tirsdag 12. mai 2009

Frå Mad men til youtube


Eg har smerteleg funne ut at andre sesong av Mad men enno ikkje er å få kjøpt. Då gutvotten på Platekompaniet byrja å snakka om juli så nesten hånflirte eg og påsto at det sto noko anna på nettsidene til Mad men, men det var før eg hadde lese det med "liten tekst". Ingen stader i verda får du serien på DVD før i juli. Eg er knust. Eg var i alle fall litt knust i i nokre minutt til eg oppdaga andre medier.

No sit eg heile kvelden i sofaen og kruser rundt på youtube etter instrumentalversjonar av songar som eg så prøver å synga til med heile sjela mi i. Vel, det er noko med damer som alltid skal synga så "pent". Eg går rett i den fella - heile tida. Så tar eg det opp med kameraet på mac'en..... Og sidan eg heiter noko heilt anna på youtube så er det ingen som finn meg. Hi, hi.... Det er så mykje anna av varierande kvalitet der ute uansett.

mandag 11. mai 2009

Eurovision


Etter at eg las artikkelen i New York Times om Eurovision fekk eg nesten lyst til å sjå det igjen trass i at noko av den gamle sjarmen er borte når ting går over fleire dagar etc.

Er dessutan mektig lei av den abosulutt enerverande låta Fairytales som visstnok er ein favoritt.

Legg ved nokre gode sitat frå NYT :

But I promise: you might come for the terrible music, but you’ll stay for the bad costumes and ridiculous dancing.

This year’s favorite is Alexander Rybak, a singing violinist from Norway. He looks about 14, grins like he’s been nipping from Grandma’s plum brandy and sings implausibly about a failed love affair from “years ago, when I was younger.”

backing dancers who think they’re in a Cossack aerobics video to make it a Eurovision classic

Ryback’s closest rival is thought to be Sakis Rouvas, a sort of Greek Ricky Martin who has both entered and hosted the competition before. His song is truly awful, which is not a deal breaker in Eurovision

lørdag 9. mai 2009

Mad men igjen

Har nett avslutta fyrste sesong av Mad men der det ser ut til å avslutta med at Don Draper vert sentimental og nostalgisk(?) og reiser heim til familien og tankjer å reisa med dei på Thanks giving ferie. Ikkje det at Don har så mykje familie å vera nostalgisk over, men det er som reklamefolka seier. Dei kan selga dei ein kvar draum. Bodskapen i kveld var at familie er viktigare enn elskerinner og forelskingar. Dei måtte vel det etter å ha køyrd ein heil sesong med desperate husmødre og notorisk utrue menn. Så fekk vi også bevist at prevensjon ikkje alltid virkar, men det visste i alle fall eg frå før. No går eg snart inn i ein akutt sorgreaksjon og må springa i butikken og kjøpa sesong 2. Unnskyld, unnskyld, unnskyld til Pirates of te real world.

tirsdag 5. mai 2009

Mad men



Har fått labbene på fyrste sesong av Mad men. Etter at eg gløymde å betala Canal Digital av di eg trudde eg hadde autogiro så har eg stort sett tydd til nett-tv og DVD'ar og kan ikkje seia eg saknar TV noko særleg. Ein kunne jo av og til ynskja seg ein større skjerm, men så har eg jo Mac'en litt nærare enn ein vanleg TV.

Vel, eg har altså oppdaga Mad Men og sit til seine nattetider og ser ein ny episode og så ein ny episode osv. Her er menn, menn og det betyr at dei går i dress og røyker Lucky Strike medan dei heller i seg ein drink, og det gjer dei nesten kontinuerleg. Dei er nesten berre på jobb og har ingne kvinnelege kollegaer bortsett frå sekretærar som konkurrerer om deira merksemd og vert framstilt som om det einaste dei drøymer om er å få liggja med sjefen. Ein høgdare av ein time til gynekologen som hevdar han er diskret og skal gje deg prevensjon, men som seier at han vil ta det tilbake igjen dersom du flyr rundt og tar deg litt for mykje til rettes for å "make your moneys worth". Den skilte nabokvinna er ein trussel - og litt spennande og elles har vel nesten alle mannfolka ei kvinne på si. Konene har null peiling på kor mykje pengar familien har å rutta med og kunne fint gått inn i Betty Friedan si bok "Myten om kvinnen". It is a ball.

søndag 3. mai 2009

Lamming - vårens vakraste eventyr



Har vore ute på Osterøy og landstedet mitt på Tysse i helga. Alltid kjekt å koma ut dit til ro, fred og for augneblinken ein blømande hage. Det siste var eg meir i tvil om då eg byrja på arbeidet med blomebedd i fjor. Tomta ser framleis ganske herja ut eller skal vi heller på fint kalla det ei naturtomt. I tillegg har eg fått meg ei utruleg hyggeleg bygd på kjøpet så her kan ein verkeleg kjenna seg heima. Er du selskapssjuk så er ein tur ned til Ty'en på butikken eit godt botemiddel. Her er det stort sett alltid folk å prata med.

Det er også rikeleg med sau - villsau i bygda, og dei har eg fritt utsyn til. I fjor var eg litt lei meg for at eg gjekk glipp av lamming så då eg i år vart spurt om eg ville vera med så vart eg hoppande glad - nett så eit lite lam.... Vi gjeta i helga på ei stordiger brun søye som truleg hadde meir enn tvillingar og som byrja å smalna til over svangane. Eg har no lært meg litt teikn på sauerier og fødselsterminologi for sauer. Rett nok påstår sauepassarveninna mi at det er nett som hjå menneske, men det er litt anleis å be ei kvinne om å leggja seg ned slik at du kan kjenna på opning enn å måtte sitja på 20 m hald med kikkert for å sjå om det skjer noko i fødselsopningen. Men det skjedde da noko - etter kvart kom fosterposen ut og søya trykte kløver og hovud ut. Då byrja lammet å virra med hovudet og då fekk eg melding om at det tyder fosterstress så då må ein dra det ut. Så no har eg gjort uttrekking på lam. Til slutt hadde ho fått tre fine lam eit svart, mørkebrunt og ljosebrunt. Som fødselshjelpar sørga eg berre for å gjera munnen og nasen fri for gøgge (les fosterhinner og fostervatn). I løpet av ein time fekk ho altså tre lam og alle tre hadde kome på føtene. Det er makalaust

torsdag 30. april 2009

Du herlege globale verd


Har hoppa på Twitter i det siste og då strøymer det på med info frå rundt omkring. Ikkje alt er like nyttig, men det er mykje tips og hygglege ting som kjem eins veg. Vart skikkeleg rørt over desse fantastiske musikkvideoane som var satt saman av musikarar frå heile verda, tatt opp der dei er. Her finn de linken.

Eit godt døme på det gode ved den nye globale verda. Takk for dette nettet som eg så vidt byrja å bruka i 1993 då eg byrja på studiet og fekk mi fyrste epostadresse. Då kunne eg endeleg byrja å kommunisera med familien min i Australia med noko anna enn brev som tok ei veke å koma fram. Det er makalaust.

Det er også artig når ein ven i Guatemala snakkar om at vi kan ha eit felles musikkprosjekt der dei kan spela inn musikken i Guate og så senda det til Noreg for at eg skal leggja på song.

lørdag 28. mars 2009

Prinsesser og deira redningsmenn



Har vore på Barnas hus i Teatergarderoben i dag. Der kler barn seg ut og saman lagar dei ei dramatisering med litt rettleiing av ein vaksen. Nokre barn er sjølvsagt meir husvarme, ekstroverte og deltakande enn andre, men fleirtalet deltok. Her var det dragar, slemme hekser, slott, skattar, skattekart osv. Målet med forteljinga utkrystalliserte seg til å vera å berga to prinsesser.

Kvifor er det alltid prinsesser som skal bergast? Når treng ikkje ein prins litt bergingshjelp? Kjende plutseleg ein liten smule irritasjon der. Dei to prinsessene sat fanga i eit hjørne medan dei andre måtte gjennom farefulle strabasar over rare, gyngande bruer, tur med dragar og vindar i kampen mot hekser og dess like for å finne skatten som skulle berge prinsessene. Så der sat det då på nytt to "forsvarslause" kvinner, passivt og gjekk glipp av moroa.

Den einaste trøysta var at eit par jenter var løver og tigrar som hjalp til i bergingsaksjonen saman med eit par Alice i Eventyrland-kopiar og ein drøss av riddarar. Ganske tradisjonelle kjønnsrollemønster. Ingen kvinnelege riddarar som eg kunne sjå.

Men gøy var det - i alle fall for dei som slapp å vera prinsesser!