søndag 16. august 2009

Visakontoret = kjøkkeninngangen




Litt lite tid til blogging for tida etter at eg kom heim med mi artige, vesle jente frå Addis.

Då vi var der nede måtte vi på den norske ambassaden for å få Schengenvisum til litjpia. Ho reiste nemleg på etiopisk pass til Noreg, men ho har i følge papira eg fekk frå Bufdir norsk statsborgarskap frå adopsjonen gjekk igjennom. Det er mange papir som skal gå i orden og sendast hit og dit. No vonar eg berre at eg har fått sendt alle.

Vel, vi var altså på ambassaden i Addis. Eg kan ikkje seia eg kjenner at den bygningen på bildet. Vi kom humpande inn på ein kjærreveg etter norske høve full av humpar, høl og veldig sølete i regntida. Fyrst kom vi til eit skur der det sat drøssevis av folk og venta på å få koma til. Dei var alle somaliarar eller etioperar etc. Vi fekk passera vidare inn til kontoret og eit nytt venterom. Også her sat det folk og venta medan vi fekk gå rett inn. På dette kontoret var det ikkje eit einaste norsk andlet å sjå. Det er altså truleg her dei som har etiopiske namn på lista over tilsette på ambassaden arbeider, i tillegg til dei som er reingjeringspersonalet. Veldig hyggeleg og rask behandling for vår del, og ei vekes ventetid for å få visumet.

På vegen ut både då vi skulle levera dokumentasjon og då vi henta visumet, kom det ein mann ut frå skuret og spurte; " er dere norske?". Han eine budde i Oslo og var lei seg for å ha mista ranadialekta si. Det var der han hadde budd fyrst. Han andre sa; "Eg e fra Tromsø". Båe søkte om gjenforeining med konene sine. Det var klemmar, lukkehelsingar og tvi, tvi både hit og dit.

Visumkøen såg verkeleg ut til å vera for oss som går kjøkkenvegen. Det gav ikkje akkurat skin av å vera ei prioritert og høgverdig oppgåve. Reint bortsett frå oss få som adopterer frå Etiopia kvart år så er det vel aldri andre enn afrikanarar og krøttera på bildet av den parkerte drosjen vår som kjem denne vegen til ambassaden.

Ingen kommentarer: