Spania har som eg har skrive tidlegare vedtatt ei ny abortlov som gjer at ein no har sjølvbestemt abort opp til 14 svangerskapsveker i Spania. Lova er frå 3. mars i år og trådte i kraft 4. juli.
Det finst frå 1997 30 offisielt akrediterte abortklinikkar ACAI (asociacion de clinicas acreditadas para la interrupcion del embarazo) i Spania i 23 byar og 12 comunidades. Så og seia alle abortar har vorte utført her og ikkje på dei offentlege sjukehusa opp til no. Det ser også ut til at det framleis vil vera desse klinikkane og ikkje dei offentlege sjukehusa som kjem til å tilby dette inngrepet.
Etter at den nye lova kom får no klinikkane refundert kostnadane sine frå staten slik at kvinner som søker abort ikkje lenger treng å betala for dette. Det er nok her den største praktiske sklinaden ligg for kvinner generelt. Det har ikkje vore vanskeleg å få abort i Spania tidlegare, men ein har vore nødt til å betala for det. Dei ulike autonomia behandlar kvinnene og klinikkane ulikt i forhold til kor raske dei er med å refundera pengane, og klinikkane er framleis usikre på korleis alt vil gå seg til og organiserast. Det er nokre autonomi som er meir interesserte i å stikka kjeppar i hjula enn andre.
Tidlegare hadde ein ikkje noko øvre tak i antal veker på å ta abort. I den nye lova derimot set ein eit tak på 22 veker så lenge det ikkje er snakk om fare for kvinna sitt liv. Spania har fram til no vore eit av dei landa der ein har kunna reist frå andre delar av Europa dersom ein treng ein seinabort. Det er uvisst i kva grad dei no kan tilby dette.
Lova seier også at dei må ha ein tenkepause på 3 dagar frå obligatorisk informasjon om inngrep, tilbod til nybakte mødre etc er gitt. Ein slags pålagt angreperiode og tvangsinformasjon. Dersom kvinna er nødt til å reisa eit lite stykke og forsøker å gjera abort skjult frå dei rundt ho er dette ei ekstra belastning og kan føra til meirkostnader. Det er mellom anna enklare og billigare å ordna seg fri ein dag og reisa enn to.
Uansett er sjølvsagt lova eit framsteg og innehar positive og negative sider i forhold til mellom anna den norske lova. Det viktige er at lova erkjenner og stadfester at det er kvinna sjølv og ingen andre som skal bestemma om ho skal avbryta svangerskapet eller ikkje.
As I have also written earlier Spain has now from March 3. 2010 a new law on abortion that permits abortion on request up to 14 weeks. There are 30 officialy accredited clinics in 23 cities and 12 comunitees that has offered abortion up until now. It seems like abortions will still be a procedure undertaken by these clinicsa and not the governemental hospitals. The big change is that the cost of the abrtion will now be refunded from the government through the authorities in the different autonomies to the clinics rather than the woman having to pay for her treatment. This is of course an important change that will make abortion more accessible to women of all classes. An unfortunate clausule in the law is that the women have are obliged to recieve information on what kind of help they can get as mothers and they have to wait for at least 3 days from this information is given until they can go through with the abortion. For somebody who needs to find time off, travel and don't want anybody to know this is an extra obstacle as it is harder to do it twice than only one day.
The old law didn't have any restrictions as to gestational age for having an abortion but now there has been given an upper limit of 22 weeks except for the cases when the woman's life is at risk. Due to the old law Spain has been one of the few places in Europe where you could go to have a late abortion and one is not sure what will happen now.
Any way this new law is a huge step forward securing women's rights to control their own bodies and to make their own decisions without the control of others.
torsdag 18. november 2010
Den nye abortlova i Spania/ The new law on abortion in Spain
Etiketter:
abort,
abortion,
feminisme,
helse,
kropp,
kvinnehelse,
prevensjon,
reproductive health,
reproduktiv helse,
Spania,
svangerskap
søndag 7. november 2010
Kvinner uten menn/women without men
Eg er diverre skuffa.
I filmen er kvinnene ganske flate. All humor og optimisme er borte. Ein skjøner ikkje kva dei har lært av det dei har erfart. Og kjipast av alt er at dei er reduserte til svake skikkelsar. Mellom anna Fakhrid som er gift med ein general og som forlater han og byggjer seg opp eit eige liv der ho vil bruka den kunnskapen og evnene ho har undertrykt så lenge medan ho har vore gift med han som alltid har forsøkt å devaluera ho. I boka er ho sterkt og skaffer seg ein posisjon via kontakter, det ho skriv etc. I filmen er ho berre ei kvinne som forlater sin mann når ungdomskjærasten kjem attende frå utlandet og som arrangerer ein fest for å få invitert denne mannen som så forsmår ho ved å forlova seg med ei anna. Ei kvinne som berre søker kjærleik og merksemd frå ein mann. Ho som kjem seg ut av prostitusjon er også flat og utan evner i motsetnad til i boka der ho gir fantastisk liv til hagen og det som gror rundt ho.
Dei som har meldt filmen kan umogleg ha lese boka. Rett nok er det ein del flotte bilde. Ikkje minst den symbolske vegen og eit par bilder frå hagen. Ein hage som i filmen vert ein litt gold og vill skog i staden for ein vakker hage.
Some time back I read the book "women without men" by the Iranian author Sharnush Parsipur. I loved the magical realism of the book and the way the lives of the women get woven into each other. They change, liberate themselves and they grow through their obstacles. Since I loved the book so much I was really looking forward to the film with all it's good reviews. Unfortunately I am really disapointed. All the humor, magic and personal growth of the women is gone. They are completely flat as characters and don't at all seem like the strong women they are in the book. For instance Fakhrid who leaves her army husband who has devaluated her through a long lasting marriage to build her new life and develop her virtues and interest and make her own importance in life she is reduced to a woman who leaves her husband because her old romance comes back from over seas.
Please go and read the book instead.
torsdag 28. oktober 2010
Om å verta kalla mordar/ to be called a murderer
Lova om sjølvbestemt abort trådte i kraft i Spania i juli i år. Som vanleg etter eit slikt brakande tap frå abortmotstandarane si side så er dei forbanna. Pendelen har svinga, og dei gjer det utriveleg for abortsøkande kvinner og oss som arbeider for å trygga kvinner sine rettar. Stort sett vert vi jo då kalla mordarar, asesinos, murderers. Noko som sjølvsagt ikkje er hyggeleg. Vi som bur i Skandinavia er jo heldigvis skåna for dette til vanleg. Det er ikkje rart at det vert ei spesiell samkjensle på abortkonferansar når dette er noko mange av deltakarane møter jamnleg. Det var fyrst etter at eg var tilstades på eit møte med Women on Waves i Buenos Aires der det var eit skikkeleg slagsmål utanfor i tillegg til dei vanlege ropa at eg skjøna kor truga eg eigentleg var og kvifor norske kvinner frå generasjonen før kjende seg så uvelle og truga under slike demonstrasjonar.
Det er jo sjølvsagt ein absurd påstand. Omlag 20% av all mødredød skuldast utrygge abortar og for kvar kvinne som dør får ca 10 varige mein. Den kampen vi driv med er altså å redusera mødredød og trygga kvinners rett over eigen kropp ein dimensjon abortmotstandarane heilt ser bort ifrå.
Eg har utruleg respekt for dei kvinner og menn som år etter år held ut og hjelper kvinner som søker abort med fåre for eige liv og konstant press og mobbing frå abortmotstandarar. Det trengst ein sterk rygg for å bera ein slik kvardag. Då er det godt å koma på ein konferanse der alle rundt deg støtter deg.
The law on abortion up to 14 weeks came into function July this year. Not unusually the anti choice people are a angry and uses all the options and time they have to harass women who take abortion and us who are pro choice calling us murderers etc. which naturally is not very pleasant. Luckily we Scandinavians do not have to face this in our everyday life.
It is completely absurd of course since 20% of maternal deaths world wide are due to unsafe abortion and for every woman that dies 10 have long life complications. Our job is to reduce maternal death a dimension the anti choice completely forget.
The men and women who risk their life and are constantly facing harassment in their work to help women need all the respect and honour we can give them.
mandag 25. oktober 2010
Abortkonferanse/Abortion conference
Her møtest representantar frå alle dei organisasjonane som de finn nettsidene til i spalta ved sida av; BPAS, IPAS, ICMA, Guttmacher, Women on waves etc.
Det er ikkje berre abort som er temaet, men reproduktiv helse som til dømes prevensjon og seksualundervisning er også inkludert. Desse emna har alltid gått hand i hand med spørsmålet om svangerskapsavbrot.
Grunna dei røffe daglege arbeidsforholda til ein del av deltakarane vert det ei spesiell samhaldskjensle som ein ikkje møter på vanlege medisinske konferansar. Det er ikkje berre den reine medisinske sida ved reproduktiv helse som vert diskutert, men korleis skal ein auka tilgangen på abort for fleire kvinner og på det viset sikra god kvinnehelse og redusera mødredødelegheit. Med min bakgrunn som feminist er dette sjølvsagt ganske kjærkoment.
Denne gongen har eg vore i Sevilla på FIAPAC (International Federation of Professional abortion and Contraception Associates) sin konferanse. Den er kvart anna år og samla nesten 600 deltakarar frå over 50 land.
Som vanleg kjem eg heim med endå fleire idear, kontakter og pågangsmot. I tillegg er det ganske mange av oss som er gjengangerar så det er her godtfolk møtest, og det er jo triveleg i seg sjølv.
Abortion conferences are not like general medical conferences. And when I say abortion conferences I am of course talking about pro choice and reproductive health. The attendants are a wonderful mixture of medical personnel, lawyers, journalists, social sciences, activists etc. We don't only discuss the medical side of reproductive health but also how to increase access to secure women's health and reduce maternal mortality. Being a feminist activist as well as a medical doctor I of course feel most at home in these settings. There is a sense of solidarity that you don't find at other medical conferences.
These are the conferences where representatives from all those associations you see listed in the adjacent column meet, and we are quite a group who tend to show up repeatedly something which also makes it enjoyable.
This time I was at the FIAPAC conference in Sevilla. FIAPAC holds a conference every two year somewhere in Europe. We were next to 600 people from more than 50 countries.
Etiketter:
abort,
abortion,
conference,
contraception,
feminisme,
Globalt,
Internasjonale vener,
konferanse,
kvinnehelse,
prevensjon,
reproductive health,
reproduktiv helse,
svangerskap,
USA
fredag 8. oktober 2010
Norsk abortstatistikk
I 2006 tok Medisinsk fødselsregister over rapportering og organisering av abortdata for Noreg. Registeret som opprinneleg registrerte alle fødslar i Noreg registrerer no difor alle svangerskap.
Etter at ein la om til elektronisk registrering av alle abortdata får ein raskare ut statistikken slik at data for 2009 kom ut innan eit halvt år.
Det er jo ikkje store endringane reelt sett. Som før gjerast det ca 25% abortar i forhold til fødslar, eller som eg ville sagt det så ender ca 20% av alle svangerskap i ein abort. Det er ganske samanfallande med tala på verdsbasis der ein reknar med at 20-30% av alle svangerskap endar i ein abort.
Tenåringsabortane går ned, og den gruppa med flest abortar er aldersgruppa 20-24 år. Det er kanskje heller ikkje så oppsiktsvekkande.
Det mest interessante for meg som jo nettopp forsker på korleis medikamentell abort har vorte tatt imot og brukt som metode i Noreg er at medikamentell metode no er den mest vanlege metoden i Noreg. 2008 var det fyrste året då medikamentell abort var hyppigst brukt med 55,9% av alle abortar og i 2009 var talet stige til 67,4%. Det har dermed vore ein ganske rask auke frå 45,3% i 2006.
Etter at ein la om til elektronisk registrering av alle abortdata får ein raskare ut statistikken slik at data for 2009 kom ut innan eit halvt år.
Det er jo ikkje store endringane reelt sett. Som før gjerast det ca 25% abortar i forhold til fødslar, eller som eg ville sagt det så ender ca 20% av alle svangerskap i ein abort. Det er ganske samanfallande med tala på verdsbasis der ein reknar med at 20-30% av alle svangerskap endar i ein abort.
Tenåringsabortane går ned, og den gruppa med flest abortar er aldersgruppa 20-24 år. Det er kanskje heller ikkje så oppsiktsvekkande.
Det mest interessante for meg som jo nettopp forsker på korleis medikamentell abort har vorte tatt imot og brukt som metode i Noreg er at medikamentell metode no er den mest vanlege metoden i Noreg. 2008 var det fyrste året då medikamentell abort var hyppigst brukt med 55,9% av alle abortar og i 2009 var talet stige til 67,4%. Det har dermed vore ein ganske rask auke frå 45,3% i 2006.
fredag 20. august 2010
Kenya får ny grunnlov og abortrettar/Kenya's new constitution gives abortion rights
Gratulerer, 4. august vedtok Kenya ei ny grunnlov. Eit av dei store debattspørsmåla har vore abort. I den gamle lova var kravet til å få abort for å redda mors liv at to legar godkjende dette medan den nye lova mjuker opp tilgangen. Motstandarane framstiller det som om det no skal vera fritt fram å abortera. Den nye lova seier:
“in the opinion of a trained health professional, there is need for emergency treatment, or the life or health of the mother is in danger, or if permitted by any other written law.”Med ein slik lovtekst kan ein sjølvsagt tolka lova vidt eller strengt. Det vil vera interessant å sjå kva for presedensar som kjem fram. Det er hevda at lova er så open at ho kan tolkast slik at ein lege har rett til å bestemma om kvinna sitt liv og helse er i fåre i eit så vidt perspektiv at det nesten opnar for "sjølvbestemt abort". Denne lova liknar nok ein del på den nye etiopiske lova.
USA har gitt 23 mill $ i støtte for å få gjenomført grunnlova.
4. August Kenya voted for å new constitution that among other changes allows abortion. It has been a huge debate where the oponents claim that the law opens up for abortion on demand. One can only hope. The text as you can see above could be interpreted in different ways and we can only hope that it will be interpreted in a way that opens up the posibility for women to have an abortion for a broad variaty of reasons. Earlier you needed the consent of two doctors to have an abortion to save the womans life. In any case this is a step forward for the rights of women. USA has spent 23 ill $ to promote the new law which has also rised a huge debate. Congratulations!
onsdag 4. august 2010
Endeleg fulltidsforsking/finally full time to do research
Endeleg ber alt arbeidet med forskingsprosjektet mitt frukter for no har eg endeleg fått meg ei stipendiatstilling. Vi starta i 2005 med å innføra medikamentell abort også for dei mellom 9-12 vekers graviditet. Tidlegare var det berre kirurgi som var eit tilbod for denne gruppa. Etter mykje om og men vart det arbeidet publisert i år, og det skreiv eg om her. I tillegg starta vi nokre andre prosjekt når det gjeld heimebehandling og nye kontrollrutinar. Det er kjekt å sjå at både tilbudet om medikamentell abort for dei med 9-12 vekers graviditet og heimebehandling stadig vert meir utbreidd rundt om på sjukehus i Noreg.
No gler eg meg til å kunne fullføra det arbeidet eg stort sett har brukt fritida mi på fram til no.
After 5 years of doing research on medical abortion and the introduction of new treatment alternatives I have finally managed to get a full time position and money to finish my research with the University of Bergen. We introduced medical abortion for women with a gestational age of 9-12 weeks in 2005 and our results were published in Obstetrics and Gynecology this year. Later we also started out patient treatment for those with a gestational age up to 9 weeks and have looked at different control regimes. It is very good to see how these treatment alternatives are becoming more and more available all over Norway.
I am very much looking forward to finish of what we started.
No gler eg meg til å kunne fullføra det arbeidet eg stort sett har brukt fritida mi på fram til no.
After 5 years of doing research on medical abortion and the introduction of new treatment alternatives I have finally managed to get a full time position and money to finish my research with the University of Bergen. We introduced medical abortion for women with a gestational age of 9-12 weeks in 2005 and our results were published in Obstetrics and Gynecology this year. Later we also started out patient treatment for those with a gestational age up to 9 weeks and have looked at different control regimes. It is very good to see how these treatment alternatives are becoming more and more available all over Norway.
I am very much looking forward to finish of what we started.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









