torsdag 4. juni 2009

Forplantningsdrift?



Ein kan vel trygt seia at forplantningsdrifta har vorte veldig stor på eit tidspunkt når ein har forsøkt kunstig befruktning i ulike former i 20 år frå ein er 46 år slik Elizabeth Adeney, Storbritannias eldste mor på 66 år har gjort. No klarte ho det og reiste heim med sin vesle son. Det står ingenting i artikkelen om ho hadde hatt dette barneynsket før ho vart 46 år også. Er det naturen som kaller fram dette barneynsket når ein nærmar seg overgangsalderen eller er det samfunnet sine forventningar til livsrolla di som tar innersvingen på deg? Ei sterk kraft har det i alle fall vore og pengar har ho hatt slik at ho til slutt nådde målet. Eg tør ikkje å tenkja på alle dei misslukka forsøka og spontanabortane ho må ha hatt på sin veg. Dei fleste ville vel vorte skjøre og utkøyrde for lenge sidan. Nokon vil vel hevda at ho ikkje er heilt rett navla som går hen og vert mor godt inne i bestemoralderen. Egoistisk kan ein vel også kalla det, men så er kanskje det å få barn litt egoistisk grunnfest uansett.

Vi får berre tru og håpa at ho har tenkt fram i tid også. Ho er 83 år den dagen han er myndig. Han har ingen far og heller ikkje sysken. Ein kan ikkje nett samanlikna det med at menn går i veg og vert fedre i godt vaksen alder. Desse mannfolka har stort sett ei yngre kvinne som dei har gjort gravide og som ikkje er 80 år når poden står konfirmant. Ein har sjølvsagt ingen garantiar her i verda, og det som skjer det skjer. Det er mange forskjellige familiekonstelasjonar og måtar å leva livet sitt på, og dette er eit av dei mindre vanlege - i alle fall til no.

Ingen kommentarer: