onsdag 10. desember 2008

Totalforbod mot abort i Nicaragua - ein dødsdom



Etter at Ortega har kome til makta har han fjerna den siste retten kvinner har hatt til abort. No har dei ikkje ein gong rett til abort når dei har ein graviditet utanfor livmora. Det er ein livstrugande tilstand og kan aldri føra til at fosteret utviklar seg. I tillegg har han i samarbeid med den katolske kyrkja lovfesta fosteret sin rett til liv.

Kvinner har altså vorte mindre verdt enn eit foster og dødsdømte. Ein veit allereie om dødsfall av di legar ikkje tør å trassa regjeringa og difor har latt kvinner dø.

Ni kvinner vert no rettsleg forfulgte av di dei i 2003 hjalp Rosita som budde i Costa Rica å få ein abort i Nicaragua. Ho var berre 9 år og hadde vorte valdtatt av det som seinare viser seg å vera stefar sin. I 2003 var det lovleg med terapeutisk abort i Nicaragua. Då Rosita var 11 år vart ho gravid på nytt og har født eit barn. Trass i at stefaren fyrst hevda at det var ein nabo som hadde valdtatt jenta så har han no vorte dømt til 30 års fengse.

Angrepet på dei ni kvinnene reknast som eit åtak på kvinners rett til å organisera seg og visa politisk motstand mot det sitjande styret. Dei ber om politisk støtte frå resten av verda. Her kan de skriva under på ein kampanje starta av Amnesty til støtte for dei nicaraguanske kvinnene.

2 kommentarer:

Flopsy sa...

Dette var et tankevekkende og sjokkerende innlegg!

Mette Løkeland sa...

Ja, diverre, men ikkje mindre sant av den grunn. Kvinner vert utsatt for mykje kontroll og maktdemonstrasjon rundt omkring i verda og daa er vi ikkje mykje verdt. Berre sjaa paa Kongo.