onsdag 20. januar 2010

In the air - abortkongress i Thailand


Korleis skal ein få 10 timar til å gå på flyet? Endeleg er eg på husmorferie til Thailand. Ein kjapp tur ned på tysdag heime igjen på laurdag. Så det startar jo bra at eg ikkje får sove noko på flyet og landar kl 06 om morgonen. Dei har lova å plukka meg opp med ”a limo”. ”Please look out for a representantive from the limoservice in green jacket” sto det i den siste eposten eg fekk frå kongressfolka. Skal ikkje stikka under ein stol at eg tykkjer det er litt spennande. Det er noko eige ved dette å verta plukka opp på ein flyplass av nokon som held ein lapp med namnet ditt på. Er redd North Face baggen min eigentleg ikkje passar heilt til det limo imaget, men det er praktisk å kunna bera tinga sine på ryggen. Ok då viste det seg at limo-service er ein fin drosje. Då professoren frå San Fransisco og eg påsto at vi kunne køyra i same bile så vende dei berre det døve øyret til og vi var tvunge til å sitja i to separate bilar. Og dette er i ein by der masse folk går rundt med munnbind - svineinfluensa eller forureining?

Eg har vorte invitert til å snakka på ein asiatisk abortkonferanse og skal presentera korleis Noreg har gått frå 100% kirurgiske abortar til over 50% medikamentelle på 10 år. Vi hadde besøk på Haukeland for nokre år sidan av dei som no arrangerer kongressen. Det internasjonale abortmiljøet er ikkje veldig stort så eg veit eg kjem til å møta kjende.


På vegen har eg allereie klart å sjå tre filmar oops fire. Det starta veldig bra med Julie and Julia der Meryl Streep speler Julia Child som var USA sin versjon av Ingrid Espelid. Ho var ein karakter i seg sjølv og introduserte det franske kjøken til USA. Ein fin film om ei flott dame som var noko for seg sjølv. Meryl Streep imponerte som vanleg og har også fått ein Golden Globe for rolla. Filmen bygger på bloggen The julie/julia project. På vegen har eg også site og skrive på min evige medisinske artikkel. Det er ei evig reprise å revidera den artikkelen, men vonleg skal vår møye snart bera frukter. Lot meg identifisera med den godeste Julia der. Ho fekk stadig manuset til den franske kokeboka si i retur med spørsmål om ho ikkje kunne endra den slik eller sånn. Nett der føler eg at eg er også. Båe to har vi dessutan vener og støttespelarar som er veldig optimistiske på våre vegne. No tør eg ikkje å tru på noko før artikkelen er akseptert.




Eg elskar romantiske komedier så difor fann eg sjølvsagt raskt dei to eksempla i menyen. Dette er heldigvis eit av dei flya der du har eigen skjerm og kan velja fritt frå ein stor meny av filmar. Så den neste filmen eg såg var Love happens med Jennifer Aniston. Det var ein slik halvegs drama film der heltinna hjelper helten med å overkoma eit personleg problem Han er veldig kjenslevar og har mista kona si i ei bilulukke for tre år sidan. Han var sjåføren og skuldar seg sjølv for ulukka. Så har han klisjeaktig nok lagt lokk på alt og skrive ei sjølvhjelpsbok om korleis du ikkje skal gjera det. Blæh, keisamt i grunnen.

Den siste filmen (trudde eg) var The ugly truth som er ein film som forsøker å læra kvinner korleis menn eigentleg er og korleis dei skal oppføra seg for å få menn til å be dei ut. Nett slik ”How to loos a guy in 10 days” og ”He is just not that into you”. Så her har vi ei superpen dame som er kontrollfreak og har klare krav til korleis draumemannen skal vera og ein macho mann som fortel ho at ho gjer alt feil. Han skal læra ho korleis ho skal få mr right (ein lege sjølvsagt) til å falla for ho. Ho hater denne ”neandertalen” av ein mann (altså han som skal hjelpa ho), men det er ein deal for å verta kvitt kvarandre. Dei er nemleg kollegaer. Til slutt ender det sjølvsagt i senga med dei to og siste replikken etter at dei tydelegvis har hatt sex er ”was it really that good or are you fakeing it?” Kor på ho sjelmskt svarer;” you will never know the truth”. Moralen er altså fake orgasme damer så har i alle fall ein av partane fått full pott.

Den siste filmen vart Motherhood med Uma Thurman og Minnie Driver. Litt vel klisjeaktig om kor travelt ein har det når ein vert mor. Mødre gjer alt mens fedre berre gjer noko som dottera seier. Manglande sexliv, trong økonomi, utblåst hjerne osv og med ynskje om å verta sett for den sexy og interessante kvinna ein ein gong kjende seg som. Dette er middelklasseintellektuellevenstresidefolk som bur i leiligheit i Greenwich Village i eit hus som er husleieregulert så dei er eigentleg "fattige". Ja, de skjønar vel teikninga. Litt over the top spør du meg. Eg kjenner meg i alle fall ikkje igjen - enno, men så er jo eg heime i morspermisjon......

Ingen kommentarer: