fredag 13. januar 2012

Papirlause har også rett til abort

Både sjokkerande og bra nytt å lesa i Aftenposten i dag. Det sjokkerande er at Ullevål nekta ei papirlaus kvinne som var gravid i veke 8-9 ein abort dersom ho ikkje betalte på førehand. Dei rekna ikkje behandlinga som å vera augeblikkeleg hjelp og såg seg difor ikkje forplikta til å hjelpa ho. Helsesenteret for papirlause som tilviste ho klaga dette inn for fylkeslege/Helsetilsyn som heldigvis seier at Ullevål ikkje hadde rett til å nekta kvinna abort.

Kvinna fekk abort ved Akershus universitetssykehus så ho fekk i alle fall den hjelpa ho skulle.

Konklusjonen til Helsetilsynet er:
- Helsetilsynet viser til den såkalte prioriteringsforskriften hvor det står at ”hvis vurderingen av pasienten tilsier at behandling bør gis innen tre uker, har pasienten rett til behandling”. Oslo universitetssykehus har rett i at pasienter uten lovlig opphold i landet – som hovedregel – selv skal dekke kostnadene ved behandlingen.
- Det er imidlertid etter gjeldende praksis ikke anledning til å kreve betaling for ”øyeblikkelig hjelp” eller "helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten som ikke kan vente”, sier fylkeslege Petter Schou.

Det skulle då tyda at alle som er gravide og som oppheld seg i Noreg har rett til gratis abort innan 12. veke.

Takk til Helsetilsynet og AHUS. Ullevål (OUS) burde skamma seg.