mandag 8. juni 2009

Plagsame kjønnslepper




Eg slutter aldri å undrast over kva for forestillingar nokre kvinner kan ha om sin eigen kropp. Av og til er det også basert på berre ein kjærast sin kanskje "sleivete" kommentar. Finst det i det heile FOR STORE kjønnslepper? Og kva er i sofall for stort?

Dette er mellom anna tatt opp i eit program som no går på NRK som heiter Pinlige sykdommer med undertittel "overflødig hud nedentil".

Ein gynekolog fekk diverse andre kvinnelege gynekologar og veninner for nokre år sidan til å måle sine eigne kjønnslepper og svare på spørsmål som om ein tykte ein såg normal ut eller ikkje osv. No kan ein kanskje hevda at kvinnelege gynekologar er ei ganske selektiv gruppe, men ein ting er i alle fall sikkert og det er at vi veit betre enn andre kva som er normalt og ikkje. I denne gruppa varierte lengden frå 0,5 til 8 cm og ingen tykte dei såg unormale ut eller hadde problem. 40% hadde indre kjønnslepper som vistes utanfor dei ytre kjønnsleppene. Dette er også delvis avhengig av kor mykje feitt du har på kroppen sidan dei ytre kjønnsleppene varierer med kor tynn du er. Ein annan studie gjort på 124 kvinner viser:
Lengde på dei indre kjønnsleppene og prosenten:
0-2 cm 87,8%
2 cm 4,9%
3 cm 5,7%
4-5 cm 1,1%
5-6 cm 0,7%
Hovud poenget er uansett at det er eit hav av variasjonar her som på resten av kroppen og det er ikkje nokon standard som er normal. Om du opplever det som normalt eller ikkje, eller tykkjer du har problem har heller ikkje så mykje med korleis du eigentleg ser ut å gjera. Dei fleste menn gir blankt f... og skulle dei ha meiningar om dette så varierer det også sterkt.

I 2000 lurte Helsedepartementet på om kirurgisk operasjon for å minska kjønnsleppene kunne verta råka av same lova som gjeld for omskjæring og at det difor var forbudt.

Når det gjeld NRK sitt program så vert eg pinleg berørt på legestanden sine vegne som kan finna på å seia i beste sendetid at dei kvinnene det gjeld har eit problem som skal løysast med kirurgi.

Dette er ein erogen sone og kirurgi kan endra følsomheit og skapa arr som skjenerer. Når ein vert seksuelt tent så vil dei indre kjønnsleppene verta blodfylte og svulma opp. Dei har på sitt vis ein funksjon.

PS: Her finn de Vulva taxi laga av den finske kunstnaren Mimosa Pale som de ser avbilda over.

Ingen kommentarer: