onsdag 20. januar 2010
Adds by google
Hm, tykkjer alltid det er litt creepy når google og Facebook straumlinjeformar reklamen sin. No er eg i Thailand og då kjem det opp "Meet thai women" og til alt overmål inne i Feminist voices boksen min. Og når eg skulle sjekka det igjen så var det borte som om dei skjønar at eg skriv om det. uæha....
In the air - abortkongress i Thailand
Korleis skal ein få 10 timar til å gå på flyet? Endeleg er eg på husmorferie til Thailand. Ein kjapp tur ned på tysdag heime igjen på laurdag. Så det startar jo bra at eg ikkje får sove noko på flyet og landar kl 06 om morgonen. Dei har lova å plukka meg opp med ”a limo”. ”Please look out for a representantive from the limoservice in green jacket” sto det i den siste eposten eg fekk frå kongressfolka. Skal ikkje stikka under ein stol at eg tykkjer det er litt spennande. Det er noko eige ved dette å verta plukka opp på ein flyplass av nokon som held ein lapp med namnet ditt på. Er redd North Face baggen min eigentleg ikkje passar heilt til det limo imaget, men det er praktisk å kunna bera tinga sine på ryggen. Ok då viste det seg at limo-service er ein fin drosje. Då professoren frå San Fransisco og eg påsto at vi kunne køyra i same bile så vende dei berre det døve øyret til og vi var tvunge til å sitja i to separate bilar. Og dette er i ein by der masse folk går rundt med munnbind - svineinfluensa eller forureining?
Eg har vorte invitert til å snakka på ein asiatisk abortkonferanse og skal presentera korleis Noreg har gått frå 100% kirurgiske abortar til over 50% medikamentelle på 10 år. Vi hadde besøk på Haukeland for nokre år sidan av dei som no arrangerer kongressen. Det internasjonale abortmiljøet er ikkje veldig stort så eg veit eg kjem til å møta kjende.
På vegen har eg allereie klart å sjå tre filmar oops fire. Det starta veldig bra med Julie and Julia der Meryl Streep speler Julia Child som var USA sin versjon av Ingrid Espelid. Ho var ein karakter i seg sjølv og introduserte det franske kjøken til USA. Ein fin film om ei flott dame som var noko for seg sjølv. Meryl Streep imponerte som vanleg og har også fått ein Golden Globe for rolla. Filmen bygger på bloggen The julie/julia project. På vegen har eg også site og skrive på min evige medisinske artikkel. Det er ei evig reprise å revidera den artikkelen, men vonleg skal vår møye snart bera frukter. Lot meg identifisera med den godeste Julia der. Ho fekk stadig manuset til den franske kokeboka si i retur med spørsmål om ho ikkje kunne endra den slik eller sånn. Nett der føler eg at eg er også. Båe to har vi dessutan vener og støttespelarar som er veldig optimistiske på våre vegne. No tør eg ikkje å tru på noko før artikkelen er akseptert.
Eg elskar romantiske komedier så difor fann eg sjølvsagt raskt dei to eksempla i menyen. Dette er heldigvis eit av dei flya der du har eigen skjerm og kan velja fritt frå ein stor meny av filmar. Så den neste filmen eg såg var Love happens med Jennifer Aniston. Det var ein slik halvegs drama film der heltinna hjelper helten med å overkoma eit personleg problem Han er veldig kjenslevar og har mista kona si i ei bilulukke for tre år sidan. Han var sjåføren og skuldar seg sjølv for ulukka. Så har han klisjeaktig nok lagt lokk på alt og skrive ei sjølvhjelpsbok om korleis du ikkje skal gjera det. Blæh, keisamt i grunnen.
Den siste filmen (trudde eg) var The ugly truth som er ein film som forsøker å læra kvinner korleis menn eigentleg er og korleis dei skal oppføra seg for å få menn til å be dei ut. Nett slik ”How to loos a guy in 10 days” og ”He is just not that into you”. Så her har vi ei superpen dame som er kontrollfreak og har klare krav til korleis draumemannen skal vera og ein macho mann som fortel ho at ho gjer alt feil. Han skal læra ho korleis ho skal få mr right (ein lege sjølvsagt) til å falla for ho. Ho hater denne ”neandertalen” av ein mann (altså han som skal hjelpa ho), men det er ein deal for å verta kvitt kvarandre. Dei er nemleg kollegaer. Til slutt ender det sjølvsagt i senga med dei to og siste replikken etter at dei tydelegvis har hatt sex er ”was it really that good or are you fakeing it?” Kor på ho sjelmskt svarer;” you will never know the truth”. Moralen er altså fake orgasme damer så har i alle fall ein av partane fått full pott.
Den siste filmen vart Motherhood med Uma Thurman og Minnie Driver. Litt vel klisjeaktig om kor travelt ein har det når ein vert mor. Mødre gjer alt mens fedre berre gjer noko som dottera seier. Manglande sexliv, trong økonomi, utblåst hjerne osv og med ynskje om å verta sett for den sexy og interessante kvinna ein ein gong kjende seg som. Dette er middelklasseintellektuellevenstresidefolk som bur i leiligheit i Greenwich Village i eit hus som er husleieregulert så dei er eigentleg "fattige". Ja, de skjønar vel teikninga. Litt over the top spør du meg. Eg kjenner meg i alle fall ikkje igjen - enno, men så er jo eg heime i morspermisjon......
mandag 11. januar 2010
Vi måste höja våra röster - og veldig forseinka hijabinnlegg
Eg er på mimrestadige for songar for tida. Det byrja med Marie Bergman og så byrja eg å sjekka om eg kunne finne nokre andre av dei gamle 70-talsfeministsongane. Då fann eg denne. Bra bildemix i tillegg til at det er mimring på gang.
På bildene er det stort sett kvinner med hijab og då kom eg jo på hijabdebatten frå i vår.
Eg er framleis grundig ueinig i at ein skal ha hijabforbod nokon som helst plass i samfunnet. Det finst mange argument for at politiet liksom er ein spesiell instans som skal vera serskild nøytral og ikkje må visa nokre som helst religiøse symbol, og den kan eg til ein viss grad kjøpa. Men, kva då med lærarar, journalistar, helsepersonell, juristar? Dei er jo også yrkesgrupper som vert avkrevd nøytralitet. Eg er redd at dersom ein godtar denne argumentasjonen om at politiet er så veldig spesiell og at religiøse symbol må vera forbode så vil dei same argumenta seinare verta brukt på andre yrkesgrupper og samanhangar. Slik mellom anna denne artikkelen i VG frå oktober så illustrativt viser. Hijabforbodet er allereie på veg inn i retten også.
Dersom hijabforbodet sprer seg inn på den eine arbeidsplassen etter den andre endar ein opp med i praksis eit arbeidsforbod for mange muslimske kvinner.
Sjølv er eg ateist og har over hodet ikkje noko spesiell sans for religiøse symbol, men eg respekterer at andre har ei tru eg ikkje klarer å skjøna.
I tillegg tykkjer eg hijab både som religiøst og kulturelt symbol er like teit og undertrykkande som at norske kvinner skiftar identitet når dei gifter seg ved å skifta etternamn.
Trass i det kan ein ikkje tillate at ein endar opp med eit arbeidsforbod grunna rasistisk moralisme.

søndag 10. januar 2010
Ingen kommer undan politiken, Marie Bergman
Tid for heltinner.
søndag 3. januar 2010
Og feitare skal ein bli
Tradisjonen tru så skulle eg byrja det nye året med ein smule sunnare livsstil - mellom anna unngå for mykje frotsing. I går var eg på kino og valde då ein liten popkorn og farris. Det skulle jo vera greit. Når eg då kjem til kassa så seier ho som står der; "du får ein medium til same prisen". "Javel, seier eg, men eg vil ikkje ha ein medium". Ho ser faktisk litt snurt ut. Så berre slenger ho ei lakrisstang oppi popkornet mitt. "Kva er det?", spør eg. "Det høyrer med til menyen". "Eg vil ikkje ha den", seier eg og hiver han ut. Då himler ho med augene, og eg kjenner meg som eit merkeleg vesen som ikkje veit å utnytta alt det eg kan få gratis. Veninna mi kjøpte same meny i ei anna kasse, men fekk ikkje det same presset om å auka kaloriinntaket. Ho er då også betydeleg slankare enn eg og såg kanskje ut som ei som alltid berre har tatt ein liten popkorn, og ikkje som ei som hadde innført det som nyårsforsett. Kva veit eg. Den andre veninna mi fekk påpress om å kjøpa to sjokolader i staden for ein for du kunne få to for 30 i staden for ein for 20.
Det er her bror min er mykje smartare enn eg. Eg har ein tendens til å gå på slike ta to til 30 i staden for ein til 20 av di eg innbiller meg at eg sikkert kjem til å eta den andre på eit tidspunkt uansett. Dei gjer eg sjølvsagt - og det mykje før enn om eg berre hadde kjøpt ein i slengen. Mest truleg et eg også dobbelt så mykje sjokolade. Bror min messer i staden far min sine ord "penger spart er penger tjent" og seier som sant er at han har ikkje lyst på meir enn ein sjokolade.
Folk vert feitare og feitare og nesten ingen klarer å halda på nyårsforsetta sine, og det er ikkje det spøtt rart slik som handelsstanden peprar oss med "20% ekstra chips gratis" osv. Kvifor forsvann dei gamle 100g potetgullposane? No er det jo berre 250g igjen.
Frå no av skal eg heller prøve å sjå på det som eit kupp dersom eg har klart å kjøpa den minste utgåva til same pris som den store og tenkja på alle timane på SATS og dess like eg har spart.

mandag 30. november 2009
Selvopptatt tidsånd
Eg er jo litt treig mildt sagt med å lesa avisene mine så Klassekampen har ein tendens til å hopa seg opp på kjøkenbordet. I dag kom eg til 20. november. Der las eg artikkelen "Selvopptatt tidsånd".
Herleg lesing! Det er eit intervju med Nina Witoszek som som stilte seg bak Stueland og Nygårdshaugs kritikk av andre forfattarar som til dømes Karl Ove Knausgård og Tore Renberg for å vera navleskodande og mest opptatt av eiga oppvekst. Dette er ein del av dekadansen og vårt dekadente samfunn seier ho.
Mykje av den blogginga vi held på med kan vel også råkast av denne kritikken når vi går inn i den private og daglegdagse sfære.

Norge har oppnådd de mål de fleste andre samfunn fortsatt streber etter. Vi er velstående nok til at vi ikke trenger endring, men samtidig desillusjonert nok til å flykte fra det store prosjektet som handler om å gjøre verden til et bedre sted. Vi praktiserer empati, men den er rituell og risikofri, sier Witoszek, som tror det norske samfunnet trenger å oppleve en katastrofe for å klare å flytte interessen fra våre slumrende hverdagsliv og over på noe annet.Utruleg befriande at denne kritikken kjem. Eg klarer ikkje i mine villaste fantasiar å skjøna kva for interesse alle vi andre skal ha av å lesa seks bind om Knausgårds liv. Og her kjem det beste sitatet:
Vår vestlige verden er for tida uten brennende flammer. I stedet ligger den på sofaen og psykoanalyserer seg selv, sier Witoszek.
Mykje av den blogginga vi held på med kan vel også råkast av denne kritikken når vi går inn i den private og daglegdagse sfære.
onsdag 18. november 2009
Abort og den nye helsereforma i USA
USA har rett til sjølvbestemt abort, men tilgangen til abort er ikkje jamnt fordelt og god slik den er i Noreg. Den er i tillegg ikkje gratis, men koster ein god del pengar. Dersom du bur på dei to kystane er tilgangen god med eit utal av abortklinikkar å ty til. Bur du derimot sentralt i USA kan det henda at du må krysse statsgrensa for å få abort. Då kostar ikkje berre prosedyren, men i tillegg reise og eventuelt opphald. Du risikerer også å verta utsatt for kraftig harassment frå abortmotstandarar når du skal entra klinikken.
Dette fører til at USA mellom anna har betydeleg fleire seine abortar enn vi har. I tillegg til dårleg seksualundervisning som gjer at folk kanskje oppdager seint at dei er gravide så må dei så skaffa pengar for å reisa til ein klinikk som vil utføra abort.
Frå 1995 har det også vore restriksjonar for kva den statlege helseforsikringa kan dekka i forhol til abort. Kravet til å få dekt abort er valdtekt, incest og fåre for mors liv. Det førte til at D.J. Feldman som diverre oppdaga at fosteret ho bar hadde anencefali - foster utan hjerne - ikkje fekk støtte frå si statlege helseforsikring. Eit barn utan hjerne vil dø ganske raskt etter fødsel. Ho fekk i staden eit krav på 9000$ frå forsikringsselskapet.
Den 7. november vedtok representantenes hus med 240-mot-194 eit forslag frå Bart Stupak, D.-Mich., som forbyr den nye statlege helseforsikringa å inkludera provosert abort.
Sjå veldig informativ artikkel i Dagbladet i dag av Astrid Meland.
Det er no fleire kampanjar på gang for å forhindra eit abortforbod i den nye helseforsikringa. Sjå denne reklamen frå Center for reproductive rights:

Abonner på:
Innlegg (Atom)