mandag 26. januar 2009

Heia, heia, Obama fjerna the global gag rule



The global gag rule vart innført av Reagen i 1984 og heitte opprinneleg Mexico City Policy. "Lova" forbyr ikkjestatlege (NGO's) som får statleg støtte frå USA å utføra eller informera om abort. Under påstanden om å verna om det ufødte barns liv har det redusert tilgangen på helsehjelp for kvinner i store delar av den tredje verda. Det har gjort arbeidet mot forebygging av AIDS-epidemien vanskelegare og satt mange kvinneliv i fåre grunna utrygge abortar. IPAS ein internasjonal abortforkjempar organisasjon antar at 500 000 kvinner har dødd i løpet av dei 8 åra med GGR under Bush sitt styre (her).

Det har vorte ein slags tradisjon i at dei demokratiske presidentane som har vorte vald har fjerna "lova" kort tid etter å ha vorte tatt i eid i sitt nye embete medan dei republikanske har gjenninnsatt "lova". Bill Clinton vart tatt i eid i 20. januar 1993 og fjerna the Global Gag Rule (GGR) 22. januar 1993. Då George W. Bush kom til makta 20. januar 2001 innførte han GGR igjen 22. januar 2001. No har Obama fulgt tradisjonen og fjerna GGR 23. januar 2009. Ære vera han for det. Vatikanet har sjølvsagt vore ute og kritisert Obama allereie

International planned parenthood federation (IPPF) var ein av dei organisasjonane som har arbeidd for tilgang til trygge abortar og forandra ikkje arbeidet sitt etter at GGR vart innført, men dei mista omlag 20% av tilskudda sine noko som vanskeleggjorde arbeidet deira og tilbodet vart redusert.

Grimes et al skreiv artikkel "Unsafe abortion - the preventable pandemic" i The Lancet i 2006. Den seier "Ending the silent pandemic of unsafe abortion is an urgent public-health and human-rights imperative".

Kvar gong GGR vert fjerna er difor ein siger for kvinner i store delar av verda så det er absolutt på sin plass å takka Obama og gratulera verdas kvinner i dag.

onsdag 21. januar 2009

"smøretur" til NY





Eg har jo tidlegare lagt ut om min mildest talt dårlege passhistorie som endte vel og gledeleg med stor tru på vener og hjelpsame folk. Ei veninne bruker å seia at det skjer ikkje meir enn ein uheldig ting på ein tur. Vel, det er herved avkrefta. Eg lo meg skakk då den eine tingen etter den andre ikkje heilt flaska seg på New York-turen. Direkteflyet til NY frå København var sjølvsagt kansellert slik at vi måtte reisa via Washington av di motoren var kaputt. Kanskje godt vi oppdaga det før vi hamna i Hudson river. Då vi kom til Washington hadde ikkje baggasjen til min norske kollega kome fram. Han var van med at kona styrte showet når dei var på byferie og ville aller helst ha vore oppe i Namskogan på jakt så då tok Løkeland affære og geleida oss gjennom baggasjekrav og innsjekking med eit eldre dansk ektepar med på kjøpet. På vegen inn var vi "especially chosen" noko som meinte at vi måtte stå i eit glasbur til spott og spe for alle medan vi venta på ekstra sikkerheitssjekk med den væpna vakta meinte at flyet vårt gjekk no og det dreit ho i. Flyet viste seg å vera to timar forseinka så to hesblesande norske gynekologar fekk tid til både øl og pizza. Eg tykte eigentleg at alt hadde vore an adventure.

Målet var ein workshop på Manhattan i urogynecologi - læra nye teknikkar og utstyr. Det er sjølvsagt også eit høve for eit firma til å marknadsføra seg. Eg skal ikkje gå nærare inn på innhaldet i workshopen for det eignar seg ikkje heilt, men det ville vel ikkje vera mogleg å gjennomføra det i Europa. Ikkje alt kan kjøpast for pengar der. Ein skal jo vera kritisk til marknadsføring og påverknad frå dei ymse firma som kjem vår veg, men det er jaggu ikkje lett å få seg fagleg oppdatering etter kvart. Kurs kostar pengar og enn så lenge betaler sjukehuset mitt eit par kursavgifter i året, men dei har truga med at folk må dekka det sjølve. I tillegg kjem reise og opphald som dei ikkje dekkar, men her har visst legeforeininga eit fond som dekker inntil ein viss sum i året, men ikkje nok til å dekkja to kurs. Så då står ein igjen med at ein må dekkja ting sjølve. På same tid har ein krav om å halda seg fagleg oppdatert. Då er det kjærkome at mellom anna det vi skal oppdatera oss på (nemleg nye medikament og utstyr) kjem vår veg.

Vi hadde eit par artige dagar i NY og eg utvida opphaldet med å besøka Coalition against trafficking in women og vart invitert i juleselskapet til kontoret. Då budde eg ute i Williamsburg/Brooklyn og fekk handla Obama pins på Nickelbocker avenue til lyden av latinske julesangar. Manhattan er nett slik eg har sett det på film. Eit land ein stad mellom i-land og u-land.

Eg har registrert bloggen min på bloggurat i Bergen på kartet

søndag 11. januar 2009

Dugnad

Eit litt utdøyande fenomen i forhold til tidlegare tider, men likevel fullt levande også på Møhlenpris/Bergen. Det har vore ein "møkkadag" i Bergen i dag. Regnet har piska på rutene så det har ikkje vore nokon grunn til å bevega seg utomhus bortsett frå å bevega seg frå stad til stad og til butikken. Ein perfekt dag til å samla seg for litt innendørsaktivitet. Eg er så heldig å ha tre veninner som tykte det var ein strålande ide å koma heim til meg for å skura og olja golv.

ABBA og Eurytmics på full guff, skurekost i handa og fire berrføtte damer på alle fire. Thai take away, party pack med øl, kaffe og sjokolade. Småprat og latter. Slettes ikkje verst. Eg var overlukkeleg og dei andre tre berrføtte påsto dei hadde hatt det gøy. No ventar vi berre på neste anledning. :-)

fredag 9. januar 2009

Fakkeltog og redsel for anti- semittisme


Travelt nyttår som har satt livet på hauet. Gledeleg, gledeleg, gledeleg.....

Frå glade nyhende i eige liv til vanvittig livssituasjon for vener og læremeistre på Gaza. Dette treng eg ikkje å nytta så mange ord på for media dekker massakren til fulle. For fyrste gong har det også vore politisk organisert engasjement på arbeidsplassen min. Sjølv har eg jo vore medlem i Palestinakomiteen sidan 96/98 ein gong og hadde praksis i løpet av studiet på eit legesenter i Gaza by, men elles er vi vel like brokut samansatt politisk hjå oss som andre stader. Vi var i alle fall stolte over at fleirtalet av dei som var på jobb skreiv under på eit opprop om at legeforeninga skal ta kontakt med sine kollegaer i Israel for å øva press om opphøyr av åtak/krig mot Gaza.

Elles bruker eg sjokkerande nok stadig meir tid på å forsvara jødar og poengtera at den israelske statens sin politikk ikkje er einstydande med alle jødar eller definerer ein "jødisk personlegdom". Det er skremmande å høyra påstandar som "kanskje Hitler ikkje tok så feil". Mange menneske har diverre eit behov for svart/kvit tenkjing. At det også er stor motstand mot krig blant israelarar eller at fleirtalet av dei er for at nybyggjarane skal trekkast ut frå Vestbreidden får vi lite info om. I staden vert staten Israel sin politikk = alle israelarar = alle jødar og anti-semittismen brer om seg. Då får diverre den store støtta til palestinarane ein bismak. Skal vi aldri læra.

søndag 21. desember 2008

Nesten heia Uruguay


Men diverre har dei ein skuffande president. Parlamentet i Uruguay vedtok ei lov som gjev rett til abort opp til veke 12. Ut frå det eg har sett tidlegare av lovforslaget som skulle fremjast så ville det ha vore ei lov ganske lik den norske. Der ein mellom anna skulle få rett til rimeleg tilgang til abort og betra tilgang til prevensjon og prevensjonsrettleiing. Eg har tidlegare besøk Liliana Abracinskas frå Mysu på Kvinnehuset i Montevideo. Dei har lagt ned mange års arbeid og gjort ein fantastisk jobb.

No har diverre presidenten Tabare Vasquez lagt ned veto mot lova med unnskyldning om at han er lege, til støtte frå den katolske kyrkja. Que cabron de hombre. Sjå VG her Sosialistpartiet som Vasquez tilhøyrer har sagt at dei skal sørga for at den neste presidentkandidaten deira skal arbeida for at lova vert innført. Abortforkjemparane rettar seg no mot det nye presidentvalet og kjem til å kjempa for at alle parti og presidentkanditatar tilkjennegjev kvar dei står. For meir info på spansk sjå her.

fredag 12. desember 2008

Glad for å finna ut kor mange hjelpsame folk eg kjenner og ikkje kjenner

Huhei kor det går og ikkje går. Reiser til NY i morgon og har gledd meg ei stund til det. Fyrste tur så absolutt ei novise på kombinert medisinsk læring og ferie. Alt var vel trudde eg til eg i går kveld oppdaga at eg jo ikkje har rett pass. Ein må nemleg ha elektronisk lesbart pass for å koma inn i junaiten. Helsikke, kva gjer ein med det? Ringte rundt til min sjef og andre tenkjbare flogvit som var veldig klåre på at eg var i deep shit. Med bilete i handa sto eg framfor passkontoret i 20 min før dei opna og kom fyrst i køen. Takk, takk, takk, til utruleg hjelpsame kvinner på passkontoret i Bergen som ringte rundt til politikammeret på Grønland i Oslo som skulle ha passet klårt same dag. Flyet mitt går kl 10.00 i morgon så det var heilt umogleg å få passet til Bergen i tide med post. I staden måtte eg skaffa nokon som kunne henta det mellom kl 14.00 og 14.30 då passkontoret stengte. Gode råd var dyre, kven kjenner eg eigentleg i Oslo. Mi veninne Astrid var jo opptatt nett då. Eg har ikkje tal på kor mange eg har konsultert, ringt svararen til osv. Min kjære bror meinte eg skulle ringa Frode, men der var det svarar, sjekka Facebook, er i Detroit. Tilbake til svigerinna mi som må reisa med fly kl 16, men som har mange forslag og lover bort ein kollega på jobb, men kanskje eg skal forsøka Kristin fyrst for ho bur på Grønland. Kjenner eg eigentleg Kristin godt nok? Er dette krise? Ja, det var krise, men der var det berre svarar. Ringer Astrid frå tida i NMU. Når snakka eg med Astrid sist? Veldig lenge sidan, men kjære vakre, vene Astrid er lutter velvilje og full av nye god forslag for ho er sjølvsagt også på jobb på gitte tidspunkt. Kvifor ikkje forsøka Noregs Mållag? Jo, dei er jo mine vener. Gro!!!!, men dei har kurs og svarer ikkje på tlf. Legg igjen melding. Får til slutt tak i mi veninne Astrid som sender kjærasten avgarde. Då har dei ringt og etterlyst meg til undervisning for sjukepleiaretterutdanninga. Skulle eg ikkje vore der for 15 min sidan? Vel, ikkje i følgje mail, men eg hiv meg rundt og ser at mobilen er nesten daud. Kaster meg inn i foredragssalen og ber tynt om ikkje læraren kan senda ein fax for meg, lettare kaotisk medan eg slenger av meg klede og opner presentasjonen. Pause, ringa Erik og sjekka om han har fått stadfestinga han treng for å henta passet. Ja, han har passet!!!!!!! No må eg berre ordna billett for å reisa til Oslo for å henta pass..... I tillegg rakk eg å få middagsbesøk av ei veninne heimafrå og instruera oppgangens nye trappevasker før medan eg pakka koffert og heiv meg avgarde til flyet. No sit eg i Oslo og skal stå opp tidleg for å reisa til Bergen og så til NY. Eg er ingen tøff bergensar som tør å senda passet mitt med ukjende velgjerarar på nattoget til Bergen. Sorry Liv, men elles mange gode forslag. NY here I come.

Er heilt ør over kor mange velvillige og hjelpsame folk eg har snakka med i dag - og studentane sa det hadde vore interessant så eg flyg med eller utan fly.

onsdag 10. desember 2008

Totalforbod mot abort i Nicaragua - ein dødsdom



Etter at Ortega har kome til makta har han fjerna den siste retten kvinner har hatt til abort. No har dei ikkje ein gong rett til abort når dei har ein graviditet utanfor livmora. Det er ein livstrugande tilstand og kan aldri føra til at fosteret utviklar seg. I tillegg har han i samarbeid med den katolske kyrkja lovfesta fosteret sin rett til liv.

Kvinner har altså vorte mindre verdt enn eit foster og dødsdømte. Ein veit allereie om dødsfall av di legar ikkje tør å trassa regjeringa og difor har latt kvinner dø.

Ni kvinner vert no rettsleg forfulgte av di dei i 2003 hjalp Rosita som budde i Costa Rica å få ein abort i Nicaragua. Ho var berre 9 år og hadde vorte valdtatt av det som seinare viser seg å vera stefar sin. I 2003 var det lovleg med terapeutisk abort i Nicaragua. Då Rosita var 11 år vart ho gravid på nytt og har født eit barn. Trass i at stefaren fyrst hevda at det var ein nabo som hadde valdtatt jenta så har han no vorte dømt til 30 års fengse.

Angrepet på dei ni kvinnene reknast som eit åtak på kvinners rett til å organisera seg og visa politisk motstand mot det sitjande styret. Dei ber om politisk støtte frå resten av verda. Her kan de skriva under på ein kampanje starta av Amnesty til støtte for dei nicaraguanske kvinnene.