onsdag 10. februar 2010

Å velgast bort, men også å velgast til

Eg har nett sett "Viggo på lørdag" på nett-TV om Michael Nyquist (han som spelar i Stieg Larsson-filmane). Tittelen er "Jeg ble valgt bort" og omhandler det at han vart adoptert då han var barn og seinare har søkt etter sine biologiske foreldre.

Michael Nyquist si oppleving kring det å verta adoptert skal eg ikkje seia så mykje om av di det er hans personlege erfaring og liv. Eg reagerer på vinklinga i intervjuet.

Programmet fokuserer berre på det å verta adoptert bort og gløymer at ein faktisk også vert adoptert til noko. Det fokuserer berre på tapet og reproduserer med det den generelle tanken om adopsjon. Tanken om at adoptivforeldre er velgjerarar, men at dei aldri kan verta så glade i det barnet dei adopterer som i eit eigefødd barn. På nytt får vi biologiens klamme hand trykt ned over oss.

Sidan eg sjølv har adoptert eit barn så vert jo dette naturleg nok også personleg. Eg har jo i høgste grad vald ho og er hoppande glad for at eg får vera mora hennar. Inderleg håper eg også at ho skal veksa opp og tenka at ho ikkje i fyrste omgang har vorte "vald bort", men derimot hatt eit rikt og fint liv med nokon som er inderleg glad i ho. Og eg er ikkje noko velgjerar. Eg har ikkje gjort ei edel handling. Derimot hadde eg veldig lyst til å verta mor. Ikkje har eg berga ho bort frå noko heller. Viss ho ikkje hadde kome til meg så hadde ho kome til ein annan familie i Noreg.

Kunne kanskje Viggo vore litt nyfiken på korleis den delen av livet til MN har vore som han vart vald til?

Vi lever heldigvis i ei tid der den tradisjonelle familien er i oppløysing og folk finn ulike måtar å danna ein familie på. Vonleg gjer det at biologien kan mista litt av fokuset.

3 kommentarer:

Metu sa...

Så bra skrevet!
Sitter tilbake med akkurat samme tankene som deg. Fokuset blir ofte så feil, når adopsjon er ett tema.

Jeg forstår ikke hvor oppfattelsen om at adopsjon er ett andrevalg kommer fra. Som om at hvis man får ett biologisk barn senere, så er barnet som ble adoptert annenrangs?!
Jeg blir forbanna, lei meg og tar dette veldig personlig. Jeg har selv adoptert ei lita jente og er lei av på mange måter stadig bli satt i en bås jeg ikke vil være i.

broil sa...

Vi er alle redaktører i beskrivelsen av vårt eget liv. Om man definerer seg som heldig eller uheldig i livet, har mindre med hell å gjøre - og mer med holdning til det som rent faktisk har skjedd - vinkling. Du illustrerer dette i blogginnlegget. Jeg synes det er klokt, og tenker at din holdning er en verdifull ballast også for din datter!

Mette sa...

Takk for veldig hyggelege tilbakemeldingar. Til det du skriv broil så er eg einig med deg. Det er jo ofte ein ser at det er ikkje korleis du har det, men korleis du tar det som betyr noko i livet.

Her er eit intervju med Michael Nyquist i Dagbladet. http://www.dagbladet.no/2010/02/06/kultur/stieg_larsson/litteratur/forfattere/mikael_nyqvist/10273598/

Kanskje ville han ha gått 13 år i terapi uansett. Det får korkje han eller andre vita. Det er uansett hans oppleving og eg meiner å ha sett ein stad at ca 20-25% av barn som har vorte adoptert har behov for å søka etter bakgrunnen sin. Slik er vi forskjellige.

Det irriterande er berre når samfunnet skal påleggja deg ei sorg og eit behov for biologiske røter.