Viser innlegg med etiketten abort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten abort. Vis alle innlegg

søndag 8. april 2012

Tøff australsk gynekolog set jobb på spel for kvinners rettar



Adrienne Freeman er australsk og gynekolog i Brisbane. Ho har vore lege sidan 1972 og gynekolog sidan 1982. I 2010 annonserte ho at ho ville opna ei nettside som ga informasjon om korleis å utføra medikamentell abort heime.

"The website simply makes already published knowledge available in one place - particularly for women in remote and regional areas, where there is nowhere for them to turn to."

Dette var som ein reaksjon på at ei ung kvinne Tegan Leach på 20 år i Cairns vart stevna og måtte for retten under påstanden om at ho hadde forsøkt å framskunda sin eigen spontanabort ved hjelp av misoprostol som ho skulle ha importert frå Ukraina. Dei vart heldigvis frikjende.



Så vidt ein veit er det einaste tilfellet der nokon har vorte tiltalt for brot på abortlova i Queensland som er frå 1899. Ein treng ikkje å vera gravid for å verta tiltalt i følge denne lova. Sjekk Pro Choice QLD for meir info om abortlova i Queensland som er den eldste i Australia og arbeidet for å endra den. Tilgangen til abort er god for dei som har pengar og bur i sentrale strok. Det er stort sett private klinikkar som utfører abort. Berre 1% vert utført innafor det offentlege helsevesenet. Prisane varierer mykje frå 400 AUD (2400 NOK) og oppover.

abortion is understood
to be legal if it is performed a) to save
a woman’s life, or b) to prevent serious
harm to her physical or mental health.
It should be noted that rape, incest and
the diagnosis of severe fetal anomaly
are not grounds for a legal abortion
in Queensland, except insofar as the
threat they pose to a woman’s mental or
physical health.2 Neither are exceptions
granted for economic or social reasons,
despite these exceptions existing in other
Australian states.
Då ho starta nettstaden var ho også under tiltale for i2003 å ha hjelpt ei kvinne i prostitusjon til å utøfra ein medikamentell abort i 19 veke heime. 

Det er uvisst for meg om nettsida til Adrienne Freeman i det heile fekk sjansen til å vera oppe over lengre tid. Den er ikkje å finna no. I staden finn ein andre sider med tilnærma same tittel som gir grovt missleiande og usann informasjon om medikamentell abort.

No er ho under åtak frå regionale myndigheiter som trugar med å forby ho å praktisera som lege under påstand om at ho som helsepersonell har kome med informasjon ho ikkje har vitsakpleg dekning for.

The Board alleges Dr Freeman engaged in professional misconduct or unprofessional conduct in posting certain material on the website... "(The Board) alleges Dr Freeman presented the material as expert medical advice, without referring to relevant professional guidelines." 
Det har enno ikkje fallt dom i saka.

Adrienne Freeman er eit godt døme på helsepersonell som set sin eigen jobb og omdøme på spel for å trygga kvinner sine rettar.

For meir informasjon om abort i Queensland kan de sjekka Children by choice.





onsdag 4. april 2012

Nye sjansar for sjølvbestemt abort i Uruguay

I 2008 vedtok både senatet og camera de los diputados (eg har ikkje omsetjinga) å lovebestemma sjølvbestemt abort i Uruguay, men dåverande president nytta vetoretten sin og sørga med det for å stogga lova. I 2010 var det nytt val og ein fekk ein ny president José Mujica som har lova å ikkje nytta vetoretten sin dersom lova vert godkjend i båe kammer på nytt. 27 desember 2011 godkjende senatet lova og i desse dagar skal lova opp til vedtak i camera de los diputados.  63% av befolkninga er for lova om sjølvbestemt abort så no krysser vi fingrane.

Ein antar at det vert utført ca 30000 illegale abortar i året i Uruguay og berre mellom 28. februar og 19. mars veit ein om to dødsfall på bakgrunn av utrygge abortar.

Forkjemparane i Uruguay har jobba systematisk og godt i mange år. All honør til dei.


fredag 13. januar 2012

Papirlause har også rett til abort

Både sjokkerande og bra nytt å lesa i Aftenposten i dag. Det sjokkerande er at Ullevål nekta ei papirlaus kvinne som var gravid i veke 8-9 ein abort dersom ho ikkje betalte på førehand. Dei rekna ikkje behandlinga som å vera augeblikkeleg hjelp og såg seg difor ikkje forplikta til å hjelpa ho. Helsesenteret for papirlause som tilviste ho klaga dette inn for fylkeslege/Helsetilsyn som heldigvis seier at Ullevål ikkje hadde rett til å nekta kvinna abort.

Kvinna fekk abort ved Akershus universitetssykehus så ho fekk i alle fall den hjelpa ho skulle.

Konklusjonen til Helsetilsynet er:
- Helsetilsynet viser til den såkalte prioriteringsforskriften hvor det står at ”hvis vurderingen av pasienten tilsier at behandling bør gis innen tre uker, har pasienten rett til behandling”. Oslo universitetssykehus har rett i at pasienter uten lovlig opphold i landet – som hovedregel – selv skal dekke kostnadene ved behandlingen.
- Det er imidlertid etter gjeldende praksis ikke anledning til å kreve betaling for ”øyeblikkelig hjelp” eller "helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten som ikke kan vente”, sier fylkeslege Petter Schou.

Det skulle då tyda at alle som er gravide og som oppheld seg i Noreg har rett til gratis abort innan 12. veke.

Takk til Helsetilsynet og AHUS. Ullevål (OUS) burde skamma seg.

lørdag 26. november 2011

Norske medisinstudentars haldningar til abort

Medisinstudentane Gunn Helen Hagen og Christine Ødegaard Hage har gjort ein studie blant 1. års og 4./5. års-studentane ved dei fire medisinske fakulteta. Dette er publisert i Tidsskriftet for Den norske Legeforening. Funna viser at dei fleste er for sjølvbestemt abort. Studentane i Trondheim er mest liberale blant 1. årsstudentane (93,5%), medan studentane i Bergen har størst endring frå 1. til 4./5. år (77,7%-92,6%). På alle fakulteta auker andelen som er positive i løpet av studietida (84,7%-91,3%). Jentene er meir positive enn gutane 89,8% mot 83,0%.

Artikkelen viser til at dette er høgare enn i heile den norske befolkninga der andelen som er positive til abort er 76%.

Det overraskande er andelen som kunne tenkja seg å bruka reservasjonsretten 27,3%.

Nedanfor finn de hovudbodskapa til studien.

 

Hovedbudskap

  • De fleste medisinstudenter er for selvbestemt abort
  • Andelen som er tilhengere av selvbestemt abort, er høyere på slutten av studiet enn i starten
  • En betydelig andel av medisinstudentene kunne tenke seg å bruke retten til å reservere seg mot å delta i abortinngrep
  • De fleste medisinstudenter ønsker anledning til å se et inngrep under studiet

tirsdag 22. november 2011

Tilfeldige, psitive funn/A sudden positive finding

Det er utruleg kva ein kan finna ved hjelp av google. Denne gongen sat eg og leita etter illustrasjonar til den norske abortlova og så dukka denne flotte amerikanske bloggen om reproduktive rettar opp. Her finn de ein kommentar og samanlikning mellom den norske og den amerikanske situasjonen.

Lite blogging frå mi side for tida, men eg håper på betre tider. Uansett håper eg at de som snublar innom har glede av linkane til ulike nettstader som omhandlar abort og reproduktive rettar.

It is increadible what you might find using google. This time I was searching for something to illustrate the Norwegian abortion act and I stumbled upon this magnificent American blog on reproductive rights. Her you find a comment and comparison about the abortion situation in USA and Norway.

fredag 17. juni 2011

Abortmotstandarar i Russland tar etter USA/ Russia adopts anti abortion strategies from the USA

Russland var det fyrste landet i verda til å tillata sjølvbestemt abort då dei innførte dette i 1920. Dei har også den høgaste abortrata i verda på 53,7 per 1000 kvinner mot 15,2 i Noreg i følge data frå FN. Tradisjonelt sett har det vore dårleg tilgang og skepsis mot prevensjon. I tillegg har abort stort sett vore gratis i motsetnad til prevensjon.

No er fødselsrata fallande og Putin har sendt ut eit varsku og ynske om å snu denne trenden. Dei har høg dødsrate, låg fødselsrate og også låg immigrasjon.

Dette fører til endra klima i forhold til abort og ein ser no eit auka press på retten til sjølvbestemt abort med forslag om å forby naudprevensjon, pålegg om å sjå fosteret på ultralyd før abort, obligatorisk tenketid osv. Sjå artikkel i NY Times. I tillegg idylliserer ein og hyller dei med mange barn i familien.

Russia was the first country in the world to introduce abortion on demand in 1920. It also has the highest abortion rate according to UN data at 53.7 per 1000 women in comparison to 15.2 in Norway. Traditionally there has been a low use of and scepticism towards contraception. Abortion has also been free of charge in comparison to contraception.

Russia has a high death rate, low fertility rate and also low immigration and is now facing a problem that Putin has adressed in the Duma.  This leads to a change in climate when it comes to abortion and there are suggestions trying to decrease the access to abortion. Suggestions like forbidding emergency contraception, 48 hour waiting period, having to see the fetus in the ultrasound etc. See this article in the NY Times.

onsdag 1. juni 2011

Abortion democracy

Er ein dokumentarfilm som samanliknar abortsituasjonen i Sør-Afrika med Polen. Filmen tydeleggjer veldig godt at det ikkje alltid er samanheng mellom lovleg tilgang og faktisk tilgang til abort. Trass i at sjølvbestemtabort vart fjerna i Polen i 1994 så er tilgangen på abort på den illegale marknaden betre enn tilgangen til lovleg abort i Sør-Afrika som sidan 1997 har hatt sjølvbestemt abort i fyrste trimeste (opp til 12 veker). Sør-Afrika er også eit av dei få landa som tillet at sjukepleiarar og jordmødre kan utføra abort (berre Vietnam og Sør-Afrika).

Filmen gir eit godt overblikk over situasjonen i dei to landa og seier også noko om den katolske kyrkja sin propaganda og korleis kvinner sine tankar om abort er farga av det samfunnet dei lever i sitt syn på abort.

See this interesting documentary comparing the situation in South-Africa where they got one of the more liberal abortion laws in the world in 1997 granting women abortion on request in the first trimester and also letting nurses and midwives perform abortion to the situation in Poland who restricted their abortion law in 1994. Even though abortion is almost banned within the legal framework today it is easier to obtain a safe abortion in Poland than in South-Africa.



Abortion Democracy - Poland/South Africa part 1 from Verena Buschmann on Vimeo.

fredag 27. mai 2011

Valdtekter og abort på US militærbaser/ Rape and abortion in the US armed services





Det har lenge vore kjend at kvinner i USA sine utanlandsstyrker er ekstra utsatt for valdtekter og påfølgande uynskte graviditetar. EIn reknar med at ei av tre har vorte utsatt for valdtekt eller valdtektsforsøk. Valdtektsmennene er deira eigne kollegar og medmilitære. Dei har hatt dårlege rettar og ikkje noko tilgang til abort på basen, og i staden risikerer dei å verta sendt heim dersom det vert oppdaga at dei er gravide. Då mister dei jobb og inntekt. Dei har ingen rett til å få dekt abort gjennom helseforsikringa dei elles får som militærtenestepersonell - ikkje ein gong etter valdtekt. Dette er dårlegare enn for folk insett i fengsel.

På bloggen Reality check finn de ein god artikkel om korleis rettane til desse kvinnene no skal opp i representatsskapets hus.

Women on web har fortald korleis ei av dei store gruppene som kontakter dei for å få tilsendt abortpiller er nett kvinner i det amerikanske forsvaret. Spesielt var det for eit par år sidan mange som tenestegjorde i Irak.

It is well known that the women in the US armed services have an enourmously high incidence of rape or attempt to rape. The attackers are their collegues. Due to complete lack of rights to have an abortion covered by their health plan and the risk of being sent home, many women do not report these incidence. An attempt to improve their rights is now being presented to the house of represantatives. Do read this excellent blog Reality check for mor information.

One of the large groups contacting women on web for an abortion is women in the US armed services and a couple of years ago mainly serving in Irak.

tirsdag 10. mai 2011

Heimeabort som tema på P2 i Ekko


I dag har eg vore på Ekko på P2  for å snakka om heimeabort. Utgangspunktet for diskusjonen i dagens program var eit program dei hadde laga der dei følgde ei ung kvinne som gjennomførte heimeabort. Dei følgde ho gjennom prosessen for å bestemma seg, på sjukehuset og i etterkant av aborten. Ho var ambivalent i forhold til å ta abort og opplevde heimeaborten som veldig smertefull.

Heimeabort vil sjølvsagt ikkje passa for alle, og eg meiner det bør vera frivillig.

Bakgrunnen for å innføra heimeabort var å gje også norske kvinner den fridomen til å kunne velja kor og saman med kven dei ynskte å vera når dei gjennomgjekk ein abort til liks med det ein kan elles i til dømes Skandinavia og Frankrike.

Ca 95% av dei som vel heimeabort er førnøyde med dette, og etter at vi innførte heimeabort i Bergen så har andelen av dei som tar heimeabort auka frå 30-70% blant dei som kan få heimeabort. Eg trur at dette skuldast at kvinners erfaringar med dette stort sett er gode trass i smerter og at dette sprer seg i befolkninga.

Her finn du podcasten til dette temaet. 10.05.11 "Abort alene".

tirsdag 22. februar 2011

Abortion in Zambia vs Norway


Eg har fått tilsendt linken til ei fin studentoppgåve frå sjukepleiarhøgskulen i Sogn og Fjordane skrive av ei frå Zambia. Ho har samanlikna aborttilgangen, lovene og behandlinga i Zambia med Noreg. Oppgåva er fin og det er både interessant å læra om Zambia og å sjå Noreg frå hennar synsstad. I tillegg har ho ei fin oppsummering av historia til den norske abortlovgivinga. Ho heiter Caren Chizuni og her finn de oppgåva.

"A comparative study of the accessability of induced elective abortion in Zambia and Norway"


I have been sent the link of a student essay from the College of Nursing in Sogn og Fjordane. The student Caren Chizuni is originally from Zambia and compers the access, laws, treatment etc of abortion in Zambia and Norway. It is interesting reading. This is a link to the essay.

fredag 18. februar 2011

South Dakota foreslår å tillate drap på abortlegar/South Dakota moves to legalize killing abortion providers

Eg fekk tilsendt denne saka i dag og kjenner eg vert lei meg djupt inn i sjela. Kva for ei gal verd er det vi lever i som vil legalisera drap? Og, ikkje minst for eit lovleg inngrep som er nødvendige for kvinners reproduktive helse. Her kan de lesa artikkelen. Trur rett og slett ikkje eg orker å kommentare dette meir.

I was sent this information today. You can read the article yourself here. What a sick world when you justify killing in that way. And especially on medical personnel that only try to promote good access to a legal procedure. I don't have any more to say on the matter.

torsdag 17. februar 2011

Nytt tidsskrift om abort ute på nettet/New journal on abortion available


Red de Salud Latin America (Latin Amerikanske kvinners helsenettverk) har eit tidsskrift ute om abortsituasjonen i Latin-Amerika. Det er mogleg å få tidsskriftet både på engelsk og spansk. Linken eg har lagt til er den engelske versjonen. Dei har artiklar som feministane sitt syn på abort opp gjennom historia i Chile, terapeutisk abort, abort hotlines etc. Kontoret deira er i Chile, men i styret sit det representantar frå fleire Latin-Amerikanske land.

Latin-Amerika er ein av dei delane av verda der abortsituasjonen er vanskelegast. Den katolske kyrkja står sterkt og det er vanskeleg å utvida den legale tilgangen til abort. Mange av landa her har eit relativt godt helsevesen som gjer at mødredød ikkje på langt nær er så høg som i ein del afrikanske land, men i staden utgjer abort ein større andel av mødredød. Heldigvis har mødredød på bakgrunn av utrygge abortar gått ned i regionen. Det trur ein skuldast tilgangen til misoprostol.

Have a look at this new journal that came out from the Latin American and Caribbean women's health network. This issue is all on abortion.

torsdag 18. november 2010

Den nye abortlova i Spania/ The new law on abortion in Spain

Spania har som eg har skrive tidlegare vedtatt ei ny abortlov som gjer at ein no har sjølvbestemt abort opp til 14 svangerskapsveker i Spania. Lova er frå 3. mars i år og trådte i kraft 4. juli.




Det finst frå 1997 30 offisielt akrediterte abortklinikkar  ACAI (asociacion de clinicas acreditadas para la interrupcion del embarazo) i Spania i 23 byar og 12 comunidades. Så og seia alle abortar har vorte utført her og ikkje på dei offentlege sjukehusa opp til no. Det ser også ut til at det framleis vil vera desse klinikkane og ikkje dei offentlege sjukehusa som kjem til å tilby dette inngrepet.

Etter at den nye lova kom får no klinikkane refundert kostnadane sine frå staten slik at kvinner som søker abort ikkje lenger treng å betala for dette. Det er nok her den største praktiske sklinaden ligg for kvinner generelt. Det har ikkje vore vanskeleg å få abort i Spania tidlegare, men ein har vore nødt til å betala for det. Dei ulike autonomia behandlar kvinnene og klinikkane ulikt i forhold til kor raske dei er med å refundera pengane, og klinikkane er framleis usikre på korleis alt vil gå seg til og organiserast. Det er nokre autonomi som er meir interesserte i å stikka kjeppar i hjula enn andre.

Tidlegare hadde ein ikkje noko øvre tak i antal veker på å ta abort. I den nye lova derimot set ein eit tak på 22 veker så lenge det ikkje er snakk om fare for kvinna sitt liv. Spania har fram til no vore eit av dei landa der ein har kunna reist frå andre delar av Europa dersom ein treng ein seinabort. Det er uvisst i kva grad dei no kan tilby dette.

Lova seier også at dei må ha ein tenkepause på 3 dagar frå obligatorisk informasjon om inngrep, tilbod til nybakte mødre etc er gitt. Ein slags pålagt angreperiode og tvangsinformasjon. Dersom kvinna er nødt til å reisa eit lite stykke og forsøker å gjera abort skjult frå dei rundt ho er dette ei ekstra belastning og kan føra til meirkostnader. Det er mellom anna enklare og billigare å ordna seg fri ein dag og reisa enn to.

Uansett er sjølvsagt lova eit framsteg og innehar positive og negative sider i forhold til mellom anna den norske lova. Det viktige er at lova erkjenner og stadfester at det er kvinna sjølv og ingen andre som skal bestemma om ho skal avbryta svangerskapet eller ikkje.





As I have also written earlier Spain has now from March 3. 2010 a new law on abortion that permits abortion on request up to 14 weeks. There are 30 officialy accredited clinics in 23 cities and 12 comunitees that has offered abortion up until now. It seems like abortions will still be a procedure undertaken by these clinicsa and not the governemental hospitals. The big change is that the cost of the abrtion will now be refunded from the government through the authorities in the different autonomies to the clinics rather than the woman having to pay for her treatment. This is of course an important change that will make abortion more accessible to women of all classes. An unfortunate clausule in the law is that the women have are obliged to recieve information on what kind of help they can get as mothers and they have to wait for at least 3 days from this information is given until they can go through with the abortion. For somebody who needs to find time off, travel and don't want anybody to know this is an extra obstacle as it is harder to do it twice than only one day. 


The old law didn't have any restrictions as to gestational age for having an abortion but now there has been given an upper limit of 22 weeks except for the cases when the woman's life is at risk. Due to the old law Spain has been one of the few places in Europe where you could go to have a late abortion and one is not sure what will happen now.


Any way this new law is a huge step forward securing women's rights to control their own bodies and to make their own decisions without the control of others.

torsdag 28. oktober 2010

Om å verta kalla mordar/ to be called a murderer


Lova om sjølvbestemt abort trådte i kraft i Spania i juli i år. Som vanleg etter eit slikt brakande tap frå abortmotstandarane si side så er dei forbanna. Pendelen har svinga, og dei gjer det utriveleg for abortsøkande kvinner og oss som arbeider for å trygga kvinner sine rettar. Stort sett vert vi jo då kalla mordarar, asesinos, murderers. Noko som sjølvsagt ikkje er hyggeleg. Vi som bur i Skandinavia er jo heldigvis skåna for dette til vanleg. Det er ikkje rart at det vert ei spesiell samkjensle på abortkonferansar når dette er noko mange av deltakarane møter jamnleg.  Det var fyrst etter at eg var tilstades på eit møte med Women on Waves i Buenos Aires der det var eit skikkeleg slagsmål utanfor i tillegg til dei vanlege ropa at eg skjøna kor truga eg eigentleg var og kvifor norske kvinner frå generasjonen før kjende seg så uvelle og truga under slike demonstrasjonar. 

Det er jo sjølvsagt ein absurd påstand. Omlag 20% av all mødredød skuldast utrygge abortar og for kvar kvinne som dør får ca 10 varige mein. Den kampen vi driv med er altså å redusera mødredød og trygga kvinners rett over eigen kropp ein dimensjon abortmotstandarane heilt ser bort ifrå. 

Eg har utruleg respekt for dei kvinner og menn som år etter år held ut og hjelper kvinner som søker abort med fåre for eige liv og konstant press og mobbing frå abortmotstandarar. Det trengst ein sterk rygg for å bera ein slik kvardag. Då er det godt å koma på ein konferanse der alle rundt deg støtter deg.

The law on abortion up to 14 weeks came into function July this year.  Not unusually the anti choice people are a angry and uses all the options and time they have to harass women who take abortion and us who are pro choice calling us murderers etc. which naturally is not very pleasant. Luckily we Scandinavians do not have to face this in our everyday life.

It is completely absurd of course since 20% of maternal deaths world wide are due to unsafe abortion and for every woman that dies 10 have long life complications. Our job is to reduce maternal death a dimension the anti choice completely forget.

The men and women who risk their life and are constantly facing harassment in their work to help women need all the respect and honour we can give them. 

mandag 25. oktober 2010

Abortkonferanse/Abortion conference



Det er noko eige med abortkonferansar. Og no snakker vi sjølvsagt om konferanser som er pro choice og sjølvbestemt abort.  Det er ei eiga blanding av medisin og politikk der folk frå veldig ulike fagfelt møtast. Mange av oss er jo sjølvsagt helsepersonell, men ein har også juristar, sosiologar, historikarar, journalistar, reine aktivistar osv.

Her møtest representantar frå alle dei organisasjonane som de finn nettsidene til i spalta ved sida av; BPAS, IPAS, ICMA, Guttmacher, Women on waves etc.

Det er ikkje berre abort som er temaet, men reproduktiv helse som til dømes prevensjon og seksualundervisning er også inkludert. Desse emna har alltid gått hand i hand med spørsmålet om svangerskapsavbrot.

Grunna dei røffe daglege arbeidsforholda til ein del av deltakarane vert det ei spesiell samhaldskjensle som ein ikkje møter på vanlege medisinske konferansar. Det er ikkje berre den reine medisinske sida ved reproduktiv helse som vert diskutert, men korleis skal ein auka tilgangen på abort for fleire kvinner og på det viset sikra god kvinnehelse og redusera mødredødelegheit. Med min bakgrunn som feminist er dette sjølvsagt ganske kjærkoment.

Denne gongen har eg vore i Sevilla på FIAPAC (International Federation of Professional abortion and Contraception Associates) sin konferanse. Den er kvart anna år og samla nesten 600 deltakarar frå over 50 land.

Som vanleg kjem eg heim med endå fleire idear, kontakter og pågangsmot. I tillegg er det ganske mange av oss som er gjengangerar så det er her godtfolk møtest, og det er jo triveleg i seg sjølv.

Abortion conferences are not like general medical conferences. And when I say abortion conferences I am of course talking about pro choice and reproductive health. The attendants are a wonderful mixture of medical personnel, lawyers, journalists, social sciences, activists etc. We don't only discuss the medical side of reproductive health but also how to increase access to secure women's health and reduce maternal mortality. Being a feminist activist as well as a medical doctor I of course feel most at home in these settings. There is a sense of solidarity that you don't find at other medical conferences. 


These are the conferences where representatives from all those associations you see listed in the adjacent column meet, and we are quite a group who tend to show up repeatedly something which also makes it enjoyable. 


This time I was at the FIAPAC conference in Sevilla. FIAPAC holds a conference every two year somewhere in Europe. We were next to 600 people from more than 50 countries. 

fredag 8. oktober 2010

Norsk abortstatistikk

I 2006 tok Medisinsk fødselsregister over rapportering og organisering av abortdata for Noreg. Registeret som opprinneleg registrerte alle fødslar i Noreg registrerer no difor alle svangerskap.

Etter at ein la om til elektronisk registrering av alle abortdata får ein raskare ut statistikken slik at data for 2009 kom ut innan eit halvt år.

Det er jo ikkje store endringane reelt sett. Som før gjerast det ca 25% abortar i forhold til fødslar, eller som eg ville sagt det så ender ca 20% av alle svangerskap i ein abort. Det er ganske samanfallande med tala på verdsbasis der ein reknar med at 20-30% av alle svangerskap endar i ein abort.

Tenåringsabortane går ned, og den gruppa med flest abortar er aldersgruppa 20-24 år. Det er kanskje heller ikkje så oppsiktsvekkande.

Det mest interessante for meg som jo nettopp forsker på korleis medikamentell abort har vorte tatt imot og brukt som metode i Noreg er at medikamentell metode no er den mest vanlege metoden i Noreg. 2008 var det fyrste året då medikamentell abort var hyppigst brukt med 55,9% av alle abortar og i 2009 var talet stige til 67,4%. Det har dermed vore ein ganske rask auke frå 45,3% i 2006.

fredag 20. august 2010

Kenya får ny grunnlov og abortrettar/Kenya's new constitution gives abortion rights


Gratulerer, 4. august vedtok Kenya ei ny grunnlov. Eit av dei store debattspørsmåla har vore abort. I den gamle lova var kravet til å få abort for å redda mors liv at to legar godkjende dette medan den nye lova mjuker opp tilgangen. Motstandarane framstiller det som om det no skal vera fritt fram å abortera. Den nye lova seier:
“in the opinion of a trained health professional, there is need for emergency treatment, or the life or health of the mother is in danger, or if permitted by any other written law.”
Med ein slik lovtekst kan ein sjølvsagt tolka lova vidt eller strengt. Det vil vera interessant å sjå kva for presedensar som kjem fram. Det er hevda at lova er så open at ho kan tolkast slik at ein lege har rett til å bestemma om kvinna sitt liv og helse er i fåre i eit så vidt perspektiv at det nesten opnar for "sjølvbestemt abort". Denne lova liknar nok ein del på den nye etiopiske lova.

USA har gitt 23 mill $ i støtte for å få gjenomført grunnlova.

4. August Kenya voted for å new constitution that among other changes allows abortion. It has been a huge debate where the oponents claim that the law opens up for abortion on demand. One can only hope. The text as you can see above could be interpreted in different ways and we can only hope that it will be interpreted in a way that opens up the posibility for women to have an abortion for a broad variaty of reasons. Earlier you needed the consent of two doctors to have an abortion to save the womans life. In any case this is a step forward for the rights of women. USA has spent 23 ill $ to promote the new law which has also rised a huge debate. Congratulations!

onsdag 4. august 2010

Endeleg fulltidsforsking/finally full time to do research

Endeleg ber alt arbeidet med forskingsprosjektet mitt frukter for no har eg endeleg fått meg ei stipendiatstilling. Vi starta i 2005 med å innføra medikamentell abort også for dei mellom 9-12 vekers graviditet. Tidlegare var det berre kirurgi som var eit tilbod for denne gruppa.  Etter mykje om og men vart det arbeidet publisert i år, og det skreiv eg om her. I tillegg starta vi nokre andre prosjekt når det gjeld heimebehandling og nye kontrollrutinar. Det er kjekt å sjå at både tilbudet om medikamentell abort for dei med 9-12 vekers graviditet og heimebehandling stadig vert meir utbreidd rundt om på sjukehus i Noreg.

No gler eg meg til å kunne fullføra det arbeidet eg stort sett har brukt fritida mi på fram til no.


After 5 years of doing research on medical abortion and the introduction of new treatment alternatives I have finally managed to get a full time position and money to finish my research with the University of Bergen. We introduced medical abortion for women with a gestational age of 9-12 weeks in 2005 and our results were published in Obstetrics and Gynecology this year. Later we also started out patient treatment for those with a gestational age up to 9 weeks and have looked at different control regimes. It is very good to see how these treatment alternatives are becoming more and more available all over Norway. 


I am very much looking forward to finish of what we started. 

torsdag 24. juni 2010

Etiopia liberaliserte abortlova si i 2004

Eg skal halda eit foredrag for internasjonale forskningsstudentar i morgon og i samband med det fann eg denne videoen om unsafe abortion i Etiopia. Not yet rain og nedanfor finn de traileren. Her finn de informasjon om abortlova i Etiopia.

fredag 28. mai 2010

Gratis prevensjon halverte aborttal

No har det kome ein studie frå SINTEF på oppdrag frå Helsetilysnet om at gratis prevensjon halverte aborttala i forsøkskommunane. Ein veit frå før at aborttala for dei under 20 år gjekk ned etter at ein innførte subsidiert prevensjon for denne gruppa.

Difor ville ein sjå om det hadde same verknad på gruppa 20-24 år. Det er den gruppa som i dag har høgast aborttal. Tromsø og Hamar har vore forsøkskommuner. De kan lesa om studien hjå NRK.

Ein av dei tinga denne studien viser tykkjer eg er at norske kvinner gjerne vil forbyggja å koma i den situasjonen at dei er uynskt gravide. I tillegg viser det at di meir tilgjengeleg prevensjon er di meir vert det brukt. I dette høvet med tanke på pris.

I Storbritannia har dei hatt gratis prevensjon for ungdom lenge, men det har diverre ikkje hatt den same effekten på aborttala. Det kan koma av at seksualundervisning ikkje er høgt nok prioritert.

No håper eg også det fører til at prevensjon vert gratis for alle. Ikkje minst at ein også sørger for gratis kondomer.