søndag 28. juni 2009

La teta asustada

Går stadig rundt og lurer når denne filmen som heiter "The milk of sorrow" på engelsk skal koma til Noreg. Den vann gullbjørnen i Berlin, og omhandlar resultatet av valdtekter i krig. Kan sorgen og traumet som mor opplevde då ho vart voldtatt under den 20 år lange borgarkrigen i Peru frå 1982 til 2002 overførast til barnet via brystmjølka? Valdtektene skjedde både frå regjeringshæren si side og frå guerriljaen Lysande sti. Valdtekt vert stadig brukt som krigsstrategi. Då Claudia Llosa mottok prisen så sa ho:"dette er for Peru, dette er for landet vårt". Dei har hatt store visningar i dei fattige bydelane som reiste seg utanfor Lima når folk kom flyktande frå krigsområda i fjella. Der bur mange av kvinnene som filmen handlar om. Lysande sti infiltrerte også her og såg ikkje blidt på aksjonar og tiltak frå kvinnene om å betra situasjonen når dei bygde felleskjøken osv.

No håper eg uansett at filmen snart kjem til Noreg. Susana Torres som er ei av kunstnarae i youtube klippet to innlegg sidan har hatt ansvaret for det sceniske i filmen.



tirsdag 23. juni 2009

Iran - utanfor presteveldet, boktips






Dei siste par åra har det kome fleire romanar med tida kring revolusjonen og Iran/Irak-krigen som bakteppe. Det har vore interessant å lesa ikkje minst av di eg har ein god kollega og veninne som sjølv rømte frå Iran i 1986 via Tyrkia som 18 åring. Ho og søstra måtte halda seg skjult i Tyrkia i omlag eit år medan dei venta på å få plass som flyktningar. Tyrkia var kjende for å "selga" iranarar tilbake til Iran. Gjennom hennar forteljing, og dei ulike andre som kjem fram i bøkene så har det for meg openbera seg eit nytt og flott land som ikkje handlar om prestevelde og fundamentalistiske muslimar. I mitt einfald så hadde eg gått rundt og trudd at dei fleste iranarar som kom til Noreg var shaen tilhengjarar.... Flaut nok oppdaga eg at dei fleste iranarar var motstandarar av shaen og derav revolusjonen. I staden har dei fleste vore politiske opposisjonelle og oftast radikale menneske.

Dei siste dagane med demonstrasjonar mot styret som vert svart på med drap på sivile menneske er ein repetisjon av historia. Dei fekk gravleggja Neda, men som det står i artikkelen var det mange som ikkje fekk gravleggja sine familiemedlemer under revolusjonen.

Ein artikkel som ser på Irans historie og det nylege opprøret meiner det minner meir om grunnlovsrevolusjonen "Mashruteh" 1906-09 enn revolusjonen eller eventuelt opprøret på 1963 mot Shaen som førte Khomeini i eksil.

Her er diverse boktips:

READING LOLITA IN TEHRAN, Azar Nafisi
Ein bestseljar i vesten, men kritisert av mange andre iranarar som meiner den er eit døme på orientalisme som forsterker myter og sterotypiar om muslimar. Boka er om ein lesesirkel av kvinner som tar for seg bøker som var forbudte i ein periode. Litteraturdelen er kanskje for mange den mest spennande. Eg skjønar kritikken av boka, men hadde likevel glede av den som ein av stemmane frå iranerar

Eit kritisk svar til boka er
JASMIN AND STARS - READING MORE THAN LOLITA IN TEHRAN, Fatemeh Keshavarz
Som Fatemeh sjølv seier: You might say Jasmine and Stars has been in the making for years -- at least for a decade. During these years, when many books and media reports about Iran were published, I would search for the Iran that I know, for my friends, for myself. But we wouldn't be there. Usually in these books and news reports, everything would revolve around religion or politics, and people would be villains or victims. A typical example was Reading Lolita in Tehran: A Memoir in Books by Azar Nafisi

HUSET VED MOSKEEN, Kader Abdolah
Medan dei andre bøkene er skrive og omhandler den sekulære middelklassen i byen så handlar dette om ein storfamilie som er satt til å passa på moskeen i ein mindre by. Fleire av dei er i høgste grad religiøse og ein får eit breidt spekter av menneske og livsval. Den er også omsett til norsk.

PRISONER OF TEHRAN, Marina Nemat
Ei sjokkerande historie som virkar truverdig om fangenskap, eit påtvunge forhold til ein fangevaktar, tortur og andre for dei fleste av oss utrulege historier. Men boka handlar også om barndomen hennar, om hennar russiske bestemor, kristne i iran, natur, littaratur, og menneska er ikkje skildra svart kvitt. Den gjev gode døme på at alt er ikkje som det ser ut og ei sak har mange sider.

WOMEN WITHOUT MEN, Sharnush Parsipur
Ei stjerne av ei bok med fleire kvinnelege hovudpersonar som får sine liv vevd saman. Dette er magisk realisme og noko heilt for seg sjølv. Heile boka på google her.

mandag 22. juni 2009

Ikkje lett å vera vakker....?



Etter at eg ved rein tilfeldigheit las Flopsys innlegg frå i mars om å vera ein stygg sur feminist så hugsa eg plutseleg på ein herleg video på Youtube av to peruvianske kunstnerar. Dei seier at kroppen er ein kamparena og at venleik er i auga til den som ser. Dei laga dette som performance, ein del av ei større utstilling der dei også tematiserer korleis utsjånaden til urbefolkninga ikkje fell inn under standardiserte venleiksideal. Dei har også måla seg sjølve inn i kjende måleri frå kunsthistoria. Sjekk det ut her

Peruvian Beauty (Patricia Bueno-2004) [Micromuseo]

Stoler ikkje helseministeren på helsesystemet vårt?


Heldigvis har Bjarne Håkon Hanssen etter noko betenkningstid og sannsynleg råd frå sjefen sagt at det var uklokt å ringja leiinga ved Ullevål for å forsikra seg om at venen fekk god behandling. Men han vil gjerne som pårørande ha rett til å gjera det dersom det dreier seg om eigen familie.

Sorry, Hanssen, men det tykkjer eg faktisk ikkje er haldbart. Som pårørande har ein sjølvsagt rett til å vera med sine kjære til behandling og sjukehus, men det å ringja sjukehusleiinga kan då ikkje alle pårørande gjera. Kva godt skulle det koma ut av det? Stoler forresten ikkje helseministeren på helsesystemet vårt?

Både som lege, pasient og pårørande så har eg mange gongar vore glad over at det i det norske helsesystemet generelt sett ikkje er skilnad på smått og stort. Eg ville heller aldri bedt om særbehandling, men min forse vil sjølvsagt vera at eg i større grad veit kvar eg skal søka behandling. Av og til har eg tilvist folk eg kjenner til behandling, men dei kjem då inn i den same vurderingskøen som tilvisingar frå andre legar. Ein kan ikkje nytta sine kontakter og meir eller mindre offisielle makt til å snika i helsekøen eller krevja betre behandling enn andre. Det er det Hanssen i dette tilfellet har gjort.

Ein kan jo lure på om Hanssen har ein grunnleggjande misstillit til sjukehusa rundt i kring dersom han ser seg nøydd til å ringa for å pusha på behandlinga, og då har han jo ein betydeleg større jobb å gjera. Han sit sjølv og styrer budsjettpostar og set rammer for kva sjukehus skal kunne tilby. Hjå oss på Haukeland har direktøren satt som krav at behandlinga skal vera "god nok", kva no det skulle tyda. Tanken er vel at vi ikkje kan driva med luksus, men sjølvsagt forsvarleg og menneskeleg behandling.

lørdag 20. juni 2009

Lubben, frodig og BMI-hysteri


Eg har lenge tykt at fokuset på BMI var noko møl. Ikkje er det nødvendigvis så veldig representativt for din reelle feittprosent heller. Kroppsbyggarar mellom anna kjem ganske raskt opp i kategorien feit -altså BMI over 30. Det var no eigentleg berre eit søkt døme, men ikkje mindre illustrativt. Sjølv har eg lenge tilhøyrt kategorien overvektig med ein trivsels-BMI på kring 27. Nokre gongar høgare, andre gongar lågare, men det er lenge sidan eg var under 25. Veldig glad i mykje som kan stappast i kjeften eigentleg og har ikkje heilt skjønt vitsen med å la babygullerøter framstillast som snop. Kven er det eigentleg ein lurer - slankehysterikarane?

Så les eg då gladeleg at det er ikkje dei tynne som kjem til å leva lengst, men derimot dei lubbne. Det har nemleg japanske forskarar funne ut. Hah, var det ikkje det eg trudde! Livsnyting er ikkje dumt det heller, men alt skal vel kanskje nytast med måte. Aktivitet har lenge vore vist å vera viktigare enn kor mange kilo du har. Det trøyster eg meg veeeeeeldig med når eg går mine 25 min fram og tilbake frå jobb - 1 times dagleg trening kallar eg det.

Kan ikkje seia anna at min "formfullendte" kropp gler seg over slik forsking....

fredag 12. juni 2009

Særbehandling av kjendisar - menneskehandel


No viser det seg at høgsterett i Malawi omstøyter den tidlegare avgjerda om at Madonna ikkje får adoptera Mercy. Den førre dommen baserte seg på at lova i Malawi seier at ein må ha budd 18 månader i landet for å få adoptera derifrå. Høgsterett hevdar at sidan ho donerer så mykje pengar til skuleprosjekt i Malawi så har ho tilknyting god nok... Kva skjedde eigentleg då ho adopterte David Banda? Det er uendeleg mykje korrupsjon rundt i kring, og det er stor skilnad på å vera kjendis med rikeleg med pengar frå USA enn ein heilt vanleg familie frå Noreg dersom ein vil adoptera. Det kan godt henda at både Mercy og David får det betre eller i alle fall vel så bra hjå Madonna som i Malawi, men båe har familie i Malawi som ikkje eigentleg ville dei skulle adopterast bort. Er då barna lovleg gitt opp for adopsjon? Det at dei bur på ein barneheim treng jo ikkje å tyda at dei ikkje har jamnleg kontakt med familiemedlemer. Astrid Lindgren har jo fortald koreis hennar fyrste barn budde hjå fosterforeldre i Danmark før ho fekk økonomi og organisering av livet sitt som gjorde at ho kunne henta han heim til seg. Kven seier at det ikkje er situasjonen til desse barna sine familiar.

Noreg samarbeider ikkje med land for adopsjon dersom dei ikkje har ratifisert Haag sin barnekonvensjon. Har Malawi gjort dette? Det kan godt henda at Madonna har edle motiv i å ville hjelpa barn i Malawi, men det kan ho gjera utan å adoptera barn derifrå. Ho har sannsynlegvis også reelle ynske om barn, men kan ho ikkje då velga land og barn som ein veit er lovleg gitt opp for adopsjon? Madonna sine adopsjonar set adopsjon i vanry. Til motsetnad så har Angelina Jolie konsekvent vald land som allereie har oppretta samarbeid om internasjonal adopsjon, og der adopsjon truleg er meir regulert og vonleg betre kontrollert. Barn er ikkje varer som ein kan plukka og velga og kjøpa for pengar.

Sagt av journalist Kate Spicer i Dailymail:
Women of my generation are so consumer-crazy, after decades of Manolo Blahniks and finding the perfect location for a weekend mini-break, a baby is the ultimate buzz purchase. I wonder if you can stick it on your Barclaycard?

mandag 8. juni 2009

Plagsame kjønnslepper




Eg slutter aldri å undrast over kva for forestillingar nokre kvinner kan ha om sin eigen kropp. Av og til er det også basert på berre ein kjærast sin kanskje "sleivete" kommentar. Finst det i det heile FOR STORE kjønnslepper? Og kva er i sofall for stort?

Dette er mellom anna tatt opp i eit program som no går på NRK som heiter Pinlige sykdommer med undertittel "overflødig hud nedentil".

Ein gynekolog fekk diverse andre kvinnelege gynekologar og veninner for nokre år sidan til å måle sine eigne kjønnslepper og svare på spørsmål som om ein tykte ein såg normal ut eller ikkje osv. No kan ein kanskje hevda at kvinnelege gynekologar er ei ganske selektiv gruppe, men ein ting er i alle fall sikkert og det er at vi veit betre enn andre kva som er normalt og ikkje. I denne gruppa varierte lengden frå 0,5 til 8 cm og ingen tykte dei såg unormale ut eller hadde problem. 40% hadde indre kjønnslepper som vistes utanfor dei ytre kjønnsleppene. Dette er også delvis avhengig av kor mykje feitt du har på kroppen sidan dei ytre kjønnsleppene varierer med kor tynn du er. Ein annan studie gjort på 124 kvinner viser:
Lengde på dei indre kjønnsleppene og prosenten:
0-2 cm 87,8%
2 cm 4,9%
3 cm 5,7%
4-5 cm 1,1%
5-6 cm 0,7%
Hovud poenget er uansett at det er eit hav av variasjonar her som på resten av kroppen og det er ikkje nokon standard som er normal. Om du opplever det som normalt eller ikkje, eller tykkjer du har problem har heller ikkje så mykje med korleis du eigentleg ser ut å gjera. Dei fleste menn gir blankt f... og skulle dei ha meiningar om dette så varierer det også sterkt.

I 2000 lurte Helsedepartementet på om kirurgisk operasjon for å minska kjønnsleppene kunne verta råka av same lova som gjeld for omskjæring og at det difor var forbudt.

Når det gjeld NRK sitt program så vert eg pinleg berørt på legestanden sine vegne som kan finna på å seia i beste sendetid at dei kvinnene det gjeld har eit problem som skal løysast med kirurgi.

Dette er ein erogen sone og kirurgi kan endra følsomheit og skapa arr som skjenerer. Når ein vert seksuelt tent så vil dei indre kjønnsleppene verta blodfylte og svulma opp. Dei har på sitt vis ein funksjon.

PS: Her finn de Vulva taxi laga av den finske kunstnaren Mimosa Pale som de ser avbilda over.

torsdag 4. juni 2009

Forplantningsdrift?



Ein kan vel trygt seia at forplantningsdrifta har vorte veldig stor på eit tidspunkt når ein har forsøkt kunstig befruktning i ulike former i 20 år frå ein er 46 år slik Elizabeth Adeney, Storbritannias eldste mor på 66 år har gjort. No klarte ho det og reiste heim med sin vesle son. Det står ingenting i artikkelen om ho hadde hatt dette barneynsket før ho vart 46 år også. Er det naturen som kaller fram dette barneynsket når ein nærmar seg overgangsalderen eller er det samfunnet sine forventningar til livsrolla di som tar innersvingen på deg? Ei sterk kraft har det i alle fall vore og pengar har ho hatt slik at ho til slutt nådde målet. Eg tør ikkje å tenkja på alle dei misslukka forsøka og spontanabortane ho må ha hatt på sin veg. Dei fleste ville vel vorte skjøre og utkøyrde for lenge sidan. Nokon vil vel hevda at ho ikkje er heilt rett navla som går hen og vert mor godt inne i bestemoralderen. Egoistisk kan ein vel også kalla det, men så er kanskje det å få barn litt egoistisk grunnfest uansett.

Vi får berre tru og håpa at ho har tenkt fram i tid også. Ho er 83 år den dagen han er myndig. Han har ingen far og heller ikkje sysken. Ein kan ikkje nett samanlikna det med at menn går i veg og vert fedre i godt vaksen alder. Desse mannfolka har stort sett ei yngre kvinne som dei har gjort gravide og som ikkje er 80 år når poden står konfirmant. Ein har sjølvsagt ingen garantiar her i verda, og det som skjer det skjer. Det er mange forskjellige familiekonstelasjonar og måtar å leva livet sitt på, og dette er eit av dei mindre vanlege - i alle fall til no.

onsdag 3. juni 2009

Make Noise For Free Choice!

Make Noise For Free Choice!

Shared via AddThis

Ein underskrifttskampanje for retten til fri abort i Europa. Trykk på linken og skriv under.

Abort "hotline" i Chile


Chile er eit av dei få landa der abort er absolutt forbode. Det er ikkje ein gong tillate for å redda kvinna si helse. I tillegg har dei ei av dei høgste abortratene i verda svarande til nesten 1 av 3 svangerskap. Dei offisielle aborttala hevdar at det er ca 40 000 abortar årleg, men dette er berre dei kvinnene som vert oppdaga av di dei kjem inn med komplikasjonar etc. I staden så reknar ein med at dei reelle tala ligg nærare 160 000 abortar årleg.

Ved hjelp av ei heil liste av feministorganisasjonar i Chile har ein no opna ei "hotline" for trygge abortar i Chile "Aborto; informacion segura". På biletet ser de talspersonen Semoira Molina. Telefonen vart opna på den internasjonale dagen for kvinners helse 28. mai.

Det er no krefter igang for å få lagt ned telefonen, men også mykje støtte. Vi heier på feministane i Chile og håper på lettare tilgang til trygg abort.

mandag 1. juni 2009

Risikerte livet for kvinners helse


George Tiller har levd eit utsatt liv i mange år med dagleg harrassment og fysiske åtak. Til slutt klarte ein abortmotstandar og ekstremist å drepa han.

George TIller har drive abortklinikken med fare for eige liv for å hjelpa kvinner i ein vanskeleg situasjon. Han tok over faren sin legepraksis då han høyrde om ei kvinne som hadde døydd av ein utrygg abort. Faren hadde utført abortar i sin legepraksis. Han hadde sin praksis i Wichita, Kansas og vart drepen i den kyrkja han tilhøyrde og var kyrkjetenar.

Han dreiv ein av tre klinikkar i USA som utfører seinabortar. Talet på seinabortar er høgare i USA enn i Skandinavia. Grunnane til dette er mellom anna dårlegare seksualundervisning som gjer at ein del oppdager seint at dei er gravide. I tillegg er abort dyrt i USA og mange må reisa langt for å koma seg til ein klinikk som tilbyr abort. Då treng dei ikkje pengar berre til prosedyren, men også til reise og opphald. Alle har ikkje like mykje pengar og må då bruka tid på å samla saman pengar for å få utført aborten. Dei som har vorte gravide etter overgrep og liknande, har psykiske plager osv har også større risiko for å oppdaga seint at dei er gravide mellom anna av di dei fortrenger det. Dei treng kanskje i enda større grad hjelp. Abort har alltid vore tilgjengeleg i trygge rammer for dei som har nok pengar medan det er fattige kvinner som set liv og helse i fåre ved å ty til utrygge abortar.

Det er imponerande at nokon som har vorte skoten og lemlesta tidlegare og utsatt for konstante åtak frå abortmotstandarar held fram med å tilby ei teneste som er så viktig for kvinner, for å gje dei eit trygt og godt tilbod. For oss som bur og arbeider i Noreg er det umogleg å forstå kva for ein situasjon han har levd og arbeidd under. Både kvinner og helsepersonell i Noreg kan vera takknemlege for dette.

Mange kvinner har fått hjelp av George Tiller. Han vil verta minna og sakna av mange.