mandag 17. august 2009

Gravid med 12 barn

Ei tunisisk kvinne skal vera gravid med 12 barn og det skal dei ha oppdaga i 9. månad i følge VG. Det skal du få meg til å tru. Skal liksom ingen ha lurt på kor mange som var inni der før i 9. månad? Det er jo ein sensasjon å gå med flerilingar nesten til termin i seg sjølv. Kor små er dei fostera? Kor stor i magen er eigentleg denne kvinna? Når har dei tenkt å gjera keisarsnitt? Korleis kan dei vera sikre på at det er 12? Det kan då ikkje vera eit UL-funn. Er det nokon som veit kor mange egg som har vorte satt inn? Her er det mange ubesvarte spørsmål og informasjon som ikkje heng heilt på greip.

Ei lita oppdatering:

The Sun skriv at det skal dreia seg om 6 gutar og 6 jenter så då må svangerskapet vera kome lenger enn 15-16 veker.

Daily Mail har ein informativ artikkel. Den einaste som ikkje berre fokuserer på det sensasjonelle ved svangerskapet. Risikoen for at ho får ein alt for tidleg fødsel er veldig stor og då er risikoen for at alle fostera dør også stor. Som Daily Mail skriv så veit ein ikkje kor langt på veg ho er, men 9 mnd er veldig lite sannsynleg for å seia det mildt.

Ny oppdatering som fortel akkurat kva for ei katastrofe dette er:


Siste oppdatering 19. august.
Det er sjølvsagt oppspinn frå ei stakkars psykisk sjuk kvinne som ikkje vil la seg undersøka medisinsk. Stakkars kvinne, sorga over barnløyse kan gje mange ulike utslag. Det var rett og slett alt for mange ting som ikkje hang på greip. Sjekk Foxnews og VG.

5 kommentarer:

Cathrine sa...

Trur VG må ha skreve feil, må vere i 9.veke.. Noko anna kan ikkje vere mogleg.

Anonym sa...

Så enig, det kan da ikke være mulig å gå gravid helt til 9. måned med 12 foster!!!!

Erlend sa...

Jeg var gravid til 12. måned med 23 barn en gang. Valgte å ta abort. Hvem bryr seg om unger uansett

Solveig sa...

En kunne nesten få inntrykk av at det er blitt på mote å få flest mulig unger på en gang? Hvis denne historien har fotfeste i virkeligheten, ønsker jeg barna og moren all mulig lykke til...

Mette Løkeland sa...

Vi får berre kryssa fingrane for at det går "vel". Dette er eit døme på at noko gjekk frykteleg galt når medisinen møter naturen. Her er det nokon som ikkje har monitorert fertiliseringsbehandlinga hennar.

Eit slikt svangerskap er ein stor risiko for mor si helse, og det har ikkje minst ein stor risikor for dei fostera ho ber på. Det skal mykje til at dei når opp til ein svangerskapslengde der det er gode sjansar for at alt vil gå vel med dei. Som Daily Mail skriv så er det stor risiko for spontan fødsel før veke 24. Fostera er sannsynlegvis også små for si svangerskapslengde og mykje, mykje meir som vanskeleggjer livsutkommet for dei.