onsdag 4. april 2012

Nye sjansar for sjølvbestemt abort i Uruguay

I 2008 vedtok både senatet og camera de los diputados (eg har ikkje omsetjinga) å lovebestemma sjølvbestemt abort i Uruguay, men dåverande president nytta vetoretten sin og sørga med det for å stogga lova. I 2010 var det nytt val og ein fekk ein ny president José Mujica som har lova å ikkje nytta vetoretten sin dersom lova vert godkjend i båe kammer på nytt. 27 desember 2011 godkjende senatet lova og i desse dagar skal lova opp til vedtak i camera de los diputados.  63% av befolkninga er for lova om sjølvbestemt abort så no krysser vi fingrane.

Ein antar at det vert utført ca 30000 illegale abortar i året i Uruguay og berre mellom 28. februar og 19. mars veit ein om to dødsfall på bakgrunn av utrygge abortar.

Forkjemparane i Uruguay har jobba systematisk og godt i mange år. All honør til dei.


Ingen kommentarer: