fredag 26. mars 2010

Parents = biologiske foreldre?

Har nett sett på Debatten på NRK frå i går som omhandla surrogatmødre. Der var det sjølvsagt mange ulike meininger. Noreg er ganske streng når det gjeld reproduktiv helse - altså det som omhandler forplantning. Mellom anna er det i følge den norske bioteknologilova ikkje lov til å setja ei anna kvinnes befrukta egg inn i din eigen kropp. Den aksepterer altså ikkje eggdonasjon.

I det heile så er lova ganske forankra i biologisk tilknyting og spesielt ei forherleggjering av morsrolla i den samanhang.

Det vart referert til FN's barnekonvensjon, og her kom det opp noko interessant. Overlegen i panelet (hugsar ikkje namnet, men han hadde opplagt norsk som framandspråk - amerikansk, tysk?) sa at i barnekonvensjonen står det ikkje noko om biologiske foreldre. Det står berre parents, sa han. Då kom både statssekretæren, Krf og bioteknologirepresentanten og arresterte han. Dei seier dei siterte den norske omsetjinga.

No har eg sjekka den opprinnelege engelske versjonen:


 Article 7 (Registration, name, nationality, care): All children have the right to a legally registered name, officially recognised by the government. Children have the right to a nationality (to belong to a country). Children also have the right to know and, as far as possible, to be cared for by their parents. 

Og så fann eg denne norske kortversjonen:
7. NAVN OG STATSBORGERSKAP Barnet har, umiddelbart etter fødselen, rett til navn og nasjonalitet, og så langt det er mulig, å kjenne til sine foreldre og få omsorg av dem.
8. IDENTITET Staten skal respektere barnets rett til å bevare sin identitet, herunder nasjonalitet, navn og familieforhold. Dersom et barn ulovlig blir fratatt slik identitet skal staten hurtig bistå med gjenopprettelse.
 
No lurer eg på kvar det står om biologiske foreldre....

5 kommentarer:

Lill sa...

Bra, Mette!!
Så debatten. Burde sikkert ikke si det høyt, men jeg blir litt fornøyd når spesielt Dagrun Eriksen og de andre krf`folka tar feil....God påske til deg og go`jenta:)

Solveig sa...

Herlig innlegg, Mette!

Ine sa...

Så den samme debatten, og merket meg det samme. Hadde tenkt å gjøre litt research selv for å finne ut hva som egentlig står om biologiske foreldre, men det slapp jeg gitt... Takk! :)

Anonym sa...

Jeg er helt enig at kvinner skal få donnere egg i like stor grad som at menn skal få donnere sæd, men denne debatten handler også om vi skal bruke store ressurser på at man skal sette inn sæd/egg i en annen kvinne. For hvis det ikke gjør noe om barnet er biologisk eller ikke, hvorfor kan ikke bare folk adoptere i istedenfor? Det er tusenvis av barn der ute som har rett på foreldre. De må vi ikke glemme. Så derfor bli kanskje debatten litt meningsløs?

Ingeborg H. Elgersma

Vaktsemd! sa...

Du spurde «kvar det står om biologiske foreldre». Her er svaret mitt:

I den norske utgåva stend det «å kjenne til» dvs «å vita om». Originalteksta har istaden «to know»/«å kjenna».

Dei er altso to alternativ
a) at teksta handlar om retten til «å kjenna» foreldra eller
b) at teksta handlar om retten til «å kjenna til» foreldra.

«Å kjenna til» kan vel gjerne lesast som ein meir snever rett til kjennskap til kva for ei mor og kva for ein far ein stammar ifrå. Soleis trur eg det er rom for å seia at det er dette som er grunnlaget for påstandet om at konvensjonen talar om «biologiske foreldre».

Ein rett til å kjenna foreldra er likvel mykje meir grunnleggjande enn ein rett til å kjenna til foreldra.

I norsk samanheng er jo retten til å kjenna til foreldra faktisk tolka slik at det er fyrst når barnet ikkje lenger er eit barn at det kan få vit kven foreldra er (eller kanskje eg skulle ha sagt «kven foreldra var»).

At retten til å kjenna foreldra skulle handla om ein rett til kjenna adoptivforeldra, rimar ikkje: Dersom barnet ikkje kjenner adoptivforeldra, då er det mykje som tyder på at det ikkje har gått føre seg nokon verkeleg adopsjon.