På 70-talet laga dei i Danmark ei opplysningsbok om kvinnekroppen ssom heitte "Kvinde kend din krop" og som skapte mykje debatt. Den har seinare vore oppdatert og utgitt på nytt seinast i 2001. No har dei laga Kussomaten som er ein fotoboks dei flytter rundt og lar kvinner ta bilder av kusa si. Bildene ligg ute på nett.
Dei har gjort dette av di det ein finn av bilder av underlivet i dag stort sett er pornobilder som gir eit heilt skeivt inntrykk av korleis kvinner eigentleg ser ut. Små, hårlause kjønnslepper er ikkje normalen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar