søndag 3. mai 2009

Lamming - vårens vakraste eventyr



Har vore ute på Osterøy og landstedet mitt på Tysse i helga. Alltid kjekt å koma ut dit til ro, fred og for augneblinken ein blømande hage. Det siste var eg meir i tvil om då eg byrja på arbeidet med blomebedd i fjor. Tomta ser framleis ganske herja ut eller skal vi heller på fint kalla det ei naturtomt. I tillegg har eg fått meg ei utruleg hyggeleg bygd på kjøpet så her kan ein verkeleg kjenna seg heima. Er du selskapssjuk så er ein tur ned til Ty'en på butikken eit godt botemiddel. Her er det stort sett alltid folk å prata med.

Det er også rikeleg med sau - villsau i bygda, og dei har eg fritt utsyn til. I fjor var eg litt lei meg for at eg gjekk glipp av lamming så då eg i år vart spurt om eg ville vera med så vart eg hoppande glad - nett så eit lite lam.... Vi gjeta i helga på ei stordiger brun søye som truleg hadde meir enn tvillingar og som byrja å smalna til over svangane. Eg har no lært meg litt teikn på sauerier og fødselsterminologi for sauer. Rett nok påstår sauepassarveninna mi at det er nett som hjå menneske, men det er litt anleis å be ei kvinne om å leggja seg ned slik at du kan kjenna på opning enn å måtte sitja på 20 m hald med kikkert for å sjå om det skjer noko i fødselsopningen. Men det skjedde da noko - etter kvart kom fosterposen ut og søya trykte kløver og hovud ut. Då byrja lammet å virra med hovudet og då fekk eg melding om at det tyder fosterstress så då må ein dra det ut. Så no har eg gjort uttrekking på lam. Til slutt hadde ho fått tre fine lam eit svart, mørkebrunt og ljosebrunt. Som fødselshjelpar sørga eg berre for å gjera munnen og nasen fri for gøgge (les fosterhinner og fostervatn). I løpet av ein time fekk ho altså tre lam og alle tre hadde kome på føtene. Det er makalaust

2 kommentarer:

rypa sa...

Kor mange prosent av søyene får psykiske problem etter abort, då? Om lag 20%?

Mette sa...

Ha, ha, ha, trur absolutt at prosenten blant provoserte abortar ligg der ja om ikkje enda høgare. Det er ganske mange som ikkje vil ha lamma sine etterpå så ein viss grad av svangerskapspsykoser er det nok også. Eg skal gjera eit studie for å sjå på skilnaden av spelsau og villsau