torsdag 28. oktober 2010

Om å verta kalla mordar/ to be called a murderer


Lova om sjølvbestemt abort trådte i kraft i Spania i juli i år. Som vanleg etter eit slikt brakande tap frå abortmotstandarane si side så er dei forbanna. Pendelen har svinga, og dei gjer det utriveleg for abortsøkande kvinner og oss som arbeider for å trygga kvinner sine rettar. Stort sett vert vi jo då kalla mordarar, asesinos, murderers. Noko som sjølvsagt ikkje er hyggeleg. Vi som bur i Skandinavia er jo heldigvis skåna for dette til vanleg. Det er ikkje rart at det vert ei spesiell samkjensle på abortkonferansar når dette er noko mange av deltakarane møter jamnleg.  Det var fyrst etter at eg var tilstades på eit møte med Women on Waves i Buenos Aires der det var eit skikkeleg slagsmål utanfor i tillegg til dei vanlege ropa at eg skjøna kor truga eg eigentleg var og kvifor norske kvinner frå generasjonen før kjende seg så uvelle og truga under slike demonstrasjonar. 

Det er jo sjølvsagt ein absurd påstand. Omlag 20% av all mødredød skuldast utrygge abortar og for kvar kvinne som dør får ca 10 varige mein. Den kampen vi driv med er altså å redusera mødredød og trygga kvinners rett over eigen kropp ein dimensjon abortmotstandarane heilt ser bort ifrå. 

Eg har utruleg respekt for dei kvinner og menn som år etter år held ut og hjelper kvinner som søker abort med fåre for eige liv og konstant press og mobbing frå abortmotstandarar. Det trengst ein sterk rygg for å bera ein slik kvardag. Då er det godt å koma på ein konferanse der alle rundt deg støtter deg.

The law on abortion up to 14 weeks came into function July this year.  Not unusually the anti choice people are a angry and uses all the options and time they have to harass women who take abortion and us who are pro choice calling us murderers etc. which naturally is not very pleasant. Luckily we Scandinavians do not have to face this in our everyday life.

It is completely absurd of course since 20% of maternal deaths world wide are due to unsafe abortion and for every woman that dies 10 have long life complications. Our job is to reduce maternal death a dimension the anti choice completely forget.

The men and women who risk their life and are constantly facing harassment in their work to help women need all the respect and honour we can give them. 

mandag 25. oktober 2010

Abortkonferanse/Abortion conference



Det er noko eige med abortkonferansar. Og no snakker vi sjølvsagt om konferanser som er pro choice og sjølvbestemt abort.  Det er ei eiga blanding av medisin og politikk der folk frå veldig ulike fagfelt møtast. Mange av oss er jo sjølvsagt helsepersonell, men ein har også juristar, sosiologar, historikarar, journalistar, reine aktivistar osv.

Her møtest representantar frå alle dei organisasjonane som de finn nettsidene til i spalta ved sida av; BPAS, IPAS, ICMA, Guttmacher, Women on waves etc.

Det er ikkje berre abort som er temaet, men reproduktiv helse som til dømes prevensjon og seksualundervisning er også inkludert. Desse emna har alltid gått hand i hand med spørsmålet om svangerskapsavbrot.

Grunna dei røffe daglege arbeidsforholda til ein del av deltakarane vert det ei spesiell samhaldskjensle som ein ikkje møter på vanlege medisinske konferansar. Det er ikkje berre den reine medisinske sida ved reproduktiv helse som vert diskutert, men korleis skal ein auka tilgangen på abort for fleire kvinner og på det viset sikra god kvinnehelse og redusera mødredødelegheit. Med min bakgrunn som feminist er dette sjølvsagt ganske kjærkoment.

Denne gongen har eg vore i Sevilla på FIAPAC (International Federation of Professional abortion and Contraception Associates) sin konferanse. Den er kvart anna år og samla nesten 600 deltakarar frå over 50 land.

Som vanleg kjem eg heim med endå fleire idear, kontakter og pågangsmot. I tillegg er det ganske mange av oss som er gjengangerar så det er her godtfolk møtest, og det er jo triveleg i seg sjølv.

Abortion conferences are not like general medical conferences. And when I say abortion conferences I am of course talking about pro choice and reproductive health. The attendants are a wonderful mixture of medical personnel, lawyers, journalists, social sciences, activists etc. We don't only discuss the medical side of reproductive health but also how to increase access to secure women's health and reduce maternal mortality. Being a feminist activist as well as a medical doctor I of course feel most at home in these settings. There is a sense of solidarity that you don't find at other medical conferences. 


These are the conferences where representatives from all those associations you see listed in the adjacent column meet, and we are quite a group who tend to show up repeatedly something which also makes it enjoyable. 


This time I was at the FIAPAC conference in Sevilla. FIAPAC holds a conference every two year somewhere in Europe. We were next to 600 people from more than 50 countries. 

fredag 8. oktober 2010

Norsk abortstatistikk

I 2006 tok Medisinsk fødselsregister over rapportering og organisering av abortdata for Noreg. Registeret som opprinneleg registrerte alle fødslar i Noreg registrerer no difor alle svangerskap.

Etter at ein la om til elektronisk registrering av alle abortdata får ein raskare ut statistikken slik at data for 2009 kom ut innan eit halvt år.

Det er jo ikkje store endringane reelt sett. Som før gjerast det ca 25% abortar i forhold til fødslar, eller som eg ville sagt det så ender ca 20% av alle svangerskap i ein abort. Det er ganske samanfallande med tala på verdsbasis der ein reknar med at 20-30% av alle svangerskap endar i ein abort.

Tenåringsabortane går ned, og den gruppa med flest abortar er aldersgruppa 20-24 år. Det er kanskje heller ikkje så oppsiktsvekkande.

Det mest interessante for meg som jo nettopp forsker på korleis medikamentell abort har vorte tatt imot og brukt som metode i Noreg er at medikamentell metode no er den mest vanlege metoden i Noreg. 2008 var det fyrste året då medikamentell abort var hyppigst brukt med 55,9% av alle abortar og i 2009 var talet stige til 67,4%. Det har dermed vore ein ganske rask auke frå 45,3% i 2006.