torsdag 6. september 2012

Forsøk på å stramma inn abortlova i Spania

Oppdateringane på bloggen går litt treigt. Liker helst å fatta meg i kortheit så då er twittring artigare. Men altså, det skjer saker og ting i den store verda diverre.

Justisministeren i Spania Gallardo som inntil nyleg var ordførar i Madrid, har kome med eit forslag til innstramming av abortlova. Forslaget vil innebera ein strengare praksis enn den ein hadde før den nye lova i 2010 som ga sjølvbestemt abort opp til 14 veker.

"Gallardón is planning to eliminate abortion on demand until week 14, and return to something closer to the previous system that only permitted pregnancy terminations in the cases of rape, physical or mental risk for the mother and fetal malformation – except the malformation clause will be eliminated, too."

I tillegg vil han krevja foreldresamtykke for dei som er under 18 år.

Heldigvis og sjølvsagt er det store protestar mot dette i Spania og forslaget hans er også upopulært blant konservative velgerar. Vi får kryssa fingrane og støtte våre spanske søstre.