fredag 17. juni 2011

Abortmotstandarar i Russland tar etter USA/ Russia adopts anti abortion strategies from the USA

Russland var det fyrste landet i verda til å tillata sjølvbestemt abort då dei innførte dette i 1920. Dei har også den høgaste abortrata i verda på 53,7 per 1000 kvinner mot 15,2 i Noreg i følge data frå FN. Tradisjonelt sett har det vore dårleg tilgang og skepsis mot prevensjon. I tillegg har abort stort sett vore gratis i motsetnad til prevensjon.

No er fødselsrata fallande og Putin har sendt ut eit varsku og ynske om å snu denne trenden. Dei har høg dødsrate, låg fødselsrate og også låg immigrasjon.

Dette fører til endra klima i forhold til abort og ein ser no eit auka press på retten til sjølvbestemt abort med forslag om å forby naudprevensjon, pålegg om å sjå fosteret på ultralyd før abort, obligatorisk tenketid osv. Sjå artikkel i NY Times. I tillegg idylliserer ein og hyller dei med mange barn i familien.

Russia was the first country in the world to introduce abortion on demand in 1920. It also has the highest abortion rate according to UN data at 53.7 per 1000 women in comparison to 15.2 in Norway. Traditionally there has been a low use of and scepticism towards contraception. Abortion has also been free of charge in comparison to contraception.

Russia has a high death rate, low fertility rate and also low immigration and is now facing a problem that Putin has adressed in the Duma.  This leads to a change in climate when it comes to abortion and there are suggestions trying to decrease the access to abortion. Suggestions like forbidding emergency contraception, 48 hour waiting period, having to see the fetus in the ultrasound etc. See this article in the NY Times.

onsdag 1. juni 2011

Abortion democracy

Er ein dokumentarfilm som samanliknar abortsituasjonen i Sør-Afrika med Polen. Filmen tydeleggjer veldig godt at det ikkje alltid er samanheng mellom lovleg tilgang og faktisk tilgang til abort. Trass i at sjølvbestemtabort vart fjerna i Polen i 1994 så er tilgangen på abort på den illegale marknaden betre enn tilgangen til lovleg abort i Sør-Afrika som sidan 1997 har hatt sjølvbestemt abort i fyrste trimeste (opp til 12 veker). Sør-Afrika er også eit av dei få landa som tillet at sjukepleiarar og jordmødre kan utføra abort (berre Vietnam og Sør-Afrika).

Filmen gir eit godt overblikk over situasjonen i dei to landa og seier også noko om den katolske kyrkja sin propaganda og korleis kvinner sine tankar om abort er farga av det samfunnet dei lever i sitt syn på abort.

See this interesting documentary comparing the situation in South-Africa where they got one of the more liberal abortion laws in the world in 1997 granting women abortion on request in the first trimester and also letting nurses and midwives perform abortion to the situation in Poland who restricted their abortion law in 1994. Even though abortion is almost banned within the legal framework today it is easier to obtain a safe abortion in Poland than in South-Africa.



Abortion Democracy - Poland/South Africa part 1 from Verena Buschmann on Vimeo.

fredag 27. mai 2011

Valdtekter og abort på US militærbaser/ Rape and abortion in the US armed services





Det har lenge vore kjend at kvinner i USA sine utanlandsstyrker er ekstra utsatt for valdtekter og påfølgande uynskte graviditetar. EIn reknar med at ei av tre har vorte utsatt for valdtekt eller valdtektsforsøk. Valdtektsmennene er deira eigne kollegar og medmilitære. Dei har hatt dårlege rettar og ikkje noko tilgang til abort på basen, og i staden risikerer dei å verta sendt heim dersom det vert oppdaga at dei er gravide. Då mister dei jobb og inntekt. Dei har ingen rett til å få dekt abort gjennom helseforsikringa dei elles får som militærtenestepersonell - ikkje ein gong etter valdtekt. Dette er dårlegare enn for folk insett i fengsel.

På bloggen Reality check finn de ein god artikkel om korleis rettane til desse kvinnene no skal opp i representatsskapets hus.

Women on web har fortald korleis ei av dei store gruppene som kontakter dei for å få tilsendt abortpiller er nett kvinner i det amerikanske forsvaret. Spesielt var det for eit par år sidan mange som tenestegjorde i Irak.

It is well known that the women in the US armed services have an enourmously high incidence of rape or attempt to rape. The attackers are their collegues. Due to complete lack of rights to have an abortion covered by their health plan and the risk of being sent home, many women do not report these incidence. An attempt to improve their rights is now being presented to the house of represantatives. Do read this excellent blog Reality check for mor information.

One of the large groups contacting women on web for an abortion is women in the US armed services and a couple of years ago mainly serving in Irak.

mandag 23. mai 2011

Lykke, familie, myter, reproduksjon, sosialt eller genetisk








Ja, kva kjem fyrst og sist? Kva som er mogleg er i alle fall i stor endring. Ny teknologi gir oss høve både til å avgrensa reproduksjonen og strekka den ut over det såkalla "naturlege" der mann og kvinne har samleie og vert gravide. Påstanden til Hrdy om at det er seksualdrifta som er drivkrafta bak reproduksjonen  får ikkje lenger same tyding i moderne tid. Ein annan ting er om det eigentleg har vore slik i tidlegare tider. Makt, pengar, status, tradisjon har vel alltid vore viktig for kven som har slått seg saman, gifta seg og så fått barn. Den romantiske kjærleiken er jo ganske ny som drivkraft bak ekteskapet. Rett nok har DNA-testar vist at det er fleire enn ein trur som har ein genetisk anna far enn den dei sosialt sett har.

Ein annan ting er at det er veldig greit for reproduksjonen at det stort sett er så lystbetont å laga barn på naturmåten. For fødselen i andre enden opplevest nok heller som noko ein berre må igjennom, og nokre vert så skremt av den opplevinga at det drøyer lenge før neste svangerskap.

Morsynske heng heller ikkje alltid saman med morskjærleik. Det fyrste ein ofte kjenner på når ein får barn er eit stort ansvar og beskytterinstinkt. Kjærleiken er noko ein ofte veks på seg når sjokket over det nye tilværet har lagt seg, og minnet om det gamle livet vert fjernare. Samtidig som ein kan vera takknemleg og glad for alt det nye som har skjedd. Det er også ein auka risiko for depresjon etter fødsel - Wikipedia og ein studie frå Danmark som viser auka risiko etter fødsel, men ikkje risiko psykisk sjukdom etter abort.

Har nett kost meg med artikkelen i Klassekampen frå 21.05.11 "Drømmen om egne barn". Orginalartikkelen er å finna i danske Informationen. Her heiter den litt meir polemisk "Når celler mødes, og rgitige mennesker opstår".

Både politikk, økonomi og sosiale forventningar virkar inn på tankane våre kring reproduksjon. På 70-talet var den norske trenden å få 2 barn, no ser det ut til at trenden heller mot å få 3 barn.

Det er ikkje alltid lett å velja noko anna enn det majoriteten representerer. Mindre enn to og fleire enn fire barn (i Noreg) treng ei "forklaring". At nokon faktisk vel å ikkje få barn vert møtt med misstru - mange trur at dei eigentleg ikkje kan få og kanskje ikkje er ærlege med seg sjølv. Med ein trend i USA der 1/5 kvinner vel å ikkje få barn vil kanskje denne misstrua forsvinna fordi det vert relativt vanleg. Å velja å få berre eitt barn er også forbunde med misstru og sett på som egoistisk. Får ein derimot fleire enn fire så vil mange sjå på det som uansvarleg. (Vel, dette er altså ikkje mi oppfatting, men litt kjensla ein får i diskusjonar kring reproduksjon).

Som einsleg adoptivmor som har vald det i staden for å reisa til Danmark for å fertiliserast så framstår det som absurd at morskjærleiken eg føler skulle kjennast anleis ut dersom eg hadde født mitt genetiske barn i staden.

Men at det å testa ut fertiliteten sin for så å oppdaga at han ikkje innfrir er nok tøft. Ein ting er at det strir mot kjensla ein har av å vera fullverdig mann eller kvinne, men i tillegg har ein brukt ganske mykje tid, håp og krefter på eit prosjekt som ikkje innfrir. Hugser godt presentasjonsrunden på det adopsjonsførebuande kurset eg var på der folk i tillegg til namn, bustad, yrke sa "vi har tre forsøk", "vi har 5 forsøk" etc. Det tok litt tid før eg skjøna at det sjølvsagt var IVF-forsøk det dreide seg om.

Ein annan ting er kor misslukka eg kjende meg då eg starta adopsjonsprosessen - ikkje av di eg skulle adoptera, men av di eg var åleine. Samfunnsforventningane er jo også at ein skal vera to. Det hjalp ikkje at andre tykte eg var tøff. Fyrst etter at eg hadde fått tildelinga var eg udelt stolt over å skulle verta mor, og dreit i om eg var åleine eller ikkje.

tirsdag 10. mai 2011

Heimeabort som tema på P2 i Ekko


I dag har eg vore på Ekko på P2  for å snakka om heimeabort. Utgangspunktet for diskusjonen i dagens program var eit program dei hadde laga der dei følgde ei ung kvinne som gjennomførte heimeabort. Dei følgde ho gjennom prosessen for å bestemma seg, på sjukehuset og i etterkant av aborten. Ho var ambivalent i forhold til å ta abort og opplevde heimeaborten som veldig smertefull.

Heimeabort vil sjølvsagt ikkje passa for alle, og eg meiner det bør vera frivillig.

Bakgrunnen for å innføra heimeabort var å gje også norske kvinner den fridomen til å kunne velja kor og saman med kven dei ynskte å vera når dei gjennomgjekk ein abort til liks med det ein kan elles i til dømes Skandinavia og Frankrike.

Ca 95% av dei som vel heimeabort er førnøyde med dette, og etter at vi innførte heimeabort i Bergen så har andelen av dei som tar heimeabort auka frå 30-70% blant dei som kan få heimeabort. Eg trur at dette skuldast at kvinners erfaringar med dette stort sett er gode trass i smerter og at dette sprer seg i befolkninga.

Her finn du podcasten til dette temaet. 10.05.11 "Abort alene".

torsdag 24. mars 2011

Kvinne kjenn din kropp

På 70-talet laga dei  i Danmark ei opplysningsbok om kvinnekroppen ssom heitte "Kvinde kend din krop" og som skapte mykje debatt. Den har seinare vore oppdatert og utgitt på nytt seinast i 2001. No har dei laga Kussomaten som er ein fotoboks dei flytter rundt og lar kvinner ta bilder av kusa si. Bildene ligg ute på nett.

Dei har gjort dette av di det ein finn av bilder av underlivet i dag stort sett er pornobilder som gir eit heilt skeivt inntrykk av korleis kvinner eigentleg ser ut. Små, hårlause kjønnslepper er ikkje normalen.

Som gynekolog møter eg jo kvinner som tykkjer dei har for store kjønnslepper og som er redde for å la kjærasten sjå underlivet deira. Kussomaten gir deg den usminka og sanne varianten. Det kan eg som gynekolog skriv under på.

tirsdag 22. februar 2011

Abortion in Zambia vs Norway


Eg har fått tilsendt linken til ei fin studentoppgåve frå sjukepleiarhøgskulen i Sogn og Fjordane skrive av ei frå Zambia. Ho har samanlikna aborttilgangen, lovene og behandlinga i Zambia med Noreg. Oppgåva er fin og det er både interessant å læra om Zambia og å sjå Noreg frå hennar synsstad. I tillegg har ho ei fin oppsummering av historia til den norske abortlovgivinga. Ho heiter Caren Chizuni og her finn de oppgåva.

"A comparative study of the accessability of induced elective abortion in Zambia and Norway"


I have been sent the link of a student essay from the College of Nursing in Sogn og Fjordane. The student Caren Chizuni is originally from Zambia and compers the access, laws, treatment etc of abortion in Zambia and Norway. It is interesting reading. This is a link to the essay.