søndag 24. mai 2009

Ta trikken



I dag har eg vore på min absolutt kortaste trikketur, men også i den desitert eldste trikken. Eg bur forresten i Trikkebyen - Møhlenpris så det skulle berre mangla at eg ikkje køyrer trikk av og til. Trikken vert drive av entusiastat og er sjølvsagt ein museumstrikk. Trikkeskinnemetrane aukar ikkje så mykje frå år til år så enno går berre trikken frå trikkestallen på ved Møhlenpris skule til sceneinnganen til Hulen som også er på Møhlenpris. Men turen var prisverdig. Det tykte i alle fall dei to små gutane eg hadde med på turen og vogna vi sat i var frå 1896 og var i drift til 1920. Planen er å strekka skinnene heilt til studentsenteret i løpet av året. Det vil seia eit par hundre meter til og i løpet av ein femårsperiode å kunne tilby ein trikketur heilt frå Møhelnpris til Engen og teateret. Gutane meinte vi hadde køyrd trikken til Kardemommeby.

torsdag 21. mai 2009

Naudprevensjon i sal utanom apotek i Noreg


Og når vi fyrst er inne på det temaet så har regjeringa på slutten av fjoråret bestemt at naudprevensjon skal vera tilgjengeleg også utanom apotek. Sjå her.

Så no kan du løpa ned til næraste kiosk og kjøpa naudprevensjon, cola, paracet og ein hamburgar etter ein vellukka, men uplanlagt kveld. Men diverre så er det mange butikkar som ikkje har utvida vareutvalet sitt i fylgje folkehelseinstituttet.

Endringar treng vanlegvis litt tid så vi får halda trua oppe.

Naudprevensjon vert reseptfritt i Spania


Noreg var det første landet i verda til å gjera naudprevensjon reseptfritt i 2000. Det dreier seg om to piller som ein tar med nokre timars mellomrom etter at ein har hatt eit ubeskytta samleie. Pillene må takast innan 72 timar etter samleiet, men det er viktig å hugsa at dei har større effekt dess tidlegare du tar dei.

No går Spania same veg. Det har vore ein stor debatt, men helsedepartementet har bestemt at den skal verta reseptfri. Kvinner må likevel venta i tre månader før avgjera vert gjeldande. Sjå saka her.

HURRA!!!!!

torsdag 14. mai 2009

B mrk Hushjelp søkes


Hordaland museum har for tida ei utstilling om hushjelpene i norsk historie. Det var ein drastisk auke i talet på hushjelper i mellomkrigstida. Hushjelp var einstydande med ugjift, og dei var oftast frå landsbygda. Kvinneløna var så dårleg på den tida at ei kvinne knapt hadde råd til å kosta sin eigen bustad på den løna. I tillegg til manglande tilgang på arbeid for kvinner, og det at kost og losji var ein del av gjenytinga for husarbeidet var nok ein hovudgrunn for at det var det levebrødet kvinnene hadde. I tilegg til at dei ikkje fann arbeid på heimplassen og måtte ut for å fø seg sjølve så var det kanskje også kjærkome å koma seg ut or bygda og oppleva bylivet.

Au pairar og dei som har au pairane fortel om at mor i huset gjerne ser på det som si oppgåve å "passa på" "jentene" som om dei skulle vera i mor sin stad. Nett slik var det i mellomkrigsåra også. Det kunne verta lagt ganske strenge grenser for kor lenge dei fekk vera ute osv. Ikkje det at dei hadde så mykje fritid. Då som no er au pairane/hushjelpene prisgitt dei dei kjem til for å verta behandla bra og ha ryddige og gode arbeidsforhold.

Utstillinga prøver i ein liten plansje å dra parallellar til au pairane i dag, men får strykkarakter i forsøket. Dei freister også å seia noko om overgangen frå heiltidshusmødre til i dag. Dei framstiller det som om ein i nyar etid har drite i husarbeid (lever vi meir skittent?) og at vi difor ikkje har hatt det same behovet. Dei seier ingenting om at barnehage, eldreomsorg, vaskemaskiner, oppvaskmaskiner, halvfabrikata og heilfabrikata (mat) etc har tatt over mange av husmora/hushjelpa sine arbeidsoppgåver. I dag er dei fleste to vaksen hushaldningar også to inntekst hushaldningar og ikkje berre enkeltinntekt. Dette må sjølvsagt føra til endringar i strukturen.

Det var likevel artig og informativt å sjå utstillinga. For oss som har familie frå desse bygdene så er det fortida til våre forfedre. Mi bestemor kom frå sunnfjord og var "husmor" ikkje i ein privat heim, men i ein offentleg institusjon. Oldefaren min var sjømann. Dei gifta seg seint og fekk barn seint også. Oldemor mi var i alle fall over 30 år og oldefar min var nesten ti år eldre. Dei var frå den same vetle grenda i sunnfjord og truleg kjende dei kvarandre derifrå og kanskje møttest dei når dei var heime på ferie. Det er ikkje god å vita, men det var vanlegare at folk var eldre før dei kunne setja bu på den tida enn 50 år seinare.
.

tirsdag 12. mai 2009

Frå Mad men til youtube


Eg har smerteleg funne ut at andre sesong av Mad men enno ikkje er å få kjøpt. Då gutvotten på Platekompaniet byrja å snakka om juli så nesten hånflirte eg og påsto at det sto noko anna på nettsidene til Mad men, men det var før eg hadde lese det med "liten tekst". Ingen stader i verda får du serien på DVD før i juli. Eg er knust. Eg var i alle fall litt knust i i nokre minutt til eg oppdaga andre medier.

No sit eg heile kvelden i sofaen og kruser rundt på youtube etter instrumentalversjonar av songar som eg så prøver å synga til med heile sjela mi i. Vel, det er noko med damer som alltid skal synga så "pent". Eg går rett i den fella - heile tida. Så tar eg det opp med kameraet på mac'en..... Og sidan eg heiter noko heilt anna på youtube så er det ingen som finn meg. Hi, hi.... Det er så mykje anna av varierande kvalitet der ute uansett.

mandag 11. mai 2009

Eurovision


Etter at eg las artikkelen i New York Times om Eurovision fekk eg nesten lyst til å sjå det igjen trass i at noko av den gamle sjarmen er borte når ting går over fleire dagar etc.

Er dessutan mektig lei av den abosulutt enerverande låta Fairytales som visstnok er ein favoritt.

Legg ved nokre gode sitat frå NYT :

But I promise: you might come for the terrible music, but you’ll stay for the bad costumes and ridiculous dancing.

This year’s favorite is Alexander Rybak, a singing violinist from Norway. He looks about 14, grins like he’s been nipping from Grandma’s plum brandy and sings implausibly about a failed love affair from “years ago, when I was younger.”

backing dancers who think they’re in a Cossack aerobics video to make it a Eurovision classic

Ryback’s closest rival is thought to be Sakis Rouvas, a sort of Greek Ricky Martin who has both entered and hosted the competition before. His song is truly awful, which is not a deal breaker in Eurovision

lørdag 9. mai 2009

Mad men igjen

Har nett avslutta fyrste sesong av Mad men der det ser ut til å avslutta med at Don Draper vert sentimental og nostalgisk(?) og reiser heim til familien og tankjer å reisa med dei på Thanks giving ferie. Ikkje det at Don har så mykje familie å vera nostalgisk over, men det er som reklamefolka seier. Dei kan selga dei ein kvar draum. Bodskapen i kveld var at familie er viktigare enn elskerinner og forelskingar. Dei måtte vel det etter å ha køyrd ein heil sesong med desperate husmødre og notorisk utrue menn. Så fekk vi også bevist at prevensjon ikkje alltid virkar, men det visste i alle fall eg frå før. No går eg snart inn i ein akutt sorgreaksjon og må springa i butikken og kjøpa sesong 2. Unnskyld, unnskyld, unnskyld til Pirates of te real world.

tirsdag 5. mai 2009

Mad men



Har fått labbene på fyrste sesong av Mad men. Etter at eg gløymde å betala Canal Digital av di eg trudde eg hadde autogiro så har eg stort sett tydd til nett-tv og DVD'ar og kan ikkje seia eg saknar TV noko særleg. Ein kunne jo av og til ynskja seg ein større skjerm, men så har eg jo Mac'en litt nærare enn ein vanleg TV.

Vel, eg har altså oppdaga Mad Men og sit til seine nattetider og ser ein ny episode og så ein ny episode osv. Her er menn, menn og det betyr at dei går i dress og røyker Lucky Strike medan dei heller i seg ein drink, og det gjer dei nesten kontinuerleg. Dei er nesten berre på jobb og har ingne kvinnelege kollegaer bortsett frå sekretærar som konkurrerer om deira merksemd og vert framstilt som om det einaste dei drøymer om er å få liggja med sjefen. Ein høgdare av ein time til gynekologen som hevdar han er diskret og skal gje deg prevensjon, men som seier at han vil ta det tilbake igjen dersom du flyr rundt og tar deg litt for mykje til rettes for å "make your moneys worth". Den skilte nabokvinna er ein trussel - og litt spennande og elles har vel nesten alle mannfolka ei kvinne på si. Konene har null peiling på kor mykje pengar familien har å rutta med og kunne fint gått inn i Betty Friedan si bok "Myten om kvinnen". It is a ball.

søndag 3. mai 2009

Lamming - vårens vakraste eventyr



Har vore ute på Osterøy og landstedet mitt på Tysse i helga. Alltid kjekt å koma ut dit til ro, fred og for augneblinken ein blømande hage. Det siste var eg meir i tvil om då eg byrja på arbeidet med blomebedd i fjor. Tomta ser framleis ganske herja ut eller skal vi heller på fint kalla det ei naturtomt. I tillegg har eg fått meg ei utruleg hyggeleg bygd på kjøpet så her kan ein verkeleg kjenna seg heima. Er du selskapssjuk så er ein tur ned til Ty'en på butikken eit godt botemiddel. Her er det stort sett alltid folk å prata med.

Det er også rikeleg med sau - villsau i bygda, og dei har eg fritt utsyn til. I fjor var eg litt lei meg for at eg gjekk glipp av lamming så då eg i år vart spurt om eg ville vera med så vart eg hoppande glad - nett så eit lite lam.... Vi gjeta i helga på ei stordiger brun søye som truleg hadde meir enn tvillingar og som byrja å smalna til over svangane. Eg har no lært meg litt teikn på sauerier og fødselsterminologi for sauer. Rett nok påstår sauepassarveninna mi at det er nett som hjå menneske, men det er litt anleis å be ei kvinne om å leggja seg ned slik at du kan kjenna på opning enn å måtte sitja på 20 m hald med kikkert for å sjå om det skjer noko i fødselsopningen. Men det skjedde da noko - etter kvart kom fosterposen ut og søya trykte kløver og hovud ut. Då byrja lammet å virra med hovudet og då fekk eg melding om at det tyder fosterstress så då må ein dra det ut. Så no har eg gjort uttrekking på lam. Til slutt hadde ho fått tre fine lam eit svart, mørkebrunt og ljosebrunt. Som fødselshjelpar sørga eg berre for å gjera munnen og nasen fri for gøgge (les fosterhinner og fostervatn). I løpet av ein time fekk ho altså tre lam og alle tre hadde kome på føtene. Det er makalaust