldskjensle som ein ikkje møter på vanlege medisinske konferansar. Det er ikkje berre den reine medisinske sida ved reproduktiv helse som vert diskutert, men korleis skal ein auka tilgangen på abort for fleire kvinner og på det viset sikra god kvinnehelse og redusera mødredødelegheit. Med min bakgrunn som feminist er dette sjølvsagt ganske kjærkoment.
Denne gongen har eg vore i Sevilla på FIAPAC (International Federation of Professional abortion and Contraception Associates) sin konferanse. Den er kvart anna år og samla nesten 600 deltakarar frå over 50 land.
Som vanleg kjem eg heim med endå fleire idear, kontakter og pågangsmot. I tillegg er det ganske mange av oss som er gjengangerar så det er her godtfolk møtest, og det er jo triveleg i seg sjølv.
Abortion conferences are not like general medical conferences. And when I say abortion conferences I am of course talking about pro choice and reproductive health. The attendants are a wonderful mixture of medical personnel, lawyers, journalists, social sciences, activists etc. We don't only discuss the medical side of reproductive health but also how to increase access to secure women's health and reduce maternal mortality. Being a feminist activist as well as a medical doctor I of course feel most at home in these settings. There is a sense of solidarity that you don't find at other medical conferences.
These are the conferences where representatives from all those associations you see listed in the adjacent column meet, and we are quite a group who tend to show up repeatedly something which also makes it enjoyable.
This time I was at the FIAPAC conference in Sevilla. FIAPAC holds a conference every two year somewhere in Europe. We were next to 600 people from more than 50 countries.
Etiketter:
abort,
abortion,
conference,
contraception,
feminisme,
Globalt,
Internasjonale vener,
konferanse,
kvinnehelse,
prevensjon,
reproductive health,
reproduktiv helse,
svangerskap,
USA
Abonner på:
Innlegg (Atom)