søndag 3. januar 2010

Og feitare skal ein bli

Tradisjonen tru så skulle eg byrja det nye året med ein smule sunnare livsstil - mellom anna unngå for mykje frotsing. I går var eg på kino og valde då ein liten popkorn og farris. Det skulle jo vera greit. Når eg då kjem til kassa så seier ho som står der; "du får ein medium til same prisen". "Javel, seier eg, men eg vil ikkje ha ein medium". Ho ser faktisk litt snurt ut. Så berre slenger ho ei lakrisstang oppi popkornet mitt. "Kva er det?", spør eg. "Det høyrer med til menyen". "Eg vil ikkje ha den", seier eg og hiver han ut. Då himler ho med augene, og eg kjenner meg som eit merkeleg vesen som ikkje veit å utnytta alt det eg kan få gratis.  Veninna mi kjøpte same meny i ei anna kasse, men fekk ikkje det same presset om å auka kaloriinntaket. Ho er då også betydeleg slankare enn eg og såg kanskje ut som ei som alltid berre har tatt ein liten popkorn, og ikkje som ei som hadde innført det som nyårsforsett. Kva veit eg. Den andre veninna mi fekk påpress om å kjøpa to sjokolader i staden for ein for du kunne få to for 30 i staden for ein for 20.

Det er her bror min er mykje smartare enn eg. Eg har ein tendens til å gå på slike ta to til 30 i staden for ein til 20 av di eg innbiller meg at eg sikkert kjem til å eta den andre på eit tidspunkt uansett. Dei gjer eg sjølvsagt - og det mykje før enn om eg berre hadde kjøpt ein i slengen. Mest truleg et eg også dobbelt så mykje sjokolade. Bror min messer i staden far min sine ord "penger spart er penger tjent" og seier som sant er at han har ikkje lyst på meir enn ein sjokolade.


Folk vert feitare og feitare og nesten ingen klarer å halda på nyårsforsetta sine, og det er ikkje det spøtt rart slik som handelsstanden peprar oss med "20% ekstra chips gratis" osv. Kvifor forsvann dei gamle 100g potetgullposane? No er det jo berre 250g igjen.

Frå no av skal eg heller prøve å sjå på det som eit kupp dersom eg har klart å kjøpa den minste utgåva til same pris som den store og tenkja på alle timane på SATS og dess like eg har spart.

Ingen kommentarer: