onsdag 26. august 2009

Berre pinleg for Dagbladet


Nok ein gong trur Dagbladet at dei driv med gravande journalistikk og har avslørt at Helga Pedersen har gløymt å senda inn søknad om ferdigstillingsattest. Dette er ei hytte dei har søkt om å få gjort om til bustad. Er dette verkeleg ei sak?

Dersom Dagbladet til slutt klarte å laga ein prinsipiell diskusjon om regelverket og papirmølla i det norske systemet som tydelegvis er vanskeleg for dei fleste både å følga og skaffa seg kunnskap om så hadde det jo vore eit poeng, men dette vert berre dumt.

torsdag 20. august 2009

Mannsrolla i endring i Burundi

Those who bring light where there is darkness.
Kjønnsrolleendring i Burundi. Der menn lærer å yta i familien både når det gjeld omsorg og i produksjonen. Dei har tidlegare slått kvinnene sine og utnytta dei som arbeidsslaver der alt kvinnene har tent inn har vorte nytta til alkohol for mennene. I denne filmen fortel menn korleis livet deira har vorte mykje betre etter at dei endra seg. Dei har fått det betre med seg sjølve og kona og barna har også fått det betre. Økonomisk sett har dei også fått betre levestandard - opp frå botnlaus fattigdom.

Eit veldig positivt og vellukka prosjekt retta mot menn denne gongen.

Fyrst musikkvideoen deira:







tirsdag 18. august 2009

Musical om Madonna


Madonna er visst ikkje spesielt kjend som popstjerne i Malawi, berre som den kvite kvinna. Malawi si adopsjonslov tillet eigentleg ikkje at einslege adopterer og i tillegg må dei som adopterer ha budd to år i landet. Difor fekk Madonna fyrst avslag på å adoptera Mercy, men pengar hjelper. Eg skal ikkje påstå at ho direkte har betalt for adopsjonen ved å bestikka folk, men ho investerer mykje pengar i skuler osv for barn i Malawi. Då får du straks makt av di folk vert avhengige av pengestraumen frå deg.

Vel no lagar dei musical om Madonna i følge The Guardian

mandag 17. august 2009

Gravid med 12 barn

Ei tunisisk kvinne skal vera gravid med 12 barn og det skal dei ha oppdaga i 9. månad i følge VG. Det skal du få meg til å tru. Skal liksom ingen ha lurt på kor mange som var inni der før i 9. månad? Det er jo ein sensasjon å gå med flerilingar nesten til termin i seg sjølv. Kor små er dei fostera? Kor stor i magen er eigentleg denne kvinna? Når har dei tenkt å gjera keisarsnitt? Korleis kan dei vera sikre på at det er 12? Det kan då ikkje vera eit UL-funn. Er det nokon som veit kor mange egg som har vorte satt inn? Her er det mange ubesvarte spørsmål og informasjon som ikkje heng heilt på greip.

Ei lita oppdatering:

The Sun skriv at det skal dreia seg om 6 gutar og 6 jenter så då må svangerskapet vera kome lenger enn 15-16 veker.

Daily Mail har ein informativ artikkel. Den einaste som ikkje berre fokuserer på det sensasjonelle ved svangerskapet. Risikoen for at ho får ein alt for tidleg fødsel er veldig stor og då er risikoen for at alle fostera dør også stor. Som Daily Mail skriv så veit ein ikkje kor langt på veg ho er, men 9 mnd er veldig lite sannsynleg for å seia det mildt.

Ny oppdatering som fortel akkurat kva for ei katastrofe dette er:


Siste oppdatering 19. august.
Det er sjølvsagt oppspinn frå ei stakkars psykisk sjuk kvinne som ikkje vil la seg undersøka medisinsk. Stakkars kvinne, sorga over barnløyse kan gje mange ulike utslag. Det var rett og slett alt for mange ting som ikkje hang på greip. Sjekk Foxnews og VG.

søndag 16. august 2009

Visakontoret = kjøkkeninngangen




Litt lite tid til blogging for tida etter at eg kom heim med mi artige, vesle jente frå Addis.

Då vi var der nede måtte vi på den norske ambassaden for å få Schengenvisum til litjpia. Ho reiste nemleg på etiopisk pass til Noreg, men ho har i følge papira eg fekk frå Bufdir norsk statsborgarskap frå adopsjonen gjekk igjennom. Det er mange papir som skal gå i orden og sendast hit og dit. No vonar eg berre at eg har fått sendt alle.

Vel, vi var altså på ambassaden i Addis. Eg kan ikkje seia eg kjenner at den bygningen på bildet. Vi kom humpande inn på ein kjærreveg etter norske høve full av humpar, høl og veldig sølete i regntida. Fyrst kom vi til eit skur der det sat drøssevis av folk og venta på å få koma til. Dei var alle somaliarar eller etioperar etc. Vi fekk passera vidare inn til kontoret og eit nytt venterom. Også her sat det folk og venta medan vi fekk gå rett inn. På dette kontoret var det ikkje eit einaste norsk andlet å sjå. Det er altså truleg her dei som har etiopiske namn på lista over tilsette på ambassaden arbeider, i tillegg til dei som er reingjeringspersonalet. Veldig hyggeleg og rask behandling for vår del, og ei vekes ventetid for å få visumet.

På vegen ut både då vi skulle levera dokumentasjon og då vi henta visumet, kom det ein mann ut frå skuret og spurte; " er dere norske?". Han eine budde i Oslo og var lei seg for å ha mista ranadialekta si. Det var der han hadde budd fyrst. Han andre sa; "Eg e fra Tromsø". Båe søkte om gjenforeining med konene sine. Det var klemmar, lukkehelsingar og tvi, tvi både hit og dit.

Visumkøen såg verkeleg ut til å vera for oss som går kjøkkenvegen. Det gav ikkje akkurat skin av å vera ei prioritert og høgverdig oppgåve. Reint bortsett frå oss få som adopterer frå Etiopia kvart år så er det vel aldri andre enn afrikanarar og krøttera på bildet av den parkerte drosjen vår som kjem denne vegen til ambassaden.