søndag 11. januar 2009

Dugnad

Eit litt utdøyande fenomen i forhold til tidlegare tider, men likevel fullt levande også på Møhlenpris/Bergen. Det har vore ein "møkkadag" i Bergen i dag. Regnet har piska på rutene så det har ikkje vore nokon grunn til å bevega seg utomhus bortsett frå å bevega seg frå stad til stad og til butikken. Ein perfekt dag til å samla seg for litt innendørsaktivitet. Eg er så heldig å ha tre veninner som tykte det var ein strålande ide å koma heim til meg for å skura og olja golv.

ABBA og Eurytmics på full guff, skurekost i handa og fire berrføtte damer på alle fire. Thai take away, party pack med øl, kaffe og sjokolade. Småprat og latter. Slettes ikkje verst. Eg var overlukkeleg og dei andre tre berrføtte påsto dei hadde hatt det gøy. No ventar vi berre på neste anledning. :-)

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg ville gjerne ha vore der eg òg. Dette er ein bra blogg, og no vil eg jamen meg sjå om eg greier å kommentere òg...