mandag 30. november 2009

Selvopptatt tidsånd

Eg er jo litt treig mildt sagt med å lesa avisene mine så Klassekampen har ein tendens til å hopa seg opp på kjøkenbordet. I dag kom eg til 20. november. Der las eg artikkelen "Selvopptatt tidsånd".


Herleg lesing! Det er eit intervju med Nina Witoszek som som stilte seg bak Stueland og Nygårdshaugs kritikk av andre forfattarar som til dømes Karl Ove Knausgård og Tore Renberg for å vera navleskodande og mest opptatt av eiga oppvekst. Dette er ein del av dekadansen og vårt dekadente samfunn seier ho.

 Norge har oppnådd de mål de fleste andre samfunn fortsatt streber etter. Vi er velstående nok til at vi ikke trenger endring, men samtidig desillusjonert nok til å flykte fra det store prosjektet som handler om å gjøre verden til et bedre sted. Vi praktiserer empati, men den er rituell og risikofri, sier Witoszek, som tror det norske samfunnet trenger å oppleve en katastrofe for å klare å flytte interessen fra våre slumrende hverdagsliv og over på noe annet.
Utruleg befriande at denne kritikken kjem. Eg klarer ikkje i mine villaste fantasiar å skjøna kva for interesse alle vi andre skal ha av å lesa seks bind om Knausgårds liv.  Og her kjem det beste sitatet:

Vår vestlige verden er for tida uten brennende flammer. I stedet ligger den på sofaen og psykoanalyserer seg selv, sier Witoszek.

Mykje av den blogginga vi held på med kan vel også råkast av denne kritikken når vi går inn i den private og daglegdagse sfære.

onsdag 18. november 2009

Abort og den nye helsereforma i USA

USA har rett til sjølvbestemt abort, men tilgangen til abort er ikkje jamnt fordelt og god slik den er i Noreg. Den er i tillegg ikkje gratis, men koster ein god del pengar. Dersom du bur på dei to kystane er tilgangen god med eit utal av abortklinikkar å ty til. Bur du derimot sentralt i USA kan det henda at du må krysse statsgrensa for å få abort. Då kostar ikkje berre prosedyren, men i tillegg reise og eventuelt opphald. Du risikerer også å verta utsatt for kraftig harassment frå abortmotstandarar når du skal entra klinikken.

Dette fører til at USA mellom anna har betydeleg fleire seine abortar enn vi har. I tillegg til dårleg seksualundervisning som gjer at folk kanskje oppdager seint at dei er gravide så må dei så skaffa pengar for å reisa til ein klinikk som vil utføra abort.

Frå 1995 har det også vore restriksjonar for kva den statlege helseforsikringa kan dekka i forhol til abort. Kravet til å få dekt abort er valdtekt, incest og fåre for mors liv. Det førte til at D.J. Feldman som diverre oppdaga at fosteret ho bar hadde anencefali - foster utan hjerne - ikkje fekk støtte frå si statlege helseforsikring. Eit barn utan hjerne vil dø ganske raskt etter fødsel. Ho fekk i staden eit krav på 9000$ frå forsikringsselskapet.

Den 7. november vedtok representantenes hus med 240-mot-194 eit forslag frå Bart Stupak, D.-Mich., som forbyr den nye statlege helseforsikringa å inkludera provosert abort.

Sjå veldig informativ artikkel i Dagbladet i dag av Astrid Meland.

Det er no fleire kampanjar på gang for å forhindra eit abortforbod i den nye helseforsikringa. Sjå denne reklamen frå Center for reproductive rights:


tirsdag 27. oktober 2009

Tore på adoptivsporet igjen


Tenkte eg skulle sjå siste episode av Tore på sporet og søkte det opp på nett-TV. Eg har vorte dronninga av NRK sin nett-tv sidan eg ikkje har TV-signal. Etterpå såg eg Redaksjon En der dei diskuterte Tore på sporet.

I dette programmet har Tore på nytt på vegne av ei biologisk mor tatt kontakt med adoptivbarnet. Så vidt eg minnest så har han gjort dette i eit tidlegare tilfelle. Då galdt det ei mor i eit latin-amerikansk land. I følge den artikkelen om adoptivforeldre som er kritiske til Tore på sporet så var det i førre runde i 2006.

Tore hevdar at det er ei spesiell sak og at han aldri pleier å gjera dette, men kor mykje research driv han eigentleg med i dei einskilde sakene? Det er jo godt å tru vel om alle menneske og det dei sei, men har han berre høyrt denne mora si historie utan å sjekka med adopsjonsmyndigheitene i Korea om den enkelte saka? Eller eventuelt Verdens barn som bistår i adopsjonar frå Korea til Noreg? Det er jo ikkje innafor god adopsjonsetikk og lovgjeving å tillata adopsjon av ikkje rettmessig oppgitte barn.

I desse tilfella der det har skjedd urettmessig adopsjon så burde jo foreldre som denne mora ha ein annan sjanse til å få vita noko meir og eventuelt få lagt igjen eit brev som kan nå den adopterte dersom ho/han sjølv søker å få kontakt med biologisk opphav. Slik har det jo vore for norske som har adoptert bort barn.

Tore påstår at han aldri tar kontakt med den adopterte. Han har tatt kontakt med foreldra hans. !? Hallo, som om dei foreldra har nokon som helst rett til å avgjerda noko slikt for sin vaksne son. Dette er heilt søkt.

Eg har sjølv ei adoptivdatter, og ville aldri ha kunna sitja på ein slik informasjon åleine. Dersom ho ynskjer det har eg heller ikkje noko imot å inkludera/finna biologisk familie.

Men poenget er at det må vera den adopterte sitt val. Som Ane Ramm sa i Redaksjon En så ville ho sjølv ha rett til å bestemma kven som skulle vera ein del av hennar indre familiesfære. Og ikkje minst når det skal skje.

Denne saka endte jo tilsynelatande lukkeleg i følge tv-programmet, men det har ikkje Tore noko garanti for.

torsdag 8. oktober 2009

Soria Moria II


Så er Soria Moria II klår og ligg ute på nett

Dette seier dei i kapittelet om internasjonal politikk/ Utviklingspolitikk og menneskerettar (OM ABORT):

prioritere kvinners rett til helse, utdanning og politisk deltakelse, og kamp mot overgrep mot kvinner. Regjeringen vil arbeide internasjonalt for å sikre kvinners reproduktive helse, for å avkriminalisere abort og styrke det internasjonale arbeidet mot trafficking
ta et spesielt ansvar for tusenårsmålene 4 og 5 om barnedødelighet og mødrehelse


Då håper vi på ein meir aktiv politikk i forhold til abortspørsmålet. No er i alle fall abort nemnd som eit eige tema og ikkje berre skjult under sekkeomgrepet "reproduktiv helse" slik det vanlegvis vert gjort.

Håpet er også at dette får følger for kva for bistandsprosjekt som får støtte frå Noreg.


OM LIKELØN i kapittel 15:
I tillegg er likelønn og utjevning av lønnsforskjeller viktige mål for inntektspolitikken. For å oppnå resultater på dette området må partene i arbeidslivet komme til enighet om hvilke yrkesgrupper som skal prioriteres, og det må være enighet om at nye relative lønnsforhold ikke skal utløse kompensasjonskrav fra andre grupper.

Kor ullent kan ein eigentleg uttala seg? Dette gjev jo ikkje lovnad om noko.

OM VALD MOT KVINNER:
Der Soria Moria I hadde fleire konkrete forslag så har den nye ingen ting.

Men derimot har dei forslag for å følga opp lova mot sexkjøp.
utarbeide hjelpetiltak som gir kvinner muligheten til å komme seg ut av prostitusjon vurdere bedre støttetiltak for prostituerte og eks-prostituerte


OM EINSLEGE MINDREÅRIGE i kapittel 17:
Regjeringen har som mål å gjennomføre overføring av omsorgsansvaret for enslige mindreårige asylsøkere mellom 15 og 18 år til barnevernet, men anser at ressurssituasjonen i barnevernet tilsier at dette ikke blir mulig i kommende fireårsperiode.
Veit ikkje om eg er så overraska over at regjeringa ikkje har tenkt å gje barnevernet meir ressursar, men det merkelege er at dei faktisk seier det. Det er som Randi Reese i FO seier i eit teikn på nedprioritering av denne gruppa. I tillegg planlegg dei å senda dei attende til heimlanda sine:
etablere omsorgs- og utdanningstilbud for enslige mindreårige asylsøkere i deres opprinnelsesland

Og kor mange mindre asylsøkerar skal vi ta imot for å auka andelen kvoteflyktningar til 1500?

Regjeringas asylpolitikk er ikkje mykje å skryta over og gjev inntrykk av eit ikkje meir, men heller mindre inkluderande Noreg.

torsdag 1. oktober 2009

HPV-vaksine beskytter ikkje berre mot kreft


Det er ein veldig grundig og bra artikkel på Dagbladet sine nettsider om HPV-vaksina. Spørsmålet er kvifor så mange er kritiske til å bruka den. Det kan ein jo godt spørja seg, men når ein har stadige utspel som påstår at jenter har døydd av vaksina trass i at det ikkje er tilfelle og redaktøren for Legetidsskriftet Charlotte Haug er så kritisk så har det sin effekt. Overskrifter har mykje makt diverre.

Fokuset når det gjeld vaksina har vore mykje retta mot at det beskytter mot kreft. Det er sjølvsagt viktig, men som artikkelen nemner så er det vel så viktig at ein vonleg vil kunne redusera alle dei mindre kirurgiske inngrepa på livmorhalsen - konisering. Desse inngrepa kan føra til for tidlege fødslar med dei komplikasjonane det kan gje. I ei tid då kvar fjerde fyrstegongsfødande er over 35 år og gjennomsnittsalderen for fyrstegongsfødande er ca 30 år så er det mange som kan ha fått utført ei konisering før dei vert gravide.

I tillegg beskytter Gardasil mot kjønnsvorter i og med at det beskytter mot HPV-viruset type 6 og 11 som er årsaka til 90% av alle kjønnsvorter. Talet på smitta med kjønnsvorter auker stadig.

Ikkje uventa er det kritiske røyster som er redde for at jenter no skal ha meir sex!!! Moralismen har ingen grenser. Det er ikkje noko nytt at nokre folk bruker dette som argument mot medisinske framsteg.

lørdag 26. september 2009

Sjølvbestemt abort opp til 14 veker i Spania

Den spanske regjerninga har no bestmet å liberalisera abortlova frå 1985. Kvinner i Spania har i dag ikkje sjølvbestemt abort, men tilgangen på abort er ikkje dårleg dersom du har pengar. Det finst eit utal private klinikkar som tilbyr abort. Lova seier at du kan få abort i dei tilfella der ein kan rekna med at det fåre for fysisk og psykisk helse. I praksis gjer klinikkane det slik at kvinnene må snakka med ein psykolog som stadfester psykisk belastning og så kan dei få ein abort.

Forslaget til ny lov som er under utarbeiding stadfester at abort er ein rett og vil gje sjølvbestemt abort opp til 14. veke. Det er også forslag om å senda aldersgrensa for at kvinnene skal kunne bestemma utan at foreldrene har gitt samtykke til under 16 år. Det skal også vera mogleg å abortera opp til 22. veke når det er fåre for liv og helse eller fosteret er missdanna. Etter 22. veke skal ein berre kunne ta abort dersom fosteret har missdanningar som er særs alvorlege eller ikkje er foreinelege med liv. Dette må stadfestast av ein medisinsk komite. Det er særs sannsynleg at lova vil gå igjennom av di dei fleste parti støtter intensjonen om lova. Sjå El Pais

lørdag 19. september 2009

Skavlans overfladiske pludring


Ein ikkje ny, men kanskje litt i overkant kommentar frå Eva Lundgren. Ho uttaler på Newsmill I Norge fick Skavlan tung kritik för att han flörtar med unga kvinnliga gäster, sexualiserar och könar. Tex tyckte han att Åsne Seierstad luktade så gott där hon satt i hans studio. Och han frågade mer om hur hon lyckades duscha i Afghanistan än om hur hon jobbade. Det gick så långt att en norsk forskare i en tidningsartikel kritiserade honom under rubriken "Kåte Fredrik".

Her er eg heilt på line med Lundgren. Skavlan pludrer avgarde og reduserer kvinnlege gjestar til kropp og privatsfære. I tillegg har han hatt ein hang til å plukka ut berre "pene" kvinner som om det han ynskjer er litt pynt i studio. Eg har observert at dersom det er to kvinner som uttaler seg om same emnet så er det den "penaste" som får sitja igjen når neste tema skal opp. Og kva er så problemet med det seier fleire som bloggar om denne artikkelen. Då er vi sjølvsagt tilbake til presset på utsjånad som er mykje større for kvinner enn for menn. Kvinner vert konsekvent vurdert på utsjånad. Noko mellom anna utspelet om Erna Solberg under valkampen er eit døme på. Det finst meir enn nok overvektige menn i politikken osv som aldri får truverdet sitt påpeikt på grunnlag av det. Men for all del det løner seg for både menn og kvinner å vera pene nok.

Skavlan har ein tendens til å pludra vekk dei fleste spørsmål, og menn får også personlege og ofte idiotiske spørsmål. Eg har aldri sett nokon som har analysert den kjønna skilnaden i korleis Skavlan snakkar med gjestene sine, men vi er mange som har reagert på korleis kvinner vert brukt.

Derfrå og til å samanlikna han med pastoren i Knutby vert likevel ,vel drøyt slik det står artikkelen om Lundgren sitt utspel i Dagbladet . Då vert det mest som utspelet "alle menn er djur".

onsdag 9. september 2009

For oss som fasineres av bildene på Finn.no


Ha, ha, ha, eg ler meg skakk. No burde eg sikkert vera mest opptatt av finanskrisa og korrupte svindlarar som har køyrd truskuldige menneske på dunken, men nett no er eg betydeleg meir fasinert av bilda som er lagt ut.

Eg har jo lenge vore med i gruppa " For oss som fasineres av bildene på Finn.no" på Facebook. Desse bileta var midt i blinken for den gruppa.

Himmel og hav, her finn du alt; eit rom fullt av svarte søppelsekkar, skitten avfallsbøtte midt i bilete av kjøkenet, politijakke henslengt på ein stol osv. Dei har neppe gått eigedomssalskurs - "korleis skapa dei mest innbydande bileta".

Potensielle kjøparar kan då umogleg vera interessert i eit nærbilete av eit overfyllt lagerrom. Får ein søppelet med på kjøpet?

mandag 7. september 2009

Kven skal i buss?


Det er heilt klårt eit problem når ein skole berre har 3-20% elevar med norsk som morsmål. Kva gjer ein så med det? Det har vore mykje snakk om bussing i det siste. Heilt klårt er det best å gå på skule så nære opp til heimen som mogleg slik at ein slipp å få forlenga skuledagen med lange transportetappar. I tillegg er det godt å bu der dine skulevener er for å kunne byggja opp eit vennskap. Ein del norske barn som bur 50% hjå mor og far som må leva med både reising og lang veg til kameratar 50% av tida. Barn på bygda opplever også i større grad bussing til skulen.

Men kven skal bussast for å få til ei jamnare fordeling av barn med ulike morsmål rundt omkring i Oslo? Skal elevar på Smestad og Tåsen også bussast til Gamlebyen? Skal dette kanskje vera eit frivillig tilbod for dei familiane som ikkje har norsk som morsmål, men som ynskjer eit nærare knytting til norske medelevar? Mange elevar og foreldre er jo allereie opne for dette når dei plasserer ungane i privatskular som Steinerskulen, St Sunniva etc.

Ein artikkel frå Dagbladet viser til elever i Danmark som vert bussa ein halv time til ein annan skule. Det kan sjå ut til at det er frivillig utan at den informasjonen kjem fram i artikkelen.

På mange måtar er eg for at folk skal ha høve til å få gå på ein annan skule, men dersom det berre er frivillig eller ikkje inneheld hjelp som til dømes gratis buss så vert det eit val for det opplyste fåtalet med pengar nok til å prioritera det.

onsdag 2. september 2009

Farsen i Kongo og to norske røverar


Kva no dei to norske karane har gjort i Kongo kjem ikkje fram i denne rettssaka som er ein farse frå a til å. At dei framstår som to "luringar" som kanskje har gått i si eiga felle er ei anna sak. Oppsagt frå forsvaret og oppretting av eigne sikkerheitsselskap i Uganda som i praksis er ein salgs leigesoldatverksemd ser jo ikkje nett så uskuldig ut. Ikkje hjelper det å endre forklaring heller - ein tvilsam praksis som set alt det andre dei seier i eit dårleg lys og.



Denne rettsaka foregår jo slik eg forstår det i ein lokal eller regional rettsal. Ankeretten finst i Kongo også og vonleg er det då litt meir edruelege partar og dommarar.

Nordmenn er ikkje alltid uskuldige, men allei fortener ei rettferdig rettsak og etterforsking, og det gjer også offeret og hans familie.

onsdag 26. august 2009

Berre pinleg for Dagbladet


Nok ein gong trur Dagbladet at dei driv med gravande journalistikk og har avslørt at Helga Pedersen har gløymt å senda inn søknad om ferdigstillingsattest. Dette er ei hytte dei har søkt om å få gjort om til bustad. Er dette verkeleg ei sak?

Dersom Dagbladet til slutt klarte å laga ein prinsipiell diskusjon om regelverket og papirmølla i det norske systemet som tydelegvis er vanskeleg for dei fleste både å følga og skaffa seg kunnskap om så hadde det jo vore eit poeng, men dette vert berre dumt.

torsdag 20. august 2009

Mannsrolla i endring i Burundi

Those who bring light where there is darkness.
Kjønnsrolleendring i Burundi. Der menn lærer å yta i familien både når det gjeld omsorg og i produksjonen. Dei har tidlegare slått kvinnene sine og utnytta dei som arbeidsslaver der alt kvinnene har tent inn har vorte nytta til alkohol for mennene. I denne filmen fortel menn korleis livet deira har vorte mykje betre etter at dei endra seg. Dei har fått det betre med seg sjølve og kona og barna har også fått det betre. Økonomisk sett har dei også fått betre levestandard - opp frå botnlaus fattigdom.

Eit veldig positivt og vellukka prosjekt retta mot menn denne gongen.

Fyrst musikkvideoen deira:







tirsdag 18. august 2009

Musical om Madonna


Madonna er visst ikkje spesielt kjend som popstjerne i Malawi, berre som den kvite kvinna. Malawi si adopsjonslov tillet eigentleg ikkje at einslege adopterer og i tillegg må dei som adopterer ha budd to år i landet. Difor fekk Madonna fyrst avslag på å adoptera Mercy, men pengar hjelper. Eg skal ikkje påstå at ho direkte har betalt for adopsjonen ved å bestikka folk, men ho investerer mykje pengar i skuler osv for barn i Malawi. Då får du straks makt av di folk vert avhengige av pengestraumen frå deg.

Vel no lagar dei musical om Madonna i følge The Guardian

mandag 17. august 2009

Gravid med 12 barn

Ei tunisisk kvinne skal vera gravid med 12 barn og det skal dei ha oppdaga i 9. månad i følge VG. Det skal du få meg til å tru. Skal liksom ingen ha lurt på kor mange som var inni der før i 9. månad? Det er jo ein sensasjon å gå med flerilingar nesten til termin i seg sjølv. Kor små er dei fostera? Kor stor i magen er eigentleg denne kvinna? Når har dei tenkt å gjera keisarsnitt? Korleis kan dei vera sikre på at det er 12? Det kan då ikkje vera eit UL-funn. Er det nokon som veit kor mange egg som har vorte satt inn? Her er det mange ubesvarte spørsmål og informasjon som ikkje heng heilt på greip.

Ei lita oppdatering:

The Sun skriv at det skal dreia seg om 6 gutar og 6 jenter så då må svangerskapet vera kome lenger enn 15-16 veker.

Daily Mail har ein informativ artikkel. Den einaste som ikkje berre fokuserer på det sensasjonelle ved svangerskapet. Risikoen for at ho får ein alt for tidleg fødsel er veldig stor og då er risikoen for at alle fostera dør også stor. Som Daily Mail skriv så veit ein ikkje kor langt på veg ho er, men 9 mnd er veldig lite sannsynleg for å seia det mildt.

Ny oppdatering som fortel akkurat kva for ei katastrofe dette er:


Siste oppdatering 19. august.
Det er sjølvsagt oppspinn frå ei stakkars psykisk sjuk kvinne som ikkje vil la seg undersøka medisinsk. Stakkars kvinne, sorga over barnløyse kan gje mange ulike utslag. Det var rett og slett alt for mange ting som ikkje hang på greip. Sjekk Foxnews og VG.

søndag 16. august 2009

Visakontoret = kjøkkeninngangen




Litt lite tid til blogging for tida etter at eg kom heim med mi artige, vesle jente frå Addis.

Då vi var der nede måtte vi på den norske ambassaden for å få Schengenvisum til litjpia. Ho reiste nemleg på etiopisk pass til Noreg, men ho har i følge papira eg fekk frå Bufdir norsk statsborgarskap frå adopsjonen gjekk igjennom. Det er mange papir som skal gå i orden og sendast hit og dit. No vonar eg berre at eg har fått sendt alle.

Vel, vi var altså på ambassaden i Addis. Eg kan ikkje seia eg kjenner at den bygningen på bildet. Vi kom humpande inn på ein kjærreveg etter norske høve full av humpar, høl og veldig sølete i regntida. Fyrst kom vi til eit skur der det sat drøssevis av folk og venta på å få koma til. Dei var alle somaliarar eller etioperar etc. Vi fekk passera vidare inn til kontoret og eit nytt venterom. Også her sat det folk og venta medan vi fekk gå rett inn. På dette kontoret var det ikkje eit einaste norsk andlet å sjå. Det er altså truleg her dei som har etiopiske namn på lista over tilsette på ambassaden arbeider, i tillegg til dei som er reingjeringspersonalet. Veldig hyggeleg og rask behandling for vår del, og ei vekes ventetid for å få visumet.

På vegen ut både då vi skulle levera dokumentasjon og då vi henta visumet, kom det ein mann ut frå skuret og spurte; " er dere norske?". Han eine budde i Oslo og var lei seg for å ha mista ranadialekta si. Det var der han hadde budd fyrst. Han andre sa; "Eg e fra Tromsø". Båe søkte om gjenforeining med konene sine. Det var klemmar, lukkehelsingar og tvi, tvi både hit og dit.

Visumkøen såg verkeleg ut til å vera for oss som går kjøkkenvegen. Det gav ikkje akkurat skin av å vera ei prioritert og høgverdig oppgåve. Reint bortsett frå oss få som adopterer frå Etiopia kvart år så er det vel aldri andre enn afrikanarar og krøttera på bildet av den parkerte drosjen vår som kjem denne vegen til ambassaden.

mandag 27. juli 2009

Addis Abeba






Det har vore stille her på bloggen min i nokre veker. Grunnen er at eg har vore i Addis, Etiopia og henta dotter mi på 14 mnd. Verdas herlegaste skapning sjølvsagt som vekker meg kl 6. Det er ikkje noko problem å vakna kl 6 når ein har godt selskap og har lagt seg i skapeleg tid, men det er merkeleg å ta seg i å ville ringa offentlege kontor kl 07.30 av di ein tykkjer ein har vore oppe lenge og er klår for å gå ut.

Vi var i Addis i 12 dagar og skulle jo få tida til å gå innimellom slaga som nybakt mor. Det var regntid og ikkje så verst kjøleg medan vi var der så det var ikkje alltid så mykje å henga ute etter.

Etter at eg vart matforgifta på 2. dag så har vi vel eigentleg berre ete på 3 ulike restaurantar som alle var gode og ulike. Vi var nok aller mest på Family Restaurant som hadde lokaler både i Debre Zeit og i Addis. Her får ein amerikansk og texmex mat. KJærkome for sarte magar som helst vil ha kjende smakar.

Elles åt vi på Makush som også er eit galleri. Her kjøpte eg eit foto av ei ung jente frå Hadar-stammen. Kraftfull jente som signaliserer "don't mess with me".

Vi åt også på Finefin som er ein ærverdig gamal etiopisk restaurant. Finefin er eit anna namn på Addis og folk frå Oromo-regionen kan visstnok ofta seia at dei skal til Finefin når dei meiner dei skal til Addis.

All transport innad i Addis vart skjøtta av vår eminente og koselege sjåfør Zewdu som er frå Amara-regionen. Når vi spurte kor gamal han er så visste han ikkje det sikkert. Han er ein stad mellom 30-35 sannsynlegvis, men det er ikkje så mange i Etiopia som har oversikt over alderen sin. Han losa oss i alle fall trygt gjennom byen på til dels dårlege vegar i ein gamal rusten Lada. Han var også vår store guide som fortalde oss kvar vi burde gå og kva vi burde sjå.

Min favoritt når det gjeld museum er heilt klårt etnografisk museum. Dei hadde ei strålande utstilling bygd opp etter livssyklusen som tema. Elles var vi sjølvsagt og såg Lucy

Vi møtte også våre vener i Inter African Committee (IAC) som de finn oppe til vinstre på bloggen min. Dei arbeider mot "harmfull practices" og er vel mest kjend for jobben mot kjønnslemlesting. Den jobben har dei halde på med i 25 år og har laga eit nettverk som inkluderer 28 land tvers over Afrika der kjønnslemlesting eksisterer. All mogleg honnør til dei.

tirsdag 7. juli 2009

Vald under graviditeten


EIn amerikansk studie fann at kvinner hadde 60,6% auka risiko for å verta utsatt for vald når dei var gravide enn når dei ikkje var gravide. Grunnen til det er at barnefaren kjenner på auka stress i samband med graviditeten i påvente av det nye barnet. Dersom graviditeten er uplanlagt og uynskt aukar også risikoen for vald frå partner. I den amerikanske studien var det også meir vald i samband med tenåringsgraviditetar. Ein kan jo spekulera mykje kring skilnader på USA og Noreg, fattigdom, dårlege sosiale forhold, redusert tilgang på abort osv. Studien vert også kritisert for ikkje å ta opp at graviditetane kan vera resultat i utgangspunktet frå valdtekter og mishandlarforhold. I nokre av desse amerikanske studiene rapporterer dei også om opp til 37% som vert utsatt for vald. Det er i sofall eit mykje høgare tal enn den norske studien som vert referert i VG. Men dei norske tala samsvarer med ein australsk studie frå 1998 der tala varierte frå 2-28% alt ettersom korleis vald var definert. Ein annan studie frå 2008 fann at 1 av 14 er utsatt for vald.

Dei som er utsatt for vald har auka risk for depresjon etter fødsel. I tillegg har dei også større sjans for å rusa seg under graviditeten eller ikkje klara å slutte å røyke til dømes. Direkte slag mot magen kan også i verste fall føra til morkakeløsning. I tillegg til at det skal vera auka risiko for for tidleg fødsel. Dette kjem i tillegg til alle dei negative konsekvensane fysisk og psykisk vald har på alle.

Det finst alt for lite kunnskap om vold og graviditet og diverre endå fleire tiltak retta inn mot dette. Forslaget om at spørsmål kring vald skal verta del av svangerskapsomsorgen er difor absolutt på tide.

søndag 28. juni 2009

La teta asustada

Går stadig rundt og lurer når denne filmen som heiter "The milk of sorrow" på engelsk skal koma til Noreg. Den vann gullbjørnen i Berlin, og omhandlar resultatet av valdtekter i krig. Kan sorgen og traumet som mor opplevde då ho vart voldtatt under den 20 år lange borgarkrigen i Peru frå 1982 til 2002 overførast til barnet via brystmjølka? Valdtektene skjedde både frå regjeringshæren si side og frå guerriljaen Lysande sti. Valdtekt vert stadig brukt som krigsstrategi. Då Claudia Llosa mottok prisen så sa ho:"dette er for Peru, dette er for landet vårt". Dei har hatt store visningar i dei fattige bydelane som reiste seg utanfor Lima når folk kom flyktande frå krigsområda i fjella. Der bur mange av kvinnene som filmen handlar om. Lysande sti infiltrerte også her og såg ikkje blidt på aksjonar og tiltak frå kvinnene om å betra situasjonen når dei bygde felleskjøken osv.

No håper eg uansett at filmen snart kjem til Noreg. Susana Torres som er ei av kunstnarae i youtube klippet to innlegg sidan har hatt ansvaret for det sceniske i filmen.



tirsdag 23. juni 2009

Iran - utanfor presteveldet, boktips






Dei siste par åra har det kome fleire romanar med tida kring revolusjonen og Iran/Irak-krigen som bakteppe. Det har vore interessant å lesa ikkje minst av di eg har ein god kollega og veninne som sjølv rømte frå Iran i 1986 via Tyrkia som 18 åring. Ho og søstra måtte halda seg skjult i Tyrkia i omlag eit år medan dei venta på å få plass som flyktningar. Tyrkia var kjende for å "selga" iranarar tilbake til Iran. Gjennom hennar forteljing, og dei ulike andre som kjem fram i bøkene så har det for meg openbera seg eit nytt og flott land som ikkje handlar om prestevelde og fundamentalistiske muslimar. I mitt einfald så hadde eg gått rundt og trudd at dei fleste iranarar som kom til Noreg var shaen tilhengjarar.... Flaut nok oppdaga eg at dei fleste iranarar var motstandarar av shaen og derav revolusjonen. I staden har dei fleste vore politiske opposisjonelle og oftast radikale menneske.

Dei siste dagane med demonstrasjonar mot styret som vert svart på med drap på sivile menneske er ein repetisjon av historia. Dei fekk gravleggja Neda, men som det står i artikkelen var det mange som ikkje fekk gravleggja sine familiemedlemer under revolusjonen.

Ein artikkel som ser på Irans historie og det nylege opprøret meiner det minner meir om grunnlovsrevolusjonen "Mashruteh" 1906-09 enn revolusjonen eller eventuelt opprøret på 1963 mot Shaen som førte Khomeini i eksil.

Her er diverse boktips:

READING LOLITA IN TEHRAN, Azar Nafisi
Ein bestseljar i vesten, men kritisert av mange andre iranarar som meiner den er eit døme på orientalisme som forsterker myter og sterotypiar om muslimar. Boka er om ein lesesirkel av kvinner som tar for seg bøker som var forbudte i ein periode. Litteraturdelen er kanskje for mange den mest spennande. Eg skjønar kritikken av boka, men hadde likevel glede av den som ein av stemmane frå iranerar

Eit kritisk svar til boka er
JASMIN AND STARS - READING MORE THAN LOLITA IN TEHRAN, Fatemeh Keshavarz
Som Fatemeh sjølv seier: You might say Jasmine and Stars has been in the making for years -- at least for a decade. During these years, when many books and media reports about Iran were published, I would search for the Iran that I know, for my friends, for myself. But we wouldn't be there. Usually in these books and news reports, everything would revolve around religion or politics, and people would be villains or victims. A typical example was Reading Lolita in Tehran: A Memoir in Books by Azar Nafisi

HUSET VED MOSKEEN, Kader Abdolah
Medan dei andre bøkene er skrive og omhandler den sekulære middelklassen i byen så handlar dette om ein storfamilie som er satt til å passa på moskeen i ein mindre by. Fleire av dei er i høgste grad religiøse og ein får eit breidt spekter av menneske og livsval. Den er også omsett til norsk.

PRISONER OF TEHRAN, Marina Nemat
Ei sjokkerande historie som virkar truverdig om fangenskap, eit påtvunge forhold til ein fangevaktar, tortur og andre for dei fleste av oss utrulege historier. Men boka handlar også om barndomen hennar, om hennar russiske bestemor, kristne i iran, natur, littaratur, og menneska er ikkje skildra svart kvitt. Den gjev gode døme på at alt er ikkje som det ser ut og ei sak har mange sider.

WOMEN WITHOUT MEN, Sharnush Parsipur
Ei stjerne av ei bok med fleire kvinnelege hovudpersonar som får sine liv vevd saman. Dette er magisk realisme og noko heilt for seg sjølv. Heile boka på google her.

mandag 22. juni 2009

Ikkje lett å vera vakker....?



Etter at eg ved rein tilfeldigheit las Flopsys innlegg frå i mars om å vera ein stygg sur feminist så hugsa eg plutseleg på ein herleg video på Youtube av to peruvianske kunstnerar. Dei seier at kroppen er ein kamparena og at venleik er i auga til den som ser. Dei laga dette som performance, ein del av ei større utstilling der dei også tematiserer korleis utsjånaden til urbefolkninga ikkje fell inn under standardiserte venleiksideal. Dei har også måla seg sjølve inn i kjende måleri frå kunsthistoria. Sjekk det ut her

Peruvian Beauty (Patricia Bueno-2004) [Micromuseo]

Stoler ikkje helseministeren på helsesystemet vårt?


Heldigvis har Bjarne Håkon Hanssen etter noko betenkningstid og sannsynleg råd frå sjefen sagt at det var uklokt å ringja leiinga ved Ullevål for å forsikra seg om at venen fekk god behandling. Men han vil gjerne som pårørande ha rett til å gjera det dersom det dreier seg om eigen familie.

Sorry, Hanssen, men det tykkjer eg faktisk ikkje er haldbart. Som pårørande har ein sjølvsagt rett til å vera med sine kjære til behandling og sjukehus, men det å ringja sjukehusleiinga kan då ikkje alle pårørande gjera. Kva godt skulle det koma ut av det? Stoler forresten ikkje helseministeren på helsesystemet vårt?

Både som lege, pasient og pårørande så har eg mange gongar vore glad over at det i det norske helsesystemet generelt sett ikkje er skilnad på smått og stort. Eg ville heller aldri bedt om særbehandling, men min forse vil sjølvsagt vera at eg i større grad veit kvar eg skal søka behandling. Av og til har eg tilvist folk eg kjenner til behandling, men dei kjem då inn i den same vurderingskøen som tilvisingar frå andre legar. Ein kan ikkje nytta sine kontakter og meir eller mindre offisielle makt til å snika i helsekøen eller krevja betre behandling enn andre. Det er det Hanssen i dette tilfellet har gjort.

Ein kan jo lure på om Hanssen har ein grunnleggjande misstillit til sjukehusa rundt i kring dersom han ser seg nøydd til å ringa for å pusha på behandlinga, og då har han jo ein betydeleg større jobb å gjera. Han sit sjølv og styrer budsjettpostar og set rammer for kva sjukehus skal kunne tilby. Hjå oss på Haukeland har direktøren satt som krav at behandlinga skal vera "god nok", kva no det skulle tyda. Tanken er vel at vi ikkje kan driva med luksus, men sjølvsagt forsvarleg og menneskeleg behandling.

lørdag 20. juni 2009

Lubben, frodig og BMI-hysteri


Eg har lenge tykt at fokuset på BMI var noko møl. Ikkje er det nødvendigvis så veldig representativt for din reelle feittprosent heller. Kroppsbyggarar mellom anna kjem ganske raskt opp i kategorien feit -altså BMI over 30. Det var no eigentleg berre eit søkt døme, men ikkje mindre illustrativt. Sjølv har eg lenge tilhøyrt kategorien overvektig med ein trivsels-BMI på kring 27. Nokre gongar høgare, andre gongar lågare, men det er lenge sidan eg var under 25. Veldig glad i mykje som kan stappast i kjeften eigentleg og har ikkje heilt skjønt vitsen med å la babygullerøter framstillast som snop. Kven er det eigentleg ein lurer - slankehysterikarane?

Så les eg då gladeleg at det er ikkje dei tynne som kjem til å leva lengst, men derimot dei lubbne. Det har nemleg japanske forskarar funne ut. Hah, var det ikkje det eg trudde! Livsnyting er ikkje dumt det heller, men alt skal vel kanskje nytast med måte. Aktivitet har lenge vore vist å vera viktigare enn kor mange kilo du har. Det trøyster eg meg veeeeeeldig med når eg går mine 25 min fram og tilbake frå jobb - 1 times dagleg trening kallar eg det.

Kan ikkje seia anna at min "formfullendte" kropp gler seg over slik forsking....

fredag 12. juni 2009

Særbehandling av kjendisar - menneskehandel


No viser det seg at høgsterett i Malawi omstøyter den tidlegare avgjerda om at Madonna ikkje får adoptera Mercy. Den førre dommen baserte seg på at lova i Malawi seier at ein må ha budd 18 månader i landet for å få adoptera derifrå. Høgsterett hevdar at sidan ho donerer så mykje pengar til skuleprosjekt i Malawi så har ho tilknyting god nok... Kva skjedde eigentleg då ho adopterte David Banda? Det er uendeleg mykje korrupsjon rundt i kring, og det er stor skilnad på å vera kjendis med rikeleg med pengar frå USA enn ein heilt vanleg familie frå Noreg dersom ein vil adoptera. Det kan godt henda at både Mercy og David får det betre eller i alle fall vel så bra hjå Madonna som i Malawi, men båe har familie i Malawi som ikkje eigentleg ville dei skulle adopterast bort. Er då barna lovleg gitt opp for adopsjon? Det at dei bur på ein barneheim treng jo ikkje å tyda at dei ikkje har jamnleg kontakt med familiemedlemer. Astrid Lindgren har jo fortald koreis hennar fyrste barn budde hjå fosterforeldre i Danmark før ho fekk økonomi og organisering av livet sitt som gjorde at ho kunne henta han heim til seg. Kven seier at det ikkje er situasjonen til desse barna sine familiar.

Noreg samarbeider ikkje med land for adopsjon dersom dei ikkje har ratifisert Haag sin barnekonvensjon. Har Malawi gjort dette? Det kan godt henda at Madonna har edle motiv i å ville hjelpa barn i Malawi, men det kan ho gjera utan å adoptera barn derifrå. Ho har sannsynlegvis også reelle ynske om barn, men kan ho ikkje då velga land og barn som ein veit er lovleg gitt opp for adopsjon? Madonna sine adopsjonar set adopsjon i vanry. Til motsetnad så har Angelina Jolie konsekvent vald land som allereie har oppretta samarbeid om internasjonal adopsjon, og der adopsjon truleg er meir regulert og vonleg betre kontrollert. Barn er ikkje varer som ein kan plukka og velga og kjøpa for pengar.

Sagt av journalist Kate Spicer i Dailymail:
Women of my generation are so consumer-crazy, after decades of Manolo Blahniks and finding the perfect location for a weekend mini-break, a baby is the ultimate buzz purchase. I wonder if you can stick it on your Barclaycard?

mandag 8. juni 2009

Plagsame kjønnslepper




Eg slutter aldri å undrast over kva for forestillingar nokre kvinner kan ha om sin eigen kropp. Av og til er det også basert på berre ein kjærast sin kanskje "sleivete" kommentar. Finst det i det heile FOR STORE kjønnslepper? Og kva er i sofall for stort?

Dette er mellom anna tatt opp i eit program som no går på NRK som heiter Pinlige sykdommer med undertittel "overflødig hud nedentil".

Ein gynekolog fekk diverse andre kvinnelege gynekologar og veninner for nokre år sidan til å måle sine eigne kjønnslepper og svare på spørsmål som om ein tykte ein såg normal ut eller ikkje osv. No kan ein kanskje hevda at kvinnelege gynekologar er ei ganske selektiv gruppe, men ein ting er i alle fall sikkert og det er at vi veit betre enn andre kva som er normalt og ikkje. I denne gruppa varierte lengden frå 0,5 til 8 cm og ingen tykte dei såg unormale ut eller hadde problem. 40% hadde indre kjønnslepper som vistes utanfor dei ytre kjønnsleppene. Dette er også delvis avhengig av kor mykje feitt du har på kroppen sidan dei ytre kjønnsleppene varierer med kor tynn du er. Ein annan studie gjort på 124 kvinner viser:
Lengde på dei indre kjønnsleppene og prosenten:
0-2 cm 87,8%
2 cm 4,9%
3 cm 5,7%
4-5 cm 1,1%
5-6 cm 0,7%
Hovud poenget er uansett at det er eit hav av variasjonar her som på resten av kroppen og det er ikkje nokon standard som er normal. Om du opplever det som normalt eller ikkje, eller tykkjer du har problem har heller ikkje så mykje med korleis du eigentleg ser ut å gjera. Dei fleste menn gir blankt f... og skulle dei ha meiningar om dette så varierer det også sterkt.

I 2000 lurte Helsedepartementet på om kirurgisk operasjon for å minska kjønnsleppene kunne verta råka av same lova som gjeld for omskjæring og at det difor var forbudt.

Når det gjeld NRK sitt program så vert eg pinleg berørt på legestanden sine vegne som kan finna på å seia i beste sendetid at dei kvinnene det gjeld har eit problem som skal løysast med kirurgi.

Dette er ein erogen sone og kirurgi kan endra følsomheit og skapa arr som skjenerer. Når ein vert seksuelt tent så vil dei indre kjønnsleppene verta blodfylte og svulma opp. Dei har på sitt vis ein funksjon.

PS: Her finn de Vulva taxi laga av den finske kunstnaren Mimosa Pale som de ser avbilda over.

torsdag 4. juni 2009

Forplantningsdrift?



Ein kan vel trygt seia at forplantningsdrifta har vorte veldig stor på eit tidspunkt når ein har forsøkt kunstig befruktning i ulike former i 20 år frå ein er 46 år slik Elizabeth Adeney, Storbritannias eldste mor på 66 år har gjort. No klarte ho det og reiste heim med sin vesle son. Det står ingenting i artikkelen om ho hadde hatt dette barneynsket før ho vart 46 år også. Er det naturen som kaller fram dette barneynsket når ein nærmar seg overgangsalderen eller er det samfunnet sine forventningar til livsrolla di som tar innersvingen på deg? Ei sterk kraft har det i alle fall vore og pengar har ho hatt slik at ho til slutt nådde målet. Eg tør ikkje å tenkja på alle dei misslukka forsøka og spontanabortane ho må ha hatt på sin veg. Dei fleste ville vel vorte skjøre og utkøyrde for lenge sidan. Nokon vil vel hevda at ho ikkje er heilt rett navla som går hen og vert mor godt inne i bestemoralderen. Egoistisk kan ein vel også kalla det, men så er kanskje det å få barn litt egoistisk grunnfest uansett.

Vi får berre tru og håpa at ho har tenkt fram i tid også. Ho er 83 år den dagen han er myndig. Han har ingen far og heller ikkje sysken. Ein kan ikkje nett samanlikna det med at menn går i veg og vert fedre i godt vaksen alder. Desse mannfolka har stort sett ei yngre kvinne som dei har gjort gravide og som ikkje er 80 år når poden står konfirmant. Ein har sjølvsagt ingen garantiar her i verda, og det som skjer det skjer. Det er mange forskjellige familiekonstelasjonar og måtar å leva livet sitt på, og dette er eit av dei mindre vanlege - i alle fall til no.

onsdag 3. juni 2009

Make Noise For Free Choice!

Make Noise For Free Choice!

Shared via AddThis

Ein underskrifttskampanje for retten til fri abort i Europa. Trykk på linken og skriv under.

Abort "hotline" i Chile


Chile er eit av dei få landa der abort er absolutt forbode. Det er ikkje ein gong tillate for å redda kvinna si helse. I tillegg har dei ei av dei høgste abortratene i verda svarande til nesten 1 av 3 svangerskap. Dei offisielle aborttala hevdar at det er ca 40 000 abortar årleg, men dette er berre dei kvinnene som vert oppdaga av di dei kjem inn med komplikasjonar etc. I staden så reknar ein med at dei reelle tala ligg nærare 160 000 abortar årleg.

Ved hjelp av ei heil liste av feministorganisasjonar i Chile har ein no opna ei "hotline" for trygge abortar i Chile "Aborto; informacion segura". På biletet ser de talspersonen Semoira Molina. Telefonen vart opna på den internasjonale dagen for kvinners helse 28. mai.

Det er no krefter igang for å få lagt ned telefonen, men også mykje støtte. Vi heier på feministane i Chile og håper på lettare tilgang til trygg abort.

mandag 1. juni 2009

Risikerte livet for kvinners helse


George Tiller har levd eit utsatt liv i mange år med dagleg harrassment og fysiske åtak. Til slutt klarte ein abortmotstandar og ekstremist å drepa han.

George TIller har drive abortklinikken med fare for eige liv for å hjelpa kvinner i ein vanskeleg situasjon. Han tok over faren sin legepraksis då han høyrde om ei kvinne som hadde døydd av ein utrygg abort. Faren hadde utført abortar i sin legepraksis. Han hadde sin praksis i Wichita, Kansas og vart drepen i den kyrkja han tilhøyrde og var kyrkjetenar.

Han dreiv ein av tre klinikkar i USA som utfører seinabortar. Talet på seinabortar er høgare i USA enn i Skandinavia. Grunnane til dette er mellom anna dårlegare seksualundervisning som gjer at ein del oppdager seint at dei er gravide. I tillegg er abort dyrt i USA og mange må reisa langt for å koma seg til ein klinikk som tilbyr abort. Då treng dei ikkje pengar berre til prosedyren, men også til reise og opphald. Alle har ikkje like mykje pengar og må då bruka tid på å samla saman pengar for å få utført aborten. Dei som har vorte gravide etter overgrep og liknande, har psykiske plager osv har også større risiko for å oppdaga seint at dei er gravide mellom anna av di dei fortrenger det. Dei treng kanskje i enda større grad hjelp. Abort har alltid vore tilgjengeleg i trygge rammer for dei som har nok pengar medan det er fattige kvinner som set liv og helse i fåre ved å ty til utrygge abortar.

Det er imponerande at nokon som har vorte skoten og lemlesta tidlegare og utsatt for konstante åtak frå abortmotstandarar held fram med å tilby ei teneste som er så viktig for kvinner, for å gje dei eit trygt og godt tilbod. For oss som bur og arbeider i Noreg er det umogleg å forstå kva for ein situasjon han har levd og arbeidd under. Både kvinner og helsepersonell i Noreg kan vera takknemlege for dette.

Mange kvinner har fått hjelp av George Tiller. Han vil verta minna og sakna av mange.

søndag 24. mai 2009

Ta trikken



I dag har eg vore på min absolutt kortaste trikketur, men også i den desitert eldste trikken. Eg bur forresten i Trikkebyen - Møhlenpris så det skulle berre mangla at eg ikkje køyrer trikk av og til. Trikken vert drive av entusiastat og er sjølvsagt ein museumstrikk. Trikkeskinnemetrane aukar ikkje så mykje frå år til år så enno går berre trikken frå trikkestallen på ved Møhlenpris skule til sceneinnganen til Hulen som også er på Møhlenpris. Men turen var prisverdig. Det tykte i alle fall dei to små gutane eg hadde med på turen og vogna vi sat i var frå 1896 og var i drift til 1920. Planen er å strekka skinnene heilt til studentsenteret i løpet av året. Det vil seia eit par hundre meter til og i løpet av ein femårsperiode å kunne tilby ein trikketur heilt frå Møhelnpris til Engen og teateret. Gutane meinte vi hadde køyrd trikken til Kardemommeby.

torsdag 21. mai 2009

Naudprevensjon i sal utanom apotek i Noreg


Og når vi fyrst er inne på det temaet så har regjeringa på slutten av fjoråret bestemt at naudprevensjon skal vera tilgjengeleg også utanom apotek. Sjå her.

Så no kan du løpa ned til næraste kiosk og kjøpa naudprevensjon, cola, paracet og ein hamburgar etter ein vellukka, men uplanlagt kveld. Men diverre så er det mange butikkar som ikkje har utvida vareutvalet sitt i fylgje folkehelseinstituttet.

Endringar treng vanlegvis litt tid så vi får halda trua oppe.

Naudprevensjon vert reseptfritt i Spania


Noreg var det første landet i verda til å gjera naudprevensjon reseptfritt i 2000. Det dreier seg om to piller som ein tar med nokre timars mellomrom etter at ein har hatt eit ubeskytta samleie. Pillene må takast innan 72 timar etter samleiet, men det er viktig å hugsa at dei har større effekt dess tidlegare du tar dei.

No går Spania same veg. Det har vore ein stor debatt, men helsedepartementet har bestemt at den skal verta reseptfri. Kvinner må likevel venta i tre månader før avgjera vert gjeldande. Sjå saka her.

HURRA!!!!!

torsdag 14. mai 2009

B mrk Hushjelp søkes


Hordaland museum har for tida ei utstilling om hushjelpene i norsk historie. Det var ein drastisk auke i talet på hushjelper i mellomkrigstida. Hushjelp var einstydande med ugjift, og dei var oftast frå landsbygda. Kvinneløna var så dårleg på den tida at ei kvinne knapt hadde råd til å kosta sin eigen bustad på den løna. I tillegg til manglande tilgang på arbeid for kvinner, og det at kost og losji var ein del av gjenytinga for husarbeidet var nok ein hovudgrunn for at det var det levebrødet kvinnene hadde. I tilegg til at dei ikkje fann arbeid på heimplassen og måtte ut for å fø seg sjølve så var det kanskje også kjærkome å koma seg ut or bygda og oppleva bylivet.

Au pairar og dei som har au pairane fortel om at mor i huset gjerne ser på det som si oppgåve å "passa på" "jentene" som om dei skulle vera i mor sin stad. Nett slik var det i mellomkrigsåra også. Det kunne verta lagt ganske strenge grenser for kor lenge dei fekk vera ute osv. Ikkje det at dei hadde så mykje fritid. Då som no er au pairane/hushjelpene prisgitt dei dei kjem til for å verta behandla bra og ha ryddige og gode arbeidsforhold.

Utstillinga prøver i ein liten plansje å dra parallellar til au pairane i dag, men får strykkarakter i forsøket. Dei freister også å seia noko om overgangen frå heiltidshusmødre til i dag. Dei framstiller det som om ein i nyar etid har drite i husarbeid (lever vi meir skittent?) og at vi difor ikkje har hatt det same behovet. Dei seier ingenting om at barnehage, eldreomsorg, vaskemaskiner, oppvaskmaskiner, halvfabrikata og heilfabrikata (mat) etc har tatt over mange av husmora/hushjelpa sine arbeidsoppgåver. I dag er dei fleste to vaksen hushaldningar også to inntekst hushaldningar og ikkje berre enkeltinntekt. Dette må sjølvsagt føra til endringar i strukturen.

Det var likevel artig og informativt å sjå utstillinga. For oss som har familie frå desse bygdene så er det fortida til våre forfedre. Mi bestemor kom frå sunnfjord og var "husmor" ikkje i ein privat heim, men i ein offentleg institusjon. Oldefaren min var sjømann. Dei gifta seg seint og fekk barn seint også. Oldemor mi var i alle fall over 30 år og oldefar min var nesten ti år eldre. Dei var frå den same vetle grenda i sunnfjord og truleg kjende dei kvarandre derifrå og kanskje møttest dei når dei var heime på ferie. Det er ikkje god å vita, men det var vanlegare at folk var eldre før dei kunne setja bu på den tida enn 50 år seinare.
.

tirsdag 12. mai 2009

Frå Mad men til youtube


Eg har smerteleg funne ut at andre sesong av Mad men enno ikkje er å få kjøpt. Då gutvotten på Platekompaniet byrja å snakka om juli så nesten hånflirte eg og påsto at det sto noko anna på nettsidene til Mad men, men det var før eg hadde lese det med "liten tekst". Ingen stader i verda får du serien på DVD før i juli. Eg er knust. Eg var i alle fall litt knust i i nokre minutt til eg oppdaga andre medier.

No sit eg heile kvelden i sofaen og kruser rundt på youtube etter instrumentalversjonar av songar som eg så prøver å synga til med heile sjela mi i. Vel, det er noko med damer som alltid skal synga så "pent". Eg går rett i den fella - heile tida. Så tar eg det opp med kameraet på mac'en..... Og sidan eg heiter noko heilt anna på youtube så er det ingen som finn meg. Hi, hi.... Det er så mykje anna av varierande kvalitet der ute uansett.

mandag 11. mai 2009

Eurovision


Etter at eg las artikkelen i New York Times om Eurovision fekk eg nesten lyst til å sjå det igjen trass i at noko av den gamle sjarmen er borte når ting går over fleire dagar etc.

Er dessutan mektig lei av den abosulutt enerverande låta Fairytales som visstnok er ein favoritt.

Legg ved nokre gode sitat frå NYT :

But I promise: you might come for the terrible music, but you’ll stay for the bad costumes and ridiculous dancing.

This year’s favorite is Alexander Rybak, a singing violinist from Norway. He looks about 14, grins like he’s been nipping from Grandma’s plum brandy and sings implausibly about a failed love affair from “years ago, when I was younger.”

backing dancers who think they’re in a Cossack aerobics video to make it a Eurovision classic

Ryback’s closest rival is thought to be Sakis Rouvas, a sort of Greek Ricky Martin who has both entered and hosted the competition before. His song is truly awful, which is not a deal breaker in Eurovision

lørdag 9. mai 2009

Mad men igjen

Har nett avslutta fyrste sesong av Mad men der det ser ut til å avslutta med at Don Draper vert sentimental og nostalgisk(?) og reiser heim til familien og tankjer å reisa med dei på Thanks giving ferie. Ikkje det at Don har så mykje familie å vera nostalgisk over, men det er som reklamefolka seier. Dei kan selga dei ein kvar draum. Bodskapen i kveld var at familie er viktigare enn elskerinner og forelskingar. Dei måtte vel det etter å ha køyrd ein heil sesong med desperate husmødre og notorisk utrue menn. Så fekk vi også bevist at prevensjon ikkje alltid virkar, men det visste i alle fall eg frå før. No går eg snart inn i ein akutt sorgreaksjon og må springa i butikken og kjøpa sesong 2. Unnskyld, unnskyld, unnskyld til Pirates of te real world.

tirsdag 5. mai 2009

Mad men



Har fått labbene på fyrste sesong av Mad men. Etter at eg gløymde å betala Canal Digital av di eg trudde eg hadde autogiro så har eg stort sett tydd til nett-tv og DVD'ar og kan ikkje seia eg saknar TV noko særleg. Ein kunne jo av og til ynskja seg ein større skjerm, men så har eg jo Mac'en litt nærare enn ein vanleg TV.

Vel, eg har altså oppdaga Mad Men og sit til seine nattetider og ser ein ny episode og så ein ny episode osv. Her er menn, menn og det betyr at dei går i dress og røyker Lucky Strike medan dei heller i seg ein drink, og det gjer dei nesten kontinuerleg. Dei er nesten berre på jobb og har ingne kvinnelege kollegaer bortsett frå sekretærar som konkurrerer om deira merksemd og vert framstilt som om det einaste dei drøymer om er å få liggja med sjefen. Ein høgdare av ein time til gynekologen som hevdar han er diskret og skal gje deg prevensjon, men som seier at han vil ta det tilbake igjen dersom du flyr rundt og tar deg litt for mykje til rettes for å "make your moneys worth". Den skilte nabokvinna er ein trussel - og litt spennande og elles har vel nesten alle mannfolka ei kvinne på si. Konene har null peiling på kor mykje pengar familien har å rutta med og kunne fint gått inn i Betty Friedan si bok "Myten om kvinnen". It is a ball.

søndag 3. mai 2009

Lamming - vårens vakraste eventyr



Har vore ute på Osterøy og landstedet mitt på Tysse i helga. Alltid kjekt å koma ut dit til ro, fred og for augneblinken ein blømande hage. Det siste var eg meir i tvil om då eg byrja på arbeidet med blomebedd i fjor. Tomta ser framleis ganske herja ut eller skal vi heller på fint kalla det ei naturtomt. I tillegg har eg fått meg ei utruleg hyggeleg bygd på kjøpet så her kan ein verkeleg kjenna seg heima. Er du selskapssjuk så er ein tur ned til Ty'en på butikken eit godt botemiddel. Her er det stort sett alltid folk å prata med.

Det er også rikeleg med sau - villsau i bygda, og dei har eg fritt utsyn til. I fjor var eg litt lei meg for at eg gjekk glipp av lamming så då eg i år vart spurt om eg ville vera med så vart eg hoppande glad - nett så eit lite lam.... Vi gjeta i helga på ei stordiger brun søye som truleg hadde meir enn tvillingar og som byrja å smalna til over svangane. Eg har no lært meg litt teikn på sauerier og fødselsterminologi for sauer. Rett nok påstår sauepassarveninna mi at det er nett som hjå menneske, men det er litt anleis å be ei kvinne om å leggja seg ned slik at du kan kjenna på opning enn å måtte sitja på 20 m hald med kikkert for å sjå om det skjer noko i fødselsopningen. Men det skjedde da noko - etter kvart kom fosterposen ut og søya trykte kløver og hovud ut. Då byrja lammet å virra med hovudet og då fekk eg melding om at det tyder fosterstress så då må ein dra det ut. Så no har eg gjort uttrekking på lam. Til slutt hadde ho fått tre fine lam eit svart, mørkebrunt og ljosebrunt. Som fødselshjelpar sørga eg berre for å gjera munnen og nasen fri for gøgge (les fosterhinner og fostervatn). I løpet av ein time fekk ho altså tre lam og alle tre hadde kome på føtene. Det er makalaust

torsdag 30. april 2009

Du herlege globale verd


Har hoppa på Twitter i det siste og då strøymer det på med info frå rundt omkring. Ikkje alt er like nyttig, men det er mykje tips og hygglege ting som kjem eins veg. Vart skikkeleg rørt over desse fantastiske musikkvideoane som var satt saman av musikarar frå heile verda, tatt opp der dei er. Her finn de linken.

Eit godt døme på det gode ved den nye globale verda. Takk for dette nettet som eg så vidt byrja å bruka i 1993 då eg byrja på studiet og fekk mi fyrste epostadresse. Då kunne eg endeleg byrja å kommunisera med familien min i Australia med noko anna enn brev som tok ei veke å koma fram. Det er makalaust.

Det er også artig når ein ven i Guatemala snakkar om at vi kan ha eit felles musikkprosjekt der dei kan spela inn musikken i Guate og så senda det til Noreg for at eg skal leggja på song.

lørdag 28. mars 2009

Prinsesser og deira redningsmenn



Har vore på Barnas hus i Teatergarderoben i dag. Der kler barn seg ut og saman lagar dei ei dramatisering med litt rettleiing av ein vaksen. Nokre barn er sjølvsagt meir husvarme, ekstroverte og deltakande enn andre, men fleirtalet deltok. Her var det dragar, slemme hekser, slott, skattar, skattekart osv. Målet med forteljinga utkrystalliserte seg til å vera å berga to prinsesser.

Kvifor er det alltid prinsesser som skal bergast? Når treng ikkje ein prins litt bergingshjelp? Kjende plutseleg ein liten smule irritasjon der. Dei to prinsessene sat fanga i eit hjørne medan dei andre måtte gjennom farefulle strabasar over rare, gyngande bruer, tur med dragar og vindar i kampen mot hekser og dess like for å finne skatten som skulle berge prinsessene. Så der sat det då på nytt to "forsvarslause" kvinner, passivt og gjekk glipp av moroa.

Den einaste trøysta var at eit par jenter var løver og tigrar som hjalp til i bergingsaksjonen saman med eit par Alice i Eventyrland-kopiar og ein drøss av riddarar. Ganske tradisjonelle kjønnsrollemønster. Ingen kvinnelege riddarar som eg kunne sjå.

Men gøy var det - i alle fall for dei som slapp å vera prinsesser!