onsdag 22. februar 2012

Allmennlegar har ikkje reservasjonsrett mot abort


Lova er heilt klår på dette. Ho gir berre reservasjonsrett til helsepersonell frå å utføra inngrepet eller assistera i den direkte utføringa av inngrepet. Ingen har rett til å reservera seg frå å undersøka kvinna som søker abort eller frå å henvisa ho til behandling. At praksis har vore anleis er noko heilt anna. Det har vel for så vidt stort sett fungert på ein lempeleg måte for dei fleste abortsøkarar, men det har ikkje vore ein rett legane har.

Det har vore interessant å følga denne debatten etter at regjeringa gjorde det klårt at ein ikkje lenger vil tillata at allmennlegane ikkje følger lova. Strøm Eriksen seier at det er opp til dei lokale myndigheitene som arbeidsgjevar for den einskilde lege å handheva dette. Ei gruppe fastlegar som ynskjer å reservera seg snakkar om yrkesforbod. I bergen har Monika Mæland vore klar på at legar som ikkje ynskjer å henvisa til abort må finna seg noko anna å gjera. Les gjerne dette gode innlegget frå ein medisinstudent.

Noko av det interessante og positive for abortretten og oss kvinner er at klimaet så tydeleg har snudd. Eg veit ikkje kva desse allmennlegane trudde dei skulle oppnå ved å gå hard ut i pressa. Dersom dei hadde halde ein låg profil kunne dei kanskje halde fram med den praksisen dei alltid har hatt, men no dei har fått temaet på banen så har dei måtta stå i stormen. Og det har vore ein storm. Ein storm som denne gongen slår fast kvinnene sine rettar over samvittigheta til legane. Julie Brodtkorb (H) var mellom anna veldig tydeleg i Debatten på NRK når ho seier at i eit demokrati må alle følga dei lovene vi har vedtatt. Ein kan ikkje ha tillatelse til å bryta dei på eige samvittigheitsgrunnlag. Vi kan faktisk oppsummera at den massive haldninga i samfunnet i all hovudsak har vore at fastlegar som ikkje vil henvisa til abort må finna noko anna å gjera.

I tillegg gjeld dette at dei ikkje har rett til å reservera seg frå å skriva ut prevensjon eller å tilvisa til dømes lesbiske par til fertilitetsbehandling.