søndag 15. april 2012

Kunst til kamp mot kjønnsleppekirurgi


Dette kunstprosjektet må vera eit av dei flottaste på lenge. Eg skulle i alle fall gjerna ha sett det. Ein skulptur med 400 gipsavtrykk av ulike vulvaer med mål om å visa kvinner og menn korleis ein vulva verkeleg ser ut og med det gå til åtak på kjønnsleppekirurgien.

Som gynekolog møtet eg av og til kvinner som meiner dei har for store kjønnslepper. Dei er alle sjølvsagt heilt normale å sjå til. Eg har skrive om dette tidlegare Plagsame kjønnslepper der eg mellom anna kritiserer NRK for å visa programmet "Pinlege sjukdomar" som opererer på friske kjønnslepper og understøtter vrangforestillinga om at kjønnslepper skal vera under ein viss storleik. I tillegg har eg vist til kvinde kjenn din kropp og kussomaten som har hatt same agenda som denne utstillinga ved å ta bilete av vanlege underliv.

Bladet Alt for damene har skrive ein artikkel om intimkirurgi med bakgrunn i denne utstillinga. Eg finn det i grunnen litt sjokkerande at ein skal behandla folks dårlege sjølvbilete ved å kutta i underlivet deira. I staden er dette kulturprosjektet som tar opp kampen mot pornonormifiseringa av underlivet som utgangspunkt for kunnskap om kva som er normalt.

søndag 8. april 2012

Tøff australsk gynekolog set jobb på spel for kvinners rettar



Adrienne Freeman er australsk og gynekolog i Brisbane. Ho har vore lege sidan 1972 og gynekolog sidan 1982. I 2010 annonserte ho at ho ville opna ei nettside som ga informasjon om korleis å utføra medikamentell abort heime.

"The website simply makes already published knowledge available in one place - particularly for women in remote and regional areas, where there is nowhere for them to turn to."

Dette var som ein reaksjon på at ei ung kvinne Tegan Leach på 20 år i Cairns vart stevna og måtte for retten under påstanden om at ho hadde forsøkt å framskunda sin eigen spontanabort ved hjelp av misoprostol som ho skulle ha importert frå Ukraina. Dei vart heldigvis frikjende.



Så vidt ein veit er det einaste tilfellet der nokon har vorte tiltalt for brot på abortlova i Queensland som er frå 1899. Ein treng ikkje å vera gravid for å verta tiltalt i følge denne lova. Sjekk Pro Choice QLD for meir info om abortlova i Queensland som er den eldste i Australia og arbeidet for å endra den. Tilgangen til abort er god for dei som har pengar og bur i sentrale strok. Det er stort sett private klinikkar som utfører abort. Berre 1% vert utført innafor det offentlege helsevesenet. Prisane varierer mykje frå 400 AUD (2400 NOK) og oppover.

abortion is understood
to be legal if it is performed a) to save
a woman’s life, or b) to prevent serious
harm to her physical or mental health.
It should be noted that rape, incest and
the diagnosis of severe fetal anomaly
are not grounds for a legal abortion
in Queensland, except insofar as the
threat they pose to a woman’s mental or
physical health.2 Neither are exceptions
granted for economic or social reasons,
despite these exceptions existing in other
Australian states.
Då ho starta nettstaden var ho også under tiltale for i2003 å ha hjelpt ei kvinne i prostitusjon til å utøfra ein medikamentell abort i 19 veke heime. 

Det er uvisst for meg om nettsida til Adrienne Freeman i det heile fekk sjansen til å vera oppe over lengre tid. Den er ikkje å finna no. I staden finn ein andre sider med tilnærma same tittel som gir grovt missleiande og usann informasjon om medikamentell abort.

No er ho under åtak frå regionale myndigheiter som trugar med å forby ho å praktisera som lege under påstand om at ho som helsepersonell har kome med informasjon ho ikkje har vitsakpleg dekning for.

The Board alleges Dr Freeman engaged in professional misconduct or unprofessional conduct in posting certain material on the website... "(The Board) alleges Dr Freeman presented the material as expert medical advice, without referring to relevant professional guidelines." 
Det har enno ikkje fallt dom i saka.

Adrienne Freeman er eit godt døme på helsepersonell som set sin eigen jobb og omdøme på spel for å trygga kvinner sine rettar.

For meir informasjon om abort i Queensland kan de sjekka Children by choice.





onsdag 4. april 2012

Nye sjansar for sjølvbestemt abort i Uruguay

I 2008 vedtok både senatet og camera de los diputados (eg har ikkje omsetjinga) å lovebestemma sjølvbestemt abort i Uruguay, men dåverande president nytta vetoretten sin og sørga med det for å stogga lova. I 2010 var det nytt val og ein fekk ein ny president José Mujica som har lova å ikkje nytta vetoretten sin dersom lova vert godkjend i båe kammer på nytt. 27 desember 2011 godkjende senatet lova og i desse dagar skal lova opp til vedtak i camera de los diputados.  63% av befolkninga er for lova om sjølvbestemt abort så no krysser vi fingrane.

Ein antar at det vert utført ca 30000 illegale abortar i året i Uruguay og berre mellom 28. februar og 19. mars veit ein om to dødsfall på bakgrunn av utrygge abortar.

Forkjemparane i Uruguay har jobba systematisk og godt i mange år. All honør til dei.


torsdag 22. mars 2012

Bad romance - feministcoverlåt

Storkoste meg over denne musikkvideoen og teksten frå soomopublishing. Den må berre delast. Så sjå og nyt.


onsdag 22. februar 2012

Allmennlegar har ikkje reservasjonsrett mot abort


Lova er heilt klår på dette. Ho gir berre reservasjonsrett til helsepersonell frå å utføra inngrepet eller assistera i den direkte utføringa av inngrepet. Ingen har rett til å reservera seg frå å undersøka kvinna som søker abort eller frå å henvisa ho til behandling. At praksis har vore anleis er noko heilt anna. Det har vel for så vidt stort sett fungert på ein lempeleg måte for dei fleste abortsøkarar, men det har ikkje vore ein rett legane har.

Det har vore interessant å følga denne debatten etter at regjeringa gjorde det klårt at ein ikkje lenger vil tillata at allmennlegane ikkje følger lova. Strøm Eriksen seier at det er opp til dei lokale myndigheitene som arbeidsgjevar for den einskilde lege å handheva dette. Ei gruppe fastlegar som ynskjer å reservera seg snakkar om yrkesforbod. I bergen har Monika Mæland vore klar på at legar som ikkje ynskjer å henvisa til abort må finna seg noko anna å gjera. Les gjerne dette gode innlegget frå ein medisinstudent.

Noko av det interessante og positive for abortretten og oss kvinner er at klimaet så tydeleg har snudd. Eg veit ikkje kva desse allmennlegane trudde dei skulle oppnå ved å gå hard ut i pressa. Dersom dei hadde halde ein låg profil kunne dei kanskje halde fram med den praksisen dei alltid har hatt, men no dei har fått temaet på banen så har dei måtta stå i stormen. Og det har vore ein storm. Ein storm som denne gongen slår fast kvinnene sine rettar over samvittigheta til legane. Julie Brodtkorb (H) var mellom anna veldig tydeleg i Debatten på NRK når ho seier at i eit demokrati må alle følga dei lovene vi har vedtatt. Ein kan ikkje ha tillatelse til å bryta dei på eige samvittigheitsgrunnlag. Vi kan faktisk oppsummera at den massive haldninga i samfunnet i all hovudsak har vore at fastlegar som ikkje vil henvisa til abort må finna noko anna å gjera.

I tillegg gjeld dette at dei ikkje har rett til å reservera seg frå å skriva ut prevensjon eller å tilvisa til dømes lesbiske par til fertilitetsbehandling.

fredag 13. januar 2012

Papirlause har også rett til abort

Både sjokkerande og bra nytt å lesa i Aftenposten i dag. Det sjokkerande er at Ullevål nekta ei papirlaus kvinne som var gravid i veke 8-9 ein abort dersom ho ikkje betalte på førehand. Dei rekna ikkje behandlinga som å vera augeblikkeleg hjelp og såg seg difor ikkje forplikta til å hjelpa ho. Helsesenteret for papirlause som tilviste ho klaga dette inn for fylkeslege/Helsetilsyn som heldigvis seier at Ullevål ikkje hadde rett til å nekta kvinna abort.

Kvinna fekk abort ved Akershus universitetssykehus så ho fekk i alle fall den hjelpa ho skulle.

Konklusjonen til Helsetilsynet er:
- Helsetilsynet viser til den såkalte prioriteringsforskriften hvor det står at ”hvis vurderingen av pasienten tilsier at behandling bør gis innen tre uker, har pasienten rett til behandling”. Oslo universitetssykehus har rett i at pasienter uten lovlig opphold i landet – som hovedregel – selv skal dekke kostnadene ved behandlingen.
- Det er imidlertid etter gjeldende praksis ikke anledning til å kreve betaling for ”øyeblikkelig hjelp” eller "helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten som ikke kan vente”, sier fylkeslege Petter Schou.

Det skulle då tyda at alle som er gravide og som oppheld seg i Noreg har rett til gratis abort innan 12. veke.

Takk til Helsetilsynet og AHUS. Ullevål (OUS) burde skamma seg.

lørdag 26. november 2011

Norske medisinstudentars haldningar til abort

Medisinstudentane Gunn Helen Hagen og Christine Ødegaard Hage har gjort ein studie blant 1. års og 4./5. års-studentane ved dei fire medisinske fakulteta. Dette er publisert i Tidsskriftet for Den norske Legeforening. Funna viser at dei fleste er for sjølvbestemt abort. Studentane i Trondheim er mest liberale blant 1. årsstudentane (93,5%), medan studentane i Bergen har størst endring frå 1. til 4./5. år (77,7%-92,6%). På alle fakulteta auker andelen som er positive i løpet av studietida (84,7%-91,3%). Jentene er meir positive enn gutane 89,8% mot 83,0%.

Artikkelen viser til at dette er høgare enn i heile den norske befolkninga der andelen som er positive til abort er 76%.

Det overraskande er andelen som kunne tenkja seg å bruka reservasjonsretten 27,3%.

Nedanfor finn de hovudbodskapa til studien.

 

Hovedbudskap

  • De fleste medisinstudenter er for selvbestemt abort
  • Andelen som er tilhengere av selvbestemt abort, er høyere på slutten av studiet enn i starten
  • En betydelig andel av medisinstudentene kunne tenke seg å bruke retten til å reservere seg mot å delta i abortinngrep
  • De fleste medisinstudenter ønsker anledning til å se et inngrep under studiet