mandag 11. januar 2010

Vi måste höja våra röster - og veldig forseinka hijabinnlegg

Eg er på mimrestadige for songar for tida. Det byrja med Marie Bergman og så byrja eg å sjekka om eg kunne finne nokre andre av dei gamle 70-talsfeministsongane. Då fann eg denne. Bra bildemix i tillegg til at det er mimring på gang.



På bildene er det stort sett kvinner med hijab og då kom eg jo på hijabdebatten frå i vår.

Eg er framleis grundig ueinig i at ein skal ha hijabforbod nokon som helst plass i samfunnet. Det finst mange argument for at politiet liksom er ein spesiell instans som skal vera serskild nøytral og ikkje må visa nokre som helst religiøse symbol, og den kan eg til ein viss grad kjøpa. Men, kva då med lærarar, journalistar, helsepersonell, juristar? Dei er jo også yrkesgrupper som vert avkrevd nøytralitet. Eg er redd at dersom ein godtar denne argumentasjonen om at politiet er så veldig spesiell og at religiøse symbol må vera forbode så vil dei same argumenta seinare verta brukt på andre yrkesgrupper og samanhangar. Slik mellom anna denne artikkelen i VG frå oktober så illustrativt viser. Hijabforbodet er allereie på veg inn i retten også.

Dersom hijabforbodet sprer seg inn på den eine arbeidsplassen etter den andre endar ein opp med i praksis eit arbeidsforbod for mange muslimske kvinner.

Sjølv er eg ateist og har over hodet ikkje noko spesiell sans for religiøse symbol, men eg respekterer at andre har ei tru eg ikkje klarer å skjøna.

I tillegg tykkjer eg hijab både som religiøst og kulturelt symbol er like teit og undertrykkande som at norske kvinner skiftar identitet når dei gifter seg ved å skifta etternamn.

Trass i det kan ein ikkje tillate at ein endar opp med eit arbeidsforbod grunna rasistisk moralisme.

Ingen kommentarer: