søndag 14. februar 2010

Kjøkenbordsstudie - kjønna bildefordeling i Klassekampen

Frukost er jo tida for å lesa avisa også i min heim - omlag den einaste tida eg får lest avis - sjølv om eg av og til lurer på om eg eigentleg burde ha site og snakka med litjpia og vore ei flink, stimulerande mor. Heldigvis har eg slått det frå meg. Det får vera måte på.

Så då har eg tid til å ta for meg post og aviser. Øvst låg Spor, Domkirken menighet sitt blad. Eg er ikkje medlem og har faktisk aldri vore innmeldt i statskyrkja sjølv om eg på eit tidspunkt måtte melda meg ut berre grunna det faktum at eg er fødd i Noreg. Vel, eg har gitt opp å tru at eg kan sleppa å få desse kyrkjelydsblada for dei er på kommunen sitt distribusjonnett. No går eg forresten i open barnehage i Nykirken og syng om Gud kvar dag.

Men det var denne undersøkinga. Det gjeld då Klassekampen. Eg sat og las og merka meg at mest alle bilda var av menn. Ville jo helst ikkje tru det, og tenkte at det sikkert var reint tilfeldig så eg tok for meg neste dags avis. Same greie der. Så no har eg sett på fem etterfølgande aviser. Eg har utelatt debattinnlegga,  og programsidene til TV.
9. februar: kvinner 18, menn 28
10. februar: kvinner 16, menn 36
11. februar: kvinner 19, menn 44
12. februar: kvinner 11, menn 25
13. februar: kvinner 25, menn 39
Bokmagasinet 13. februar: kvinner 14, menn 17
Det vil seia at 65% av bildene er av menn.

Dette var raskt rekna så det kan jo vera eit par til eller frå, men det skulle likevel vera statistisk signifikante skilnader. Tilfeldig? Neppe.

onsdag 10. februar 2010

Å velgast bort, men også å velgast til

Eg har nett sett "Viggo på lørdag" på nett-TV om Michael Nyquist (han som spelar i Stieg Larsson-filmane). Tittelen er "Jeg ble valgt bort" og omhandler det at han vart adoptert då han var barn og seinare har søkt etter sine biologiske foreldre.

Michael Nyquist si oppleving kring det å verta adoptert skal eg ikkje seia så mykje om av di det er hans personlege erfaring og liv. Eg reagerer på vinklinga i intervjuet.

Programmet fokuserer berre på det å verta adoptert bort og gløymer at ein faktisk også vert adoptert til noko. Det fokuserer berre på tapet og reproduserer med det den generelle tanken om adopsjon. Tanken om at adoptivforeldre er velgjerarar, men at dei aldri kan verta så glade i det barnet dei adopterer som i eit eigefødd barn. På nytt får vi biologiens klamme hand trykt ned over oss.

Sidan eg sjølv har adoptert eit barn så vert jo dette naturleg nok også personleg. Eg har jo i høgste grad vald ho og er hoppande glad for at eg får vera mora hennar. Inderleg håper eg også at ho skal veksa opp og tenka at ho ikkje i fyrste omgang har vorte "vald bort", men derimot hatt eit rikt og fint liv med nokon som er inderleg glad i ho. Og eg er ikkje noko velgjerar. Eg har ikkje gjort ei edel handling. Derimot hadde eg veldig lyst til å verta mor. Ikkje har eg berga ho bort frå noko heller. Viss ho ikkje hadde kome til meg så hadde ho kome til ein annan familie i Noreg.

Kunne kanskje Viggo vore litt nyfiken på korleis den delen av livet til MN har vore som han vart vald til?

Vi lever heldigvis i ei tid der den tradisjonelle familien er i oppløysing og folk finn ulike måtar å danna ein familie på. Vonleg gjer det at biologien kan mista litt av fokuset.