mandag 27. juli 2009

Addis Abeba






Det har vore stille her på bloggen min i nokre veker. Grunnen er at eg har vore i Addis, Etiopia og henta dotter mi på 14 mnd. Verdas herlegaste skapning sjølvsagt som vekker meg kl 6. Det er ikkje noko problem å vakna kl 6 når ein har godt selskap og har lagt seg i skapeleg tid, men det er merkeleg å ta seg i å ville ringa offentlege kontor kl 07.30 av di ein tykkjer ein har vore oppe lenge og er klår for å gå ut.

Vi var i Addis i 12 dagar og skulle jo få tida til å gå innimellom slaga som nybakt mor. Det var regntid og ikkje så verst kjøleg medan vi var der så det var ikkje alltid så mykje å henga ute etter.

Etter at eg vart matforgifta på 2. dag så har vi vel eigentleg berre ete på 3 ulike restaurantar som alle var gode og ulike. Vi var nok aller mest på Family Restaurant som hadde lokaler både i Debre Zeit og i Addis. Her får ein amerikansk og texmex mat. KJærkome for sarte magar som helst vil ha kjende smakar.

Elles åt vi på Makush som også er eit galleri. Her kjøpte eg eit foto av ei ung jente frå Hadar-stammen. Kraftfull jente som signaliserer "don't mess with me".

Vi åt også på Finefin som er ein ærverdig gamal etiopisk restaurant. Finefin er eit anna namn på Addis og folk frå Oromo-regionen kan visstnok ofta seia at dei skal til Finefin når dei meiner dei skal til Addis.

All transport innad i Addis vart skjøtta av vår eminente og koselege sjåfør Zewdu som er frå Amara-regionen. Når vi spurte kor gamal han er så visste han ikkje det sikkert. Han er ein stad mellom 30-35 sannsynlegvis, men det er ikkje så mange i Etiopia som har oversikt over alderen sin. Han losa oss i alle fall trygt gjennom byen på til dels dårlege vegar i ein gamal rusten Lada. Han var også vår store guide som fortalde oss kvar vi burde gå og kva vi burde sjå.

Min favoritt når det gjeld museum er heilt klårt etnografisk museum. Dei hadde ei strålande utstilling bygd opp etter livssyklusen som tema. Elles var vi sjølvsagt og såg Lucy

Vi møtte også våre vener i Inter African Committee (IAC) som de finn oppe til vinstre på bloggen min. Dei arbeider mot "harmfull practices" og er vel mest kjend for jobben mot kjønnslemlesting. Den jobben har dei halde på med i 25 år og har laga eit nettverk som inkluderer 28 land tvers over Afrika der kjønnslemlesting eksisterer. All mogleg honnør til dei.

tirsdag 7. juli 2009

Vald under graviditeten


EIn amerikansk studie fann at kvinner hadde 60,6% auka risiko for å verta utsatt for vald når dei var gravide enn når dei ikkje var gravide. Grunnen til det er at barnefaren kjenner på auka stress i samband med graviditeten i påvente av det nye barnet. Dersom graviditeten er uplanlagt og uynskt aukar også risikoen for vald frå partner. I den amerikanske studien var det også meir vald i samband med tenåringsgraviditetar. Ein kan jo spekulera mykje kring skilnader på USA og Noreg, fattigdom, dårlege sosiale forhold, redusert tilgang på abort osv. Studien vert også kritisert for ikkje å ta opp at graviditetane kan vera resultat i utgangspunktet frå valdtekter og mishandlarforhold. I nokre av desse amerikanske studiene rapporterer dei også om opp til 37% som vert utsatt for vald. Det er i sofall eit mykje høgare tal enn den norske studien som vert referert i VG. Men dei norske tala samsvarer med ein australsk studie frå 1998 der tala varierte frå 2-28% alt ettersom korleis vald var definert. Ein annan studie frå 2008 fann at 1 av 14 er utsatt for vald.

Dei som er utsatt for vald har auka risk for depresjon etter fødsel. I tillegg har dei også større sjans for å rusa seg under graviditeten eller ikkje klara å slutte å røyke til dømes. Direkte slag mot magen kan også i verste fall føra til morkakeløsning. I tillegg til at det skal vera auka risiko for for tidleg fødsel. Dette kjem i tillegg til alle dei negative konsekvensane fysisk og psykisk vald har på alle.

Det finst alt for lite kunnskap om vold og graviditet og diverre endå fleire tiltak retta inn mot dette. Forslaget om at spørsmål kring vald skal verta del av svangerskapsomsorgen er difor absolutt på tide.