Teiknaren Peter O'Donnel som sto bak mi store teikneserieheltinne Modesty Blaise er død. Han vart 90 år så vi før tru han har hatt eit rikt og langt liv.
Eg er ikkje nokon stor samlar, men når det gjeld Modesty Blaise har eg faktisk ein komplett årgang av seriehefte. Til alt overmål betalte eg 600 kr for hefte nr 2 som er i stive permar. Det kjendest som ein stor seier og veldig ekstravagant då eg fann det og brukte 600 kr av mitt studiestipend på det heftet.
Det er sjølvsagt kult med ei sterk heltinne, men noko av det kulaste er hennar beinharde kamp mot prostitusjon - menneskehandel.
Takk for flott arbeid Peter O'Donnel.
onsdag 5. mai 2010
fredag 23. april 2010
Artikkelen om medikamentell abort 9.-12. veke i Bergen
Endeleg er erfaringane våre med medikamentelle abortar for dei frå 9-12 veker publisert. Artikkelen står på trykk i tidsskriftet Obstetrics and gynecology. Bergens Tidende har også ei sak på funna våre i dag.
Som eg seier i BT så er vi den andre klinikken i verda som publiserer våre erfaringar med metoden for abortar i 9.-12. veke. Det gjer tilbodet til kvinner i vår region unikt. I størstedelen av verda så vert alle abortar for denne svangerskapslengda utført kirurgisk. Kirurgiske abortar er ikkje utrygge i vår del av verda, men også i ein trygg setting så er likevel medikamentell abort tryggare. Det generelle medisinske prinsippet seier dessutan at ein skal unngå kirurgi dersom ein kan koma i mål med like gode resultat ved bruk av ein ikkje-kirurgisk metode. 91,7% av alle kvinnene i studien hadde ein komplett abort utan noko som helst behov for kirurgi og 91% var fornøyde med metoden.
Etter mine spede erfaringar med forskning og publisering så får ein jo stadig meir respekt for forskningsprosessen. Det er ikkje nett gjort i ei handvendig, etter at eg posta dette i desember 2008 så har artikkelen vorte avvist av to tidsskrift før den endeleg no er publisert. Det interessante er at vi heile tida har gått til nye tidsskrift med høgare impact factor, og for kvar gong har dei vore meir intersserte. Så då kan det virka tidvis tilfeldig kvar og når artikkelen slår inn.

fredag 26. mars 2010
Parents = biologiske foreldre?
Har nett sett på Debatten på NRK frå i går som omhandla surrogatmødre. Der var det sjølvsagt mange ulike meininger. Noreg er ganske streng når det gjeld reproduktiv helse - altså det som omhandler forplantning. Mellom anna er det i følge den norske bioteknologilova ikkje lov til å setja ei anna kvinnes befrukta egg inn i din eigen kropp. Den aksepterer altså ikkje eggdonasjon.
I det heile så er lova ganske forankra i biologisk tilknyting og spesielt ei forherleggjering av morsrolla i den samanhang.
Det vart referert til FN's barnekonvensjon, og her kom det opp noko interessant. Overlegen i panelet (hugsar ikkje namnet, men han hadde opplagt norsk som framandspråk - amerikansk, tysk?) sa at i barnekonvensjonen står det ikkje noko om biologiske foreldre. Det står berre parents, sa han. Då kom både statssekretæren, Krf og bioteknologirepresentanten og arresterte han. Dei seier dei siterte den norske omsetjinga.
No har eg sjekka den opprinnelege engelske versjonen:
Og så fann eg denne norske kortversjonen:

Article 7 (Registration, name, nationality, care): All children have the right to a legally registered name, officially recognised by the government. Children have the right to a nationality (to belong to a country). Children also have the right to know and, as far as possible, to be cared for by their parents.
Og så fann eg denne norske kortversjonen:
7. NAVN OG STATSBORGERSKAP Barnet har, umiddelbart etter fødselen, rett til navn og nasjonalitet, og så langt det er mulig, å kjenne til sine foreldre og få omsorg av dem.
8. IDENTITET Staten skal respektere barnets rett til å bevare sin identitet, herunder nasjonalitet, navn og familieforhold. Dersom et barn ulovlig blir fratatt slik identitet skal staten hurtig bistå med gjenopprettelse.
No lurer eg på kvar det står om biologiske foreldre....
Etiketter:
barn,
barnløyse,
forplantning,
Globalt,
moralisme,
svangerskap
onsdag 17. mars 2010
Medabon
No har det kome ei kombinasjonspakke på marknaden med både mifepriston og misoprostol dei to medikamenta som til saman gir abort. Det heiter Medabon. Trass i at misoprostol er registrert i mange land så er det nesten aldri registrert til bruk som abortmiddel. Dette vert såleis ein av dei fyrste gongane farmasøytisk industri offisielt registrerer det som abortmiddel saman med mifepriston. WHO satte kombinasjonen av mifepriston og misoprostol på lista si over "essential drugs" allereie i 2006.
Dette vil lette tilgangen til medikamentell abort for fleire kvinner over heile verda ikkje minst sidan det vert produsert og seld til ein overkommeleg pris.
torsdag 11. mars 2010
Hjernefnjask
Harald Eia sitt program er jo underhaldande der sprett rundt litt som ein Ivo Caprino-figur i sin vendetta mot norske forskarar som ikkje har lagt sin elsk på biologi som forklaring på menneskeleg åtferd.
Dette kan vanskeleg kallast folkeopplysning sidan han så tydeleg er ute etter å ta dei norske forskarane. I motsetnad til den openberre skepsisen og kritikken dei norske får så er han fullstendig ukritisk i møtet med dei utanlandske. 200 000 menneske som har svart på eit internettskjema har ein ingen garanti for at er eit representativt utval. Det er også uklårt for meg om dei som sat og vurderte kva babyar festa blikket på visste kva kjønn babyane hadde under studien. Skal den ha truverd så må jo kjønn vera blinda for den som skal vurdera åtferda.
Vel, vel, eg er overtydd om at personlegdom, eigenskaper, talent osv er genetisk nedarva i oss, men eg er også overtydd om at miljøet er med å moderera desse eigenskapane.
Var drøymeyrket mitt i mange år som barn snekkar av di far min var veldig oppteken av å snu kjønnsroller eller er det genetisk nedarva frå far min?
Kor interessant er det eigentleg?
Ein av Eia sine amerikanske forskerar meiner at miljø ikkje har nokon ting å seia, men kvifor er det då slik at adopterte barn gjennomsnittleg gjer det betre enn det gjennomsnittlege norske barnet som veks opp hjå eigne foreldre? Er barn som vert adoptert vekk gjennomsnittleg meir intelligente? Forklåringsmodellen har i alle fall vore at adoptivforeldre er selekterte og ressurssterke.
Og Vassnes likelønn handlar ikkje om at kvinner sjølve vel yrke med lågare løn, det handlar om å gjera yrke med same utdanningslengde like mykje verd.
mandag 8. mars 2010
Religiøs tvang og hijab
No vil ein forby hijab for barn i skulen av di det er kvinneundertrykkande og synleggjer religiøs tilknyting. Eg er fullstendig einig i båe påstandane, men før det norske samfunnet og skulen kan krevja eit slikt forbod av slike grunnar så må dei fjerna kristendom frå skulen. Snakk om å påtvinga andre ein undertrykkande religion, men då er det sjølvsagt greit ved å nytta "vår kulturarv" som argument.
Dersom vi forbyr hijab er vi ikkje betre enn dei samfunna som krev hijab av kvinner.
Foreldre har til alle tider vidareført og oppdratt barn etter sine normer, kultur og tradisjonar. Det er ein del av oppgåva og plikta dei har.
Noreg proklamerer fridom for einskildindividet og burde også gjera det når det går i mot fleirtalet sine verdiar.
søndag 14. februar 2010
Kjøkenbordsstudie - kjønna bildefordeling i Klassekampen
Frukost er jo tida for å lesa avisa også i min heim - omlag den einaste tida eg får lest avis - sjølv om eg av og til lurer på om eg eigentleg burde ha site og snakka med litjpia og vore ei flink, stimulerande mor. Heldigvis har eg slått det frå meg. Det får vera måte på.
Så då har eg tid til å ta for meg post og aviser. Øvst låg Spor, Domkirken menighet sitt blad. Eg er ikkje medlem og har faktisk aldri vore innmeldt i statskyrkja sjølv om eg på eit tidspunkt måtte melda meg ut berre grunna det faktum at eg er fødd i Noreg. Vel, eg har gitt opp å tru at eg kan sleppa å få desse kyrkjelydsblada for dei er på kommunen sitt distribusjonnett. No går eg forresten i open barnehage i Nykirken og syng om Gud kvar dag.
Men det var denne undersøkinga. Det gjeld då Klassekampen. Eg sat og las og merka meg at mest alle bilda var av menn. Ville jo helst ikkje tru det, og tenkte at det sikkert var reint tilfeldig så eg tok for meg neste dags avis. Same greie der. Så no har eg sett på fem etterfølgande aviser. Eg har utelatt debattinnlegga, og programsidene til TV.
9. februar: kvinner 18, menn 28
10. februar: kvinner 16, menn 36
11. februar: kvinner 19, menn 44
12. februar: kvinner 11, menn 25
13. februar: kvinner 25, menn 39
Bokmagasinet 13. februar: kvinner 14, menn 17
Det vil seia at 65% av bildene er av menn.
Dette var raskt rekna så det kan jo vera eit par til eller frå, men det skulle likevel vera statistisk signifikante skilnader. Tilfeldig? Neppe.

Abonner på:
Innlegg (Atom)