fredag 8. oktober 2010

Norsk abortstatistikk

I 2006 tok Medisinsk fødselsregister over rapportering og organisering av abortdata for Noreg. Registeret som opprinneleg registrerte alle fødslar i Noreg registrerer no difor alle svangerskap.

Etter at ein la om til elektronisk registrering av alle abortdata får ein raskare ut statistikken slik at data for 2009 kom ut innan eit halvt år.

Det er jo ikkje store endringane reelt sett. Som før gjerast det ca 25% abortar i forhold til fødslar, eller som eg ville sagt det så ender ca 20% av alle svangerskap i ein abort. Det er ganske samanfallande med tala på verdsbasis der ein reknar med at 20-30% av alle svangerskap endar i ein abort.

Tenåringsabortane går ned, og den gruppa med flest abortar er aldersgruppa 20-24 år. Det er kanskje heller ikkje så oppsiktsvekkande.

Det mest interessante for meg som jo nettopp forsker på korleis medikamentell abort har vorte tatt imot og brukt som metode i Noreg er at medikamentell metode no er den mest vanlege metoden i Noreg. 2008 var det fyrste året då medikamentell abort var hyppigst brukt med 55,9% av alle abortar og i 2009 var talet stige til 67,4%. Det har dermed vore ein ganske rask auke frå 45,3% i 2006.

Ingen kommentarer: