lørdag 28. mars 2009

Prinsesser og deira redningsmenn



Har vore på Barnas hus i Teatergarderoben i dag. Der kler barn seg ut og saman lagar dei ei dramatisering med litt rettleiing av ein vaksen. Nokre barn er sjølvsagt meir husvarme, ekstroverte og deltakande enn andre, men fleirtalet deltok. Her var det dragar, slemme hekser, slott, skattar, skattekart osv. Målet med forteljinga utkrystalliserte seg til å vera å berga to prinsesser.

Kvifor er det alltid prinsesser som skal bergast? Når treng ikkje ein prins litt bergingshjelp? Kjende plutseleg ein liten smule irritasjon der. Dei to prinsessene sat fanga i eit hjørne medan dei andre måtte gjennom farefulle strabasar over rare, gyngande bruer, tur med dragar og vindar i kampen mot hekser og dess like for å finne skatten som skulle berge prinsessene. Så der sat det då på nytt to "forsvarslause" kvinner, passivt og gjekk glipp av moroa.

Den einaste trøysta var at eit par jenter var løver og tigrar som hjalp til i bergingsaksjonen saman med eit par Alice i Eventyrland-kopiar og ein drøss av riddarar. Ganske tradisjonelle kjønnsrollemønster. Ingen kvinnelege riddarar som eg kunne sjå.

Men gøy var det - i alle fall for dei som slapp å vera prinsesser!