torsdag 30. april 2009

Du herlege globale verd


Har hoppa på Twitter i det siste og då strøymer det på med info frå rundt omkring. Ikkje alt er like nyttig, men det er mykje tips og hygglege ting som kjem eins veg. Vart skikkeleg rørt over desse fantastiske musikkvideoane som var satt saman av musikarar frå heile verda, tatt opp der dei er. Her finn de linken.

Eit godt døme på det gode ved den nye globale verda. Takk for dette nettet som eg så vidt byrja å bruka i 1993 då eg byrja på studiet og fekk mi fyrste epostadresse. Då kunne eg endeleg byrja å kommunisera med familien min i Australia med noko anna enn brev som tok ei veke å koma fram. Det er makalaust.

Det er også artig når ein ven i Guatemala snakkar om at vi kan ha eit felles musikkprosjekt der dei kan spela inn musikken i Guate og så senda det til Noreg for at eg skal leggja på song.

lørdag 28. mars 2009

Prinsesser og deira redningsmenn



Har vore på Barnas hus i Teatergarderoben i dag. Der kler barn seg ut og saman lagar dei ei dramatisering med litt rettleiing av ein vaksen. Nokre barn er sjølvsagt meir husvarme, ekstroverte og deltakande enn andre, men fleirtalet deltok. Her var det dragar, slemme hekser, slott, skattar, skattekart osv. Målet med forteljinga utkrystalliserte seg til å vera å berga to prinsesser.

Kvifor er det alltid prinsesser som skal bergast? Når treng ikkje ein prins litt bergingshjelp? Kjende plutseleg ein liten smule irritasjon der. Dei to prinsessene sat fanga i eit hjørne medan dei andre måtte gjennom farefulle strabasar over rare, gyngande bruer, tur med dragar og vindar i kampen mot hekser og dess like for å finne skatten som skulle berge prinsessene. Så der sat det då på nytt to "forsvarslause" kvinner, passivt og gjekk glipp av moroa.

Den einaste trøysta var at eit par jenter var løver og tigrar som hjalp til i bergingsaksjonen saman med eit par Alice i Eventyrland-kopiar og ein drøss av riddarar. Ganske tradisjonelle kjønnsrollemønster. Ingen kvinnelege riddarar som eg kunne sjå.

Men gøy var det - i alle fall for dei som slapp å vera prinsesser!

søndag 22. februar 2009

Politi og religiøse symbol


Har følgd med på denne hijabdbatten med eit halvt øyre. Klarer ikkje å hissa meg opp over eit klesplagg og er mektig imponert over stormen i vassglaset.

Er det forresten forbud å gå med smykke forma som kors i politiet? Reknar med at ingen politifolk har kors eller liknande i tatoveringane sine osv.

Personleg har eg ikkje noko i mot hijab, kors, kippa, turban eller liknande om dei no er kulturelle eller religiøse symbol som dei som ber dei tykkjer er viktige.

Skulle derimot politifolk, helsepersonell osv byrja å hevda at dei ikkje kan handsame spesielle delar av befolkninga av religiøse/kulturelle grunnar så vert det noko heilt anna. Jehovas vitne må akseptera at andre vil ha blod, kvinner må ta på menn og menn må ta på kvinner, men er det det som har vore problemet i hijabsaka?

søndag 15. februar 2009

Snåsakaillen, kolikk og generell overtru


Verda vil bedras og vi er i evig søking på noko som kan gjera oss HEILT friske og få evig lukke. Det utrulege i debatten er kor vanskeleg det er å ikkje vera uvilkårleg "open" for alternativ behandling og i staden vera skeptisk til det som ikkje er godt underbygd gjennom forskning. Då er ein arrogant og stribeint og får høyra at skulemedisinen heller ikkje er godt underbygd og ikkje alltid virkar. Nei, det har dei heilt rett i. Skulemedisinen tar også feil og difor må det stendig forskast vidare og ein må vera takksam for kritiske røyster. Men det at skulemedisinen også tar feil gjer ikkje at Snåsakaillen og anna alternativ medisin har meir reelle kurative evner. Kva folk bruker si private tid og pengar på har ikkje eg noko med. Eg legg meg heller ikkje bort i kva pasientane mine vel å forsøka, kritiserer ikkje alternativ behandling, men går heller ikkje god for den. Det er her helseministeren har eit problem. No har han legitimisert behandlarar som ikkje forskningsmessig har noko effekt bortsett frå at nokre meiner seg "kurert" og som ikkje står under noko som helst kvalitetskontroll.

Ei eg kjenner fortalde meg korleis ho i rein desperasjon til slutt hadde latt mor si som driv med alternativ behandling - eg trur det var soneterapi, behandla sonen for kolikk. No i ettertid hevder hardnakka bestemora at guten vart betre medan mora (ho eg kjenner) meiner den hadde null verknad. Bestemor nyttar historia for å promotera behandlinga si som verknadsfull og trur sjølvsagt på den sjølv.

Elles må eg seia at eg tykkjer at han som gav Ballo det verset som kan stogga blødning bør læra det bort til alle. Det er utruleg menneskefiendtleg og gjerrig å ikkje dela med andre dersom ein meiner at dette verset faktisk virkar. Tenkj på alle i den tredje verda som kanskje berre har dette verset å støtta seg til. Kvifor så gniten? Og er det moralsk rett av Ballo å halda kunnskapen for seg sjølv trass i at han lovde å ikkje fortelja det til nokon? Er det i strid med legeetikken? Eg berre lurer.

mandag 26. januar 2009

Heia, heia, Obama fjerna the global gag rule



The global gag rule vart innført av Reagen i 1984 og heitte opprinneleg Mexico City Policy. "Lova" forbyr ikkjestatlege (NGO's) som får statleg støtte frå USA å utføra eller informera om abort. Under påstanden om å verna om det ufødte barns liv har det redusert tilgangen på helsehjelp for kvinner i store delar av den tredje verda. Det har gjort arbeidet mot forebygging av AIDS-epidemien vanskelegare og satt mange kvinneliv i fåre grunna utrygge abortar. IPAS ein internasjonal abortforkjempar organisasjon antar at 500 000 kvinner har dødd i løpet av dei 8 åra med GGR under Bush sitt styre (her).

Det har vorte ein slags tradisjon i at dei demokratiske presidentane som har vorte vald har fjerna "lova" kort tid etter å ha vorte tatt i eid i sitt nye embete medan dei republikanske har gjenninnsatt "lova". Bill Clinton vart tatt i eid i 20. januar 1993 og fjerna the Global Gag Rule (GGR) 22. januar 1993. Då George W. Bush kom til makta 20. januar 2001 innførte han GGR igjen 22. januar 2001. No har Obama fulgt tradisjonen og fjerna GGR 23. januar 2009. Ære vera han for det. Vatikanet har sjølvsagt vore ute og kritisert Obama allereie

International planned parenthood federation (IPPF) var ein av dei organisasjonane som har arbeidd for tilgang til trygge abortar og forandra ikkje arbeidet sitt etter at GGR vart innført, men dei mista omlag 20% av tilskudda sine noko som vanskeleggjorde arbeidet deira og tilbodet vart redusert.

Grimes et al skreiv artikkel "Unsafe abortion - the preventable pandemic" i The Lancet i 2006. Den seier "Ending the silent pandemic of unsafe abortion is an urgent public-health and human-rights imperative".

Kvar gong GGR vert fjerna er difor ein siger for kvinner i store delar av verda så det er absolutt på sin plass å takka Obama og gratulera verdas kvinner i dag.

onsdag 21. januar 2009

"smøretur" til NY





Eg har jo tidlegare lagt ut om min mildest talt dårlege passhistorie som endte vel og gledeleg med stor tru på vener og hjelpsame folk. Ei veninne bruker å seia at det skjer ikkje meir enn ein uheldig ting på ein tur. Vel, det er herved avkrefta. Eg lo meg skakk då den eine tingen etter den andre ikkje heilt flaska seg på New York-turen. Direkteflyet til NY frå København var sjølvsagt kansellert slik at vi måtte reisa via Washington av di motoren var kaputt. Kanskje godt vi oppdaga det før vi hamna i Hudson river. Då vi kom til Washington hadde ikkje baggasjen til min norske kollega kome fram. Han var van med at kona styrte showet når dei var på byferie og ville aller helst ha vore oppe i Namskogan på jakt så då tok Løkeland affære og geleida oss gjennom baggasjekrav og innsjekking med eit eldre dansk ektepar med på kjøpet. På vegen inn var vi "especially chosen" noko som meinte at vi måtte stå i eit glasbur til spott og spe for alle medan vi venta på ekstra sikkerheitssjekk med den væpna vakta meinte at flyet vårt gjekk no og det dreit ho i. Flyet viste seg å vera to timar forseinka så to hesblesande norske gynekologar fekk tid til både øl og pizza. Eg tykte eigentleg at alt hadde vore an adventure.

Målet var ein workshop på Manhattan i urogynecologi - læra nye teknikkar og utstyr. Det er sjølvsagt også eit høve for eit firma til å marknadsføra seg. Eg skal ikkje gå nærare inn på innhaldet i workshopen for det eignar seg ikkje heilt, men det ville vel ikkje vera mogleg å gjennomføra det i Europa. Ikkje alt kan kjøpast for pengar der. Ein skal jo vera kritisk til marknadsføring og påverknad frå dei ymse firma som kjem vår veg, men det er jaggu ikkje lett å få seg fagleg oppdatering etter kvart. Kurs kostar pengar og enn så lenge betaler sjukehuset mitt eit par kursavgifter i året, men dei har truga med at folk må dekka det sjølve. I tillegg kjem reise og opphald som dei ikkje dekkar, men her har visst legeforeininga eit fond som dekker inntil ein viss sum i året, men ikkje nok til å dekkja to kurs. Så då står ein igjen med at ein må dekkja ting sjølve. På same tid har ein krav om å halda seg fagleg oppdatert. Då er det kjærkome at mellom anna det vi skal oppdatera oss på (nemleg nye medikament og utstyr) kjem vår veg.

Vi hadde eit par artige dagar i NY og eg utvida opphaldet med å besøka Coalition against trafficking in women og vart invitert i juleselskapet til kontoret. Då budde eg ute i Williamsburg/Brooklyn og fekk handla Obama pins på Nickelbocker avenue til lyden av latinske julesangar. Manhattan er nett slik eg har sett det på film. Eit land ein stad mellom i-land og u-land.

Eg har registrert bloggen min på bloggurat i Bergen på kartet

søndag 11. januar 2009

Dugnad

Eit litt utdøyande fenomen i forhold til tidlegare tider, men likevel fullt levande også på Møhlenpris/Bergen. Det har vore ein "møkkadag" i Bergen i dag. Regnet har piska på rutene så det har ikkje vore nokon grunn til å bevega seg utomhus bortsett frå å bevega seg frå stad til stad og til butikken. Ein perfekt dag til å samla seg for litt innendørsaktivitet. Eg er så heldig å ha tre veninner som tykte det var ein strålande ide å koma heim til meg for å skura og olja golv.

ABBA og Eurytmics på full guff, skurekost i handa og fire berrføtte damer på alle fire. Thai take away, party pack med øl, kaffe og sjokolade. Småprat og latter. Slettes ikkje verst. Eg var overlukkeleg og dei andre tre berrføtte påsto dei hadde hatt det gøy. No ventar vi berre på neste anledning. :-)