lørdag 20. juni 2009

Lubben, frodig og BMI-hysteri


Eg har lenge tykt at fokuset på BMI var noko møl. Ikkje er det nødvendigvis så veldig representativt for din reelle feittprosent heller. Kroppsbyggarar mellom anna kjem ganske raskt opp i kategorien feit -altså BMI over 30. Det var no eigentleg berre eit søkt døme, men ikkje mindre illustrativt. Sjølv har eg lenge tilhøyrt kategorien overvektig med ein trivsels-BMI på kring 27. Nokre gongar høgare, andre gongar lågare, men det er lenge sidan eg var under 25. Veldig glad i mykje som kan stappast i kjeften eigentleg og har ikkje heilt skjønt vitsen med å la babygullerøter framstillast som snop. Kven er det eigentleg ein lurer - slankehysterikarane?

Så les eg då gladeleg at det er ikkje dei tynne som kjem til å leva lengst, men derimot dei lubbne. Det har nemleg japanske forskarar funne ut. Hah, var det ikkje det eg trudde! Livsnyting er ikkje dumt det heller, men alt skal vel kanskje nytast med måte. Aktivitet har lenge vore vist å vera viktigare enn kor mange kilo du har. Det trøyster eg meg veeeeeeldig med når eg går mine 25 min fram og tilbake frå jobb - 1 times dagleg trening kallar eg det.

Kan ikkje seia anna at min "formfullendte" kropp gler seg over slik forsking....

fredag 12. juni 2009

Særbehandling av kjendisar - menneskehandel


No viser det seg at høgsterett i Malawi omstøyter den tidlegare avgjerda om at Madonna ikkje får adoptera Mercy. Den førre dommen baserte seg på at lova i Malawi seier at ein må ha budd 18 månader i landet for å få adoptera derifrå. Høgsterett hevdar at sidan ho donerer så mykje pengar til skuleprosjekt i Malawi så har ho tilknyting god nok... Kva skjedde eigentleg då ho adopterte David Banda? Det er uendeleg mykje korrupsjon rundt i kring, og det er stor skilnad på å vera kjendis med rikeleg med pengar frå USA enn ein heilt vanleg familie frå Noreg dersom ein vil adoptera. Det kan godt henda at både Mercy og David får det betre eller i alle fall vel så bra hjå Madonna som i Malawi, men båe har familie i Malawi som ikkje eigentleg ville dei skulle adopterast bort. Er då barna lovleg gitt opp for adopsjon? Det at dei bur på ein barneheim treng jo ikkje å tyda at dei ikkje har jamnleg kontakt med familiemedlemer. Astrid Lindgren har jo fortald koreis hennar fyrste barn budde hjå fosterforeldre i Danmark før ho fekk økonomi og organisering av livet sitt som gjorde at ho kunne henta han heim til seg. Kven seier at det ikkje er situasjonen til desse barna sine familiar.

Noreg samarbeider ikkje med land for adopsjon dersom dei ikkje har ratifisert Haag sin barnekonvensjon. Har Malawi gjort dette? Det kan godt henda at Madonna har edle motiv i å ville hjelpa barn i Malawi, men det kan ho gjera utan å adoptera barn derifrå. Ho har sannsynlegvis også reelle ynske om barn, men kan ho ikkje då velga land og barn som ein veit er lovleg gitt opp for adopsjon? Madonna sine adopsjonar set adopsjon i vanry. Til motsetnad så har Angelina Jolie konsekvent vald land som allereie har oppretta samarbeid om internasjonal adopsjon, og der adopsjon truleg er meir regulert og vonleg betre kontrollert. Barn er ikkje varer som ein kan plukka og velga og kjøpa for pengar.

Sagt av journalist Kate Spicer i Dailymail:
Women of my generation are so consumer-crazy, after decades of Manolo Blahniks and finding the perfect location for a weekend mini-break, a baby is the ultimate buzz purchase. I wonder if you can stick it on your Barclaycard?

mandag 8. juni 2009

Plagsame kjønnslepper




Eg slutter aldri å undrast over kva for forestillingar nokre kvinner kan ha om sin eigen kropp. Av og til er det også basert på berre ein kjærast sin kanskje "sleivete" kommentar. Finst det i det heile FOR STORE kjønnslepper? Og kva er i sofall for stort?

Dette er mellom anna tatt opp i eit program som no går på NRK som heiter Pinlige sykdommer med undertittel "overflødig hud nedentil".

Ein gynekolog fekk diverse andre kvinnelege gynekologar og veninner for nokre år sidan til å måle sine eigne kjønnslepper og svare på spørsmål som om ein tykte ein såg normal ut eller ikkje osv. No kan ein kanskje hevda at kvinnelege gynekologar er ei ganske selektiv gruppe, men ein ting er i alle fall sikkert og det er at vi veit betre enn andre kva som er normalt og ikkje. I denne gruppa varierte lengden frå 0,5 til 8 cm og ingen tykte dei såg unormale ut eller hadde problem. 40% hadde indre kjønnslepper som vistes utanfor dei ytre kjønnsleppene. Dette er også delvis avhengig av kor mykje feitt du har på kroppen sidan dei ytre kjønnsleppene varierer med kor tynn du er. Ein annan studie gjort på 124 kvinner viser:
Lengde på dei indre kjønnsleppene og prosenten:
0-2 cm 87,8%
2 cm 4,9%
3 cm 5,7%
4-5 cm 1,1%
5-6 cm 0,7%
Hovud poenget er uansett at det er eit hav av variasjonar her som på resten av kroppen og det er ikkje nokon standard som er normal. Om du opplever det som normalt eller ikkje, eller tykkjer du har problem har heller ikkje så mykje med korleis du eigentleg ser ut å gjera. Dei fleste menn gir blankt f... og skulle dei ha meiningar om dette så varierer det også sterkt.

I 2000 lurte Helsedepartementet på om kirurgisk operasjon for å minska kjønnsleppene kunne verta råka av same lova som gjeld for omskjæring og at det difor var forbudt.

Når det gjeld NRK sitt program så vert eg pinleg berørt på legestanden sine vegne som kan finna på å seia i beste sendetid at dei kvinnene det gjeld har eit problem som skal løysast med kirurgi.

Dette er ein erogen sone og kirurgi kan endra følsomheit og skapa arr som skjenerer. Når ein vert seksuelt tent så vil dei indre kjønnsleppene verta blodfylte og svulma opp. Dei har på sitt vis ein funksjon.

PS: Her finn de Vulva taxi laga av den finske kunstnaren Mimosa Pale som de ser avbilda over.

torsdag 4. juni 2009

Forplantningsdrift?



Ein kan vel trygt seia at forplantningsdrifta har vorte veldig stor på eit tidspunkt når ein har forsøkt kunstig befruktning i ulike former i 20 år frå ein er 46 år slik Elizabeth Adeney, Storbritannias eldste mor på 66 år har gjort. No klarte ho det og reiste heim med sin vesle son. Det står ingenting i artikkelen om ho hadde hatt dette barneynsket før ho vart 46 år også. Er det naturen som kaller fram dette barneynsket når ein nærmar seg overgangsalderen eller er det samfunnet sine forventningar til livsrolla di som tar innersvingen på deg? Ei sterk kraft har det i alle fall vore og pengar har ho hatt slik at ho til slutt nådde målet. Eg tør ikkje å tenkja på alle dei misslukka forsøka og spontanabortane ho må ha hatt på sin veg. Dei fleste ville vel vorte skjøre og utkøyrde for lenge sidan. Nokon vil vel hevda at ho ikkje er heilt rett navla som går hen og vert mor godt inne i bestemoralderen. Egoistisk kan ein vel også kalla det, men så er kanskje det å få barn litt egoistisk grunnfest uansett.

Vi får berre tru og håpa at ho har tenkt fram i tid også. Ho er 83 år den dagen han er myndig. Han har ingen far og heller ikkje sysken. Ein kan ikkje nett samanlikna det med at menn går i veg og vert fedre i godt vaksen alder. Desse mannfolka har stort sett ei yngre kvinne som dei har gjort gravide og som ikkje er 80 år når poden står konfirmant. Ein har sjølvsagt ingen garantiar her i verda, og det som skjer det skjer. Det er mange forskjellige familiekonstelasjonar og måtar å leva livet sitt på, og dette er eit av dei mindre vanlege - i alle fall til no.

onsdag 3. juni 2009

Make Noise For Free Choice!

Make Noise For Free Choice!

Shared via AddThis

Ein underskrifttskampanje for retten til fri abort i Europa. Trykk på linken og skriv under.

Abort "hotline" i Chile


Chile er eit av dei få landa der abort er absolutt forbode. Det er ikkje ein gong tillate for å redda kvinna si helse. I tillegg har dei ei av dei høgste abortratene i verda svarande til nesten 1 av 3 svangerskap. Dei offisielle aborttala hevdar at det er ca 40 000 abortar årleg, men dette er berre dei kvinnene som vert oppdaga av di dei kjem inn med komplikasjonar etc. I staden så reknar ein med at dei reelle tala ligg nærare 160 000 abortar årleg.

Ved hjelp av ei heil liste av feministorganisasjonar i Chile har ein no opna ei "hotline" for trygge abortar i Chile "Aborto; informacion segura". På biletet ser de talspersonen Semoira Molina. Telefonen vart opna på den internasjonale dagen for kvinners helse 28. mai.

Det er no krefter igang for å få lagt ned telefonen, men også mykje støtte. Vi heier på feministane i Chile og håper på lettare tilgang til trygg abort.

mandag 1. juni 2009

Risikerte livet for kvinners helse


George Tiller har levd eit utsatt liv i mange år med dagleg harrassment og fysiske åtak. Til slutt klarte ein abortmotstandar og ekstremist å drepa han.

George TIller har drive abortklinikken med fare for eige liv for å hjelpa kvinner i ein vanskeleg situasjon. Han tok over faren sin legepraksis då han høyrde om ei kvinne som hadde døydd av ein utrygg abort. Faren hadde utført abortar i sin legepraksis. Han hadde sin praksis i Wichita, Kansas og vart drepen i den kyrkja han tilhøyrde og var kyrkjetenar.

Han dreiv ein av tre klinikkar i USA som utfører seinabortar. Talet på seinabortar er høgare i USA enn i Skandinavia. Grunnane til dette er mellom anna dårlegare seksualundervisning som gjer at ein del oppdager seint at dei er gravide. I tillegg er abort dyrt i USA og mange må reisa langt for å koma seg til ein klinikk som tilbyr abort. Då treng dei ikkje pengar berre til prosedyren, men også til reise og opphald. Alle har ikkje like mykje pengar og må då bruka tid på å samla saman pengar for å få utført aborten. Dei som har vorte gravide etter overgrep og liknande, har psykiske plager osv har også større risiko for å oppdaga seint at dei er gravide mellom anna av di dei fortrenger det. Dei treng kanskje i enda større grad hjelp. Abort har alltid vore tilgjengeleg i trygge rammer for dei som har nok pengar medan det er fattige kvinner som set liv og helse i fåre ved å ty til utrygge abortar.

Det er imponerande at nokon som har vorte skoten og lemlesta tidlegare og utsatt for konstante åtak frå abortmotstandarar held fram med å tilby ei teneste som er så viktig for kvinner, for å gje dei eit trygt og godt tilbod. For oss som bur og arbeider i Noreg er det umogleg å forstå kva for ein situasjon han har levd og arbeidd under. Både kvinner og helsepersonell i Noreg kan vera takknemlege for dette.

Mange kvinner har fått hjelp av George Tiller. Han vil verta minna og sakna av mange.