tirsdag 9. desember 2008

Celebrando



Eg har hoppa og dansa heim frå jobb i dag der eg sat til kl 21:15 for å gjera ferdig min fyrste stooore forskningsartikkel no står det berre at å få godkjenning frå dei andre før den skal postast til British Journal of Obstetrics and Gyneacology (BJOG). Ein stor dag! Temaet er sjølvsagt medikamentell abort og denne gongen for dei som har svangerskapslengde 9-12 veker. Vi er jo litt stolte over å vera dei fyrste som tilbyr dette i Noreg og at det berre er 3 andre klinikkar i verda som har publisert noko på dette. 

Elles har eg fått offentleg takk for å fungera som hittegodskontor på side 3 i Dagbladet. Veldig hyggeleg Stein Aabø. Vi hadde ein veldig hyggeleg prat om eitt og hint på toget så ja, moralen er å snakka med dei du møter på din veg. Linken finn de her.

2 kommentarer:

Kristian sa...

so moro å lesa om deg i avisa! bra jobba mette! publikasjon og hittegodskontor på ein gang. ikkje dårleg.

Syncopa sa...

Gratulera, Mette! God grunn til feiring. Ha ei fin adventstid, og god jul!
Solveig