torsdag 24. mars 2011

Kvinne kjenn din kropp

På 70-talet laga dei  i Danmark ei opplysningsbok om kvinnekroppen ssom heitte "Kvinde kend din krop" og som skapte mykje debatt. Den har seinare vore oppdatert og utgitt på nytt seinast i 2001. No har dei laga Kussomaten som er ein fotoboks dei flytter rundt og lar kvinner ta bilder av kusa si. Bildene ligg ute på nett.

Dei har gjort dette av di det ein finn av bilder av underlivet i dag stort sett er pornobilder som gir eit heilt skeivt inntrykk av korleis kvinner eigentleg ser ut. Små, hårlause kjønnslepper er ikkje normalen.

Som gynekolog møter eg jo kvinner som tykkjer dei har for store kjønnslepper og som er redde for å la kjærasten sjå underlivet deira. Kussomaten gir deg den usminka og sanne varianten. Det kan eg som gynekolog skriv under på.