tirsdag 5. mai 2009

Mad men



Har fått labbene på fyrste sesong av Mad men. Etter at eg gløymde å betala Canal Digital av di eg trudde eg hadde autogiro så har eg stort sett tydd til nett-tv og DVD'ar og kan ikkje seia eg saknar TV noko særleg. Ein kunne jo av og til ynskja seg ein større skjerm, men så har eg jo Mac'en litt nærare enn ein vanleg TV.

Vel, eg har altså oppdaga Mad Men og sit til seine nattetider og ser ein ny episode og så ein ny episode osv. Her er menn, menn og det betyr at dei går i dress og røyker Lucky Strike medan dei heller i seg ein drink, og det gjer dei nesten kontinuerleg. Dei er nesten berre på jobb og har ingne kvinnelege kollegaer bortsett frå sekretærar som konkurrerer om deira merksemd og vert framstilt som om det einaste dei drøymer om er å få liggja med sjefen. Ein høgdare av ein time til gynekologen som hevdar han er diskret og skal gje deg prevensjon, men som seier at han vil ta det tilbake igjen dersom du flyr rundt og tar deg litt for mykje til rettes for å "make your moneys worth". Den skilte nabokvinna er ein trussel - og litt spennande og elles har vel nesten alle mannfolka ei kvinne på si. Konene har null peiling på kor mykje pengar familien har å rutta med og kunne fint gått inn i Betty Friedan si bok "Myten om kvinnen". It is a ball.

1 kommentar:

Solveig sa...

Hehe, trur det må vera noko eg og må sjå!
Me er heilt hekta på serien "Weeds" - komediegreie med lite rot i verkelegheita, men som gjer god underhaldning! Anbefalast!
Kos deg med galne menn!