mandag 22. juni 2009

Stoler ikkje helseministeren på helsesystemet vårt?


Heldigvis har Bjarne Håkon Hanssen etter noko betenkningstid og sannsynleg råd frå sjefen sagt at det var uklokt å ringja leiinga ved Ullevål for å forsikra seg om at venen fekk god behandling. Men han vil gjerne som pårørande ha rett til å gjera det dersom det dreier seg om eigen familie.

Sorry, Hanssen, men det tykkjer eg faktisk ikkje er haldbart. Som pårørande har ein sjølvsagt rett til å vera med sine kjære til behandling og sjukehus, men det å ringja sjukehusleiinga kan då ikkje alle pårørande gjera. Kva godt skulle det koma ut av det? Stoler forresten ikkje helseministeren på helsesystemet vårt?

Både som lege, pasient og pårørande så har eg mange gongar vore glad over at det i det norske helsesystemet generelt sett ikkje er skilnad på smått og stort. Eg ville heller aldri bedt om særbehandling, men min forse vil sjølvsagt vera at eg i større grad veit kvar eg skal søka behandling. Av og til har eg tilvist folk eg kjenner til behandling, men dei kjem då inn i den same vurderingskøen som tilvisingar frå andre legar. Ein kan ikkje nytta sine kontakter og meir eller mindre offisielle makt til å snika i helsekøen eller krevja betre behandling enn andre. Det er det Hanssen i dette tilfellet har gjort.

Ein kan jo lure på om Hanssen har ein grunnleggjande misstillit til sjukehusa rundt i kring dersom han ser seg nøydd til å ringa for å pusha på behandlinga, og då har han jo ein betydeleg større jobb å gjera. Han sit sjølv og styrer budsjettpostar og set rammer for kva sjukehus skal kunne tilby. Hjå oss på Haukeland har direktøren satt som krav at behandlinga skal vera "god nok", kva no det skulle tyda. Tanken er vel at vi ikkje kan driva med luksus, men sjølvsagt forsvarleg og menneskeleg behandling.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg synes ikke det er så rart at han ikke stoler på helsesystemet vårt, men så har det seg slik at det er han som sitter med løkka og begge endene - så kanskje burde han få fler AHA-opplevelser som denne.

Enda mer lei meg blir jeg faktisk av at den rød-grønne regjeringa vår tilsynelatende ikke bryr seg om sykehusene og pasienttilbud - for hvordan kan vi da forvente at en borgelig regjering skal forvalte dette?

Anonym sa...

Jeg skulle ønske flere nå begynte å ringe helse-Hansen med håp om at han kan få raskere og bedre behandling til nære og kjære - min datter venter på hofteoperasjon på Rikshospitalet - en gang i 2010 blir hun operert - i mellomtiden har hun smerter.... Kanskje han får et brev fra meg sendt i morgen??

Mette Løkeland sa...

Det siste kunne faktisk vore ein ganske bra aksjon. Sidan alle bør ha lik rett i systemet så kunne alle senda ein forespørsel til helseministeren om å ordna opp for dei.

Diverre er det ein del behandlingar som har veldig lange ventelister.

Eg har ikkje tru på at andre regjeringer vil koma til å revolusjonera helsesystemet vårt diverre, men eg voner nokon kunne gjera om på den bedriftsøkonomiske modellen ein har i dag.

Torkel sa...

Hvem som helst må selvsagt kunne kontakte sykehusledelsen med sine relevante problemer, og forvente å bli hørt. Det er en av oppgavene til sykehusledelsen. Dette gjelder også helseministeren, selv om han ikke kan sies å være noen hvem som helst!
Ellers burde vel helgedebatten i større grad vært vridd mot den nye helsereformen?