fredag 23. april 2010

Artikkelen om medikamentell abort 9.-12. veke i Bergen

Endeleg er erfaringane våre med medikamentelle abortar for dei frå 9-12 veker publisert. Artikkelen står på trykk i tidsskriftet Obstetrics and gynecology. Bergens Tidende har også ei sak på funna våre i dag.

Som eg seier i BT så er vi den andre klinikken i verda som publiserer våre erfaringar med metoden for abortar i 9.-12. veke. Det gjer tilbodet til kvinner i vår region unikt. I størstedelen av verda så vert alle abortar for denne svangerskapslengda utført kirurgisk. Kirurgiske abortar er ikkje utrygge i vår del av verda, men også i ein trygg setting så er likevel medikamentell abort tryggare. Det generelle medisinske prinsippet seier dessutan at ein skal unngå kirurgi dersom ein kan koma i mål med like gode resultat ved bruk av ein ikkje-kirurgisk metode. 91,7% av alle kvinnene i studien hadde ein komplett abort utan noko som helst behov for kirurgi og 91% var fornøyde med metoden.

Etter mine spede erfaringar med forskning og publisering så får ein jo stadig meir respekt for forskningsprosessen. Det er ikkje nett gjort i ei handvendig, etter at eg posta dette i desember 2008 så har artikkelen vorte avvist av to tidsskrift før den endeleg no er publisert. Det interessante er at vi heile tida har gått til nye tidsskrift med høgare impact factor, og for kvar gong har dei vore meir intersserte. Så då kan det virka tidvis tilfeldig kvar og når artikkelen slår inn.