mandag 26. januar 2009

Heia, heia, Obama fjerna the global gag rule



The global gag rule vart innført av Reagen i 1984 og heitte opprinneleg Mexico City Policy. "Lova" forbyr ikkjestatlege (NGO's) som får statleg støtte frå USA å utføra eller informera om abort. Under påstanden om å verna om det ufødte barns liv har det redusert tilgangen på helsehjelp for kvinner i store delar av den tredje verda. Det har gjort arbeidet mot forebygging av AIDS-epidemien vanskelegare og satt mange kvinneliv i fåre grunna utrygge abortar. IPAS ein internasjonal abortforkjempar organisasjon antar at 500 000 kvinner har dødd i løpet av dei 8 åra med GGR under Bush sitt styre (her).

Det har vorte ein slags tradisjon i at dei demokratiske presidentane som har vorte vald har fjerna "lova" kort tid etter å ha vorte tatt i eid i sitt nye embete medan dei republikanske har gjenninnsatt "lova". Bill Clinton vart tatt i eid i 20. januar 1993 og fjerna the Global Gag Rule (GGR) 22. januar 1993. Då George W. Bush kom til makta 20. januar 2001 innførte han GGR igjen 22. januar 2001. No har Obama fulgt tradisjonen og fjerna GGR 23. januar 2009. Ære vera han for det. Vatikanet har sjølvsagt vore ute og kritisert Obama allereie

International planned parenthood federation (IPPF) var ein av dei organisasjonane som har arbeidd for tilgang til trygge abortar og forandra ikkje arbeidet sitt etter at GGR vart innført, men dei mista omlag 20% av tilskudda sine noko som vanskeleggjorde arbeidet deira og tilbodet vart redusert.

Grimes et al skreiv artikkel "Unsafe abortion - the preventable pandemic" i The Lancet i 2006. Den seier "Ending the silent pandemic of unsafe abortion is an urgent public-health and human-rights imperative".

Kvar gong GGR vert fjerna er difor ein siger for kvinner i store delar av verda så det er absolutt på sin plass å takka Obama og gratulera verdas kvinner i dag.

onsdag 21. januar 2009

"smøretur" til NY





Eg har jo tidlegare lagt ut om min mildest talt dårlege passhistorie som endte vel og gledeleg med stor tru på vener og hjelpsame folk. Ei veninne bruker å seia at det skjer ikkje meir enn ein uheldig ting på ein tur. Vel, det er herved avkrefta. Eg lo meg skakk då den eine tingen etter den andre ikkje heilt flaska seg på New York-turen. Direkteflyet til NY frå København var sjølvsagt kansellert slik at vi måtte reisa via Washington av di motoren var kaputt. Kanskje godt vi oppdaga det før vi hamna i Hudson river. Då vi kom til Washington hadde ikkje baggasjen til min norske kollega kome fram. Han var van med at kona styrte showet når dei var på byferie og ville aller helst ha vore oppe i Namskogan på jakt så då tok Løkeland affære og geleida oss gjennom baggasjekrav og innsjekking med eit eldre dansk ektepar med på kjøpet. På vegen inn var vi "especially chosen" noko som meinte at vi måtte stå i eit glasbur til spott og spe for alle medan vi venta på ekstra sikkerheitssjekk med den væpna vakta meinte at flyet vårt gjekk no og det dreit ho i. Flyet viste seg å vera to timar forseinka så to hesblesande norske gynekologar fekk tid til både øl og pizza. Eg tykte eigentleg at alt hadde vore an adventure.

Målet var ein workshop på Manhattan i urogynecologi - læra nye teknikkar og utstyr. Det er sjølvsagt også eit høve for eit firma til å marknadsføra seg. Eg skal ikkje gå nærare inn på innhaldet i workshopen for det eignar seg ikkje heilt, men det ville vel ikkje vera mogleg å gjennomføra det i Europa. Ikkje alt kan kjøpast for pengar der. Ein skal jo vera kritisk til marknadsføring og påverknad frå dei ymse firma som kjem vår veg, men det er jaggu ikkje lett å få seg fagleg oppdatering etter kvart. Kurs kostar pengar og enn så lenge betaler sjukehuset mitt eit par kursavgifter i året, men dei har truga med at folk må dekka det sjølve. I tillegg kjem reise og opphald som dei ikkje dekkar, men her har visst legeforeininga eit fond som dekker inntil ein viss sum i året, men ikkje nok til å dekkja to kurs. Så då står ein igjen med at ein må dekkja ting sjølve. På same tid har ein krav om å halda seg fagleg oppdatert. Då er det kjærkome at mellom anna det vi skal oppdatera oss på (nemleg nye medikament og utstyr) kjem vår veg.

Vi hadde eit par artige dagar i NY og eg utvida opphaldet med å besøka Coalition against trafficking in women og vart invitert i juleselskapet til kontoret. Då budde eg ute i Williamsburg/Brooklyn og fekk handla Obama pins på Nickelbocker avenue til lyden av latinske julesangar. Manhattan er nett slik eg har sett det på film. Eit land ein stad mellom i-land og u-land.

Eg har registrert bloggen min på bloggurat i Bergen på kartet

søndag 11. januar 2009

Dugnad

Eit litt utdøyande fenomen i forhold til tidlegare tider, men likevel fullt levande også på Møhlenpris/Bergen. Det har vore ein "møkkadag" i Bergen i dag. Regnet har piska på rutene så det har ikkje vore nokon grunn til å bevega seg utomhus bortsett frå å bevega seg frå stad til stad og til butikken. Ein perfekt dag til å samla seg for litt innendørsaktivitet. Eg er så heldig å ha tre veninner som tykte det var ein strålande ide å koma heim til meg for å skura og olja golv.

ABBA og Eurytmics på full guff, skurekost i handa og fire berrføtte damer på alle fire. Thai take away, party pack med øl, kaffe og sjokolade. Småprat og latter. Slettes ikkje verst. Eg var overlukkeleg og dei andre tre berrføtte påsto dei hadde hatt det gøy. No ventar vi berre på neste anledning. :-)

fredag 9. januar 2009

Fakkeltog og redsel for anti- semittisme


Travelt nyttår som har satt livet på hauet. Gledeleg, gledeleg, gledeleg.....

Frå glade nyhende i eige liv til vanvittig livssituasjon for vener og læremeistre på Gaza. Dette treng eg ikkje å nytta så mange ord på for media dekker massakren til fulle. For fyrste gong har det også vore politisk organisert engasjement på arbeidsplassen min. Sjølv har eg jo vore medlem i Palestinakomiteen sidan 96/98 ein gong og hadde praksis i løpet av studiet på eit legesenter i Gaza by, men elles er vi vel like brokut samansatt politisk hjå oss som andre stader. Vi var i alle fall stolte over at fleirtalet av dei som var på jobb skreiv under på eit opprop om at legeforeninga skal ta kontakt med sine kollegaer i Israel for å øva press om opphøyr av åtak/krig mot Gaza.

Elles bruker eg sjokkerande nok stadig meir tid på å forsvara jødar og poengtera at den israelske statens sin politikk ikkje er einstydande med alle jødar eller definerer ein "jødisk personlegdom". Det er skremmande å høyra påstandar som "kanskje Hitler ikkje tok så feil". Mange menneske har diverre eit behov for svart/kvit tenkjing. At det også er stor motstand mot krig blant israelarar eller at fleirtalet av dei er for at nybyggjarane skal trekkast ut frå Vestbreidden får vi lite info om. I staden vert staten Israel sin politikk = alle israelarar = alle jødar og anti-semittismen brer om seg. Då får diverre den store støtta til palestinarane ein bismak. Skal vi aldri læra.