tirsdag 10. mai 2011

Heimeabort som tema på P2 i Ekko


I dag har eg vore på Ekko på P2  for å snakka om heimeabort. Utgangspunktet for diskusjonen i dagens program var eit program dei hadde laga der dei følgde ei ung kvinne som gjennomførte heimeabort. Dei følgde ho gjennom prosessen for å bestemma seg, på sjukehuset og i etterkant av aborten. Ho var ambivalent i forhold til å ta abort og opplevde heimeaborten som veldig smertefull.

Heimeabort vil sjølvsagt ikkje passa for alle, og eg meiner det bør vera frivillig.

Bakgrunnen for å innføra heimeabort var å gje også norske kvinner den fridomen til å kunne velja kor og saman med kven dei ynskte å vera når dei gjennomgjekk ein abort til liks med det ein kan elles i til dømes Skandinavia og Frankrike.

Ca 95% av dei som vel heimeabort er førnøyde med dette, og etter at vi innførte heimeabort i Bergen så har andelen av dei som tar heimeabort auka frå 30-70% blant dei som kan få heimeabort. Eg trur at dette skuldast at kvinners erfaringar med dette stort sett er gode trass i smerter og at dette sprer seg i befolkninga.

Her finn du podcasten til dette temaet. 10.05.11 "Abort alene".

2 kommentarer:

Gudrun sa...

Hei,

om du nokon gong skulle få bruk for det: eg hadde ei heilt grei oppleving med heimeabort i vinter, og kunne for den del godt ha snakka offentleg om det (som eg vel kanskje gjer nett no). Lukke til med den viktige jobben du gjer!

Mette sa...

Veldig kjekt å høyra at det var ei grei oppleving Gudrun. Eg har bitt meg merke i det siste :-).