torsdag 21. januar 2010

Rapport frå abortkonferansen i Thailand

Eg er som eg tidlegare har bekjent på husmorferie også kalla viktig konferanse. The first international Congress on Women§s health and abortion i Thailand.

Det er heilt sørgeleg å høyra kva folk slit med rundt om kring. På nytt og på nytt vert eg påmint kor heldige vi er. Vi er ein heil generasjon som ser på abort som ein sjølvsagt rett utan at anti- choice grupperingar plager oss med åtak og heslege bilder. Det er ei utruleg stor gåve.

I tillegg er vi heldige som ikkje møter for mange skjer i sjøen når det gjeld å betra aborttilbodet.

Mine vener i women on waves fortel at dei mellom anna har problem med å tilby medikamentell abort ut over 7 veker i Nederland av di abortklinikkane ikkje vil opna for det. Dei har operasjonssalane og personalet på plass og ville tapt pengar dersom dei gav kvinnene eit billegare tilbod gjennom medikamentell abort. Det er pinleg å tenkja på at det ofte er legar og pengegriskheit som står i vegen for medisinske framsteg.

I USA er det slik at sjølv om abort er lovleg så er det nesten ikkje tilgjengeleg i store delar av USA. Kvinner i desse delane av USA som skulle finna på å nytta misoprostol på eiga hand kan verta rettsleg dømde av di dei ikkje har fått det på ein klinikk. Men no finst det visst nok nye moglegheiter via telemedisin. Det skal finnast ein Family Planning Clinic som sjølv ikkje har lege, men der ein via ein skjerm kan sitja ansikt til ansikt med ein lege som kan trykka på ein knapp slik at ei skuff opnar seg der du sit. Når legen då seier; "no kan du ta tabletten" så har behandlinga vore instituert og supervisert av lege så då skal det kunne vera lovleg. Dei har sannsynlegvis mange rettssaker og kreative løysingar å sjå fram til.

Vel, vel, eg får kvila eller gå ut for litt massasje før the Presidential dinner.

Ingen kommentarer: